"Digital inkludering i Europa" - Digin Europe

Vestland fylkeskommune er partnar i eit fire-årig EU-prosjekt om digital inkludering. Målet med prosjektet er gjere digitale tenester meir tilgjengleg og å redusere talet på Vestlandingar som oppleve digitale utfordringar.

Logo of the project and reference to interrreg Europe

Ei europeisk satsing for å redusere digitale skilnader

Digin Europe-prosjektet, får delfinansiering frå Interreg Europe-programmet. Prosjektet samlar seks europeiske regionar som er forplikta til å arbeide for å redusere digital ulikskap. Prosjektet blir koordinert av Bordeaux Métropole og omfattar lokale og regionale styresmakter frå Hellas, Polen, Spania, Noreg og Bosnia-Hercegovina, som samarbeider om å utvikle og prøve ut berekraftige løysingar for digital inkludering.

I lys av den pågåande digitaliseringa av offentlege tenester og samfunnet generelt, deler partnarregionane ei felles erkjenning: mange innbyggjarar – særleg dei mest sårbare – står framleis utanfor i denne overgangen. Digin Europe har som mål å gjere digital inkludering til ein drivkraft for myndiggjering og interregionalt samarbeid.

Mål: Forbetre offentlege politikkar for digital inkludering

Prosjektet byggjer på ein metode for interregional utveksling, med sikte på å identifisere beste praksis, tilpasse dei lokalt og til slutt endre offentlege politikkar.
Det har særleg som mål å:

"Forbedre offentlige politikkinstrumenter (planer, strategier og programmer) som kan bidra til at sårbare grupper i befolkningen får auka kunnskap om og betre tilgang til digitale tenester."

Delmål:

  • Styrke den digitale støtta til sårbare grupper i ulike typar av regionar, slik som i grisgrendte strøk og byer.
  • Fremme tilgangen til sysselsetting og entreprenørskap, samt til utdanning, helse og sosiale tenester.

Eit samarbeid mellom seks regionar: 

Deltakarane i prosjektet er:

  • Bordeaux Métropole (Frankrike) – Hovudpartnar
  • Region Attika (Hellas)
  • Rzeszów-regionen (Polen)
  • Provinsrådet i Badajoz (Spania)
  • Vestland fylkeskommune (Noreg)
  • Zenica-Doboj kanton (Bosnia-Hercegovina)

Kvar region arbeider med eit spesifikt politisk verkemiddel knytt til digital inkludering, tilpassa lokale behov: å nå nye målgrupper, digitale ferdigheiter for tilgang til arbeid, helse eller rettar, og støtte til dei mest sårbare gruppene.

Ein læringsbasert tilnærming

Prosjektet har ein læringsbasert tilnærming. Gjennom seks «DiginEurope-veker» som blir arrangert på omgang av kvar partnar arbeider vi med:

  • Tematiske verkstader, interregional læring og feltbesøk for å vise inspirerande praksisar.
  • Felles analyse av offentlege politikkar saman med lokale aktørgrupper (inkludert lokale styresmakter, sivilsamfunnsorganisasjonar, opplæringsaktørar, offentlege tenester osv.).
  • Utarbeiding av lokale vegkart for å tilpasse og integrere beste praksis i kvart territorium.
  • Ein oppfølgingsfase der partnarane observerer konkrete effektar av politiske endringar gjennom undersøkingar, tilbakemeldingar og implementeringstiltak.

Konkrete resultat for territoria

  • Betre inkludering av digitalt utsette grupper i lokale strategiar.
  • Nye former for samarbeid mellom institusjonar, aktørar og innbyggjarar.
  • Utvikling av lokale politikkar for å integrere, styrkje eller fornye digital inkludering.
  • Konsolidert kunnskap og kapitalisering på europeisk nivå.

I Vestland er vi iferd med å opprette faggruppe som møtes fleire gonger i året. Her deltar mellom anna representantar for kommune og innbyggartenester, representantar for bank og finans, og forskarar.  

Ei europeisk drivkraft for inkludering

Digin Europe viser korleis europeiske territorium kan samarbeide om ei felles utfordring: å sikre ein rettferdig, inkluderande og berekraftig digital overgang. Prosjektet går frå mai 2025 til juli 2029, med eit totalbudsjett på 1,47 millionar euro, del-finansiert av EU gjennom Interreg Europe-programmet.

Logoes of the participating public organisations