Styrka marin innsats i Vestland
Korleis kan vi styrke verdiskapinga innan akvakultur samtidig som vi reduserer avtrykket på klima, miljø og naturmangfald?
Det er noko av det prosjektet styrka marin innsats arbeider for å finne svar på.
Samarbeid
Det er mange aktørar som arbeider godt med å løyse sentrale utfordringar innan akvakultur, i ei tid med styrka merksemd på miljø, naturmangfald og klima. Vestland fylkeskommune ser at vi kan lukkast betre om vi samarbeider tettare i arbeidet med å løyse desse kompliserte problemstillingane. I det treårige prosjektet skal dei mange aktørane frå offentleg verksemd, næringsliv og kunnskapsmiljøa samarbeide tettare for å lukkast i arbeidet med å skape meir verdiar, samtidig som det skal gi mindre avtrykk på omgjevnadane våre.
Overordna mål
Den styrka marine innsatsen femnar først og fremst om problemstillingar innan berekraftig akvakultur og verdikjeda kring akvakultur. Det overordna målet med innsatsen er å legge til rette for ei styrka verdiskaping innan akvakultur i Vestland, samstundes som det blir lågare avtrykk på klima, miljø og naturmangfald. I tillegg er det viktig at innsatsen bidreg til at vi når miljømåla etter vassforskrifta. Vi må og drive akvakultur på ein berekraftig måte i tråd med EU sin taksonomi for berekraftige økonomiske aktivitetar (klassifiseringssystem som angir kriterium for kva aktivitetar som kan reknast som berekraftige).
Seks innsatsområde
For å få til den ønska utviklinga må vi saman gjere vårt for å vere med å løyse utfordringane innan mellom anna arealbruk, lus, rømming, berekraftig fiskefôr, slam og andre avfallsressursar, fiskehelse og fiskevelferd. I dette prosjektet har vi forma seks innsatsområde som skal medverke til den ønska utviklinga:
- God planlegging og oppdaterte arealplanar
- Kompetanse og rekruttering
- Forsking og utvikling
- Møteplassar og nettverk
- Påverknad av rammevilkår
- Ressursutnytting og verdikjeder
Organisering
- Prosjekteigar og oppdragsgivar: Bård Sandal, avdelingsdirektør næring, plan og innovasjon
- Prosjektansvarleg: Endre Høgalmen, seksjonssjef naturressursar, landbruk og reiseliv
- Prosjektleiar: John Anton Gladsø
- Prosjektmedarbeidarar: Knut Martin Karlsen og Silje Vindenes
- Styringsgruppe: Vestland fylkeskommune, Mattilsynet, Fiskeridirektoratet, Havforskningsinstituttet, Sjømat Norge, Sjømatbedriftene og Innovasjon Norge (justeringar kan komme)
- Prosjektgruppe: Vestland fylkeskommune, Mattilsynet, Fiskeridirektoratet, Sjømat Norge og Innovasjon Norge (justeringar kan komme)
- Observatør: Statsforvaltaren
- Eksterne ressursar: Representantar frå næringa, forskingsinstitusjonar, akademia og interesseorganisasjonar
Seminar
Tilskotsseminar Flesland 6. februar 2024
- Velkomne til tilskotsseminar - berekraftig sjømatproduksjon i Vestland (pdf)
- Startkultur for fermentering av tare - ved låg temperatur (pdf)
- Sirkulære eksempel på sjømatproduksjon (pdf)
- Opplevd smittepress av lakselus for laksesmolt og sjøaure (pdf)
- Nye metodar for observasjon av sjøåtferd og -vandring hjå vill postsmolt (pdf)
- Korleis kan akvakulturnæringa kome ut av "Raud sone" (pdf)
- Frå raud til grøn kyst (pdf)
- FORREGION Vestland - berekraftig sjømatproduksjon i Vestland (pdf)
- Årsklassestyrke - anadrom fisk i Vestland fylke (pdf)