Søk om løyve til å drive akvakultur
Vestland fylkeskommune har ansvar for å koordinere og tildele søknadar om akvakulturløyve. Dette gjeld løyve om oppdrett av alle artar som laks, aure og regnbogeaure, skjel, skaldyr og algar på sjø og land.
Laks, aure og regnbogeaure
Konsesjonar til laks, regnbogeaure og aure blir tildelt frå Nærings- og fiskeridepartementet, men utløyser behov for melding eller lokalitetsklarering av fylkeskommunen. For særløyve, slik som visningskonsesjon, undervisningskonsesjon og FoU-konsesjon må du søke til Fiskeridirektoratet, men lokalitetsklarering vil i etterkant klarerast av fylkeskommunen.
Landbasert oppdrett av laks, aure og regnbogeaure
Frå 1. juni 2016 vart laksetildelingsforskrifta, akvakulturdriftsforskrifta og forskrift om løyve til akvakultur av andre arter enn laks, aure og regnbogeaure endra. No opnar regelverket for ei løpande tildeling av løyver til landbasert akvakultur med laks, aure og regnbogeaure. Søknader om landbasert akvakultur skal sendast til fylkeskommunen, og du treng ikkje betala vederlag for løyvet.
Andre marine artar
Akvakultur av andre marine artar er regulert i eiga forskrift og omfattar andre fiskeartar enn laks, aure og regnbogeaure samt akvakultur av blautdyr, krepsdyr, pigghuder og tare. Løyve til denne type akvakultur vert gitt av fylkeskommunen.
Krav til søknad
Alle punkt i søknaden skal fyllast ut. Søkjar har ansvar for at søknaden inneheld alle naudsynte opplysingar. Ufullstendige søknader forsinkar søknadsprosessen og kan bli returnert til søkjar. Søkjar må syte for at søknaden blir lagt ut til offentleg innsyn og kunngjort.