foto av gamal bok
PÅ PENSUM: Kan ein lage eit undervisningsopplegg av berre ei bok? Svaret er ja! Her ser vi Magnus Lagabøtes landslov, Gulatingsversjonen. (Foto: Nasjonalbiblioteket)

No kan skular sette Landslova på timeplanen

Høgskulen på Vestlandet har i samarbeid med Bymuseet i Bergen utvikla eit undervisningsopplegg om Landslova for grunnskulen. Alle skular i Vestland fylke får og tilbod om gratis omvising i landslovutstillinga på Bryggens Museum.

Undervisningsopplegget er orientert etter dei sentrale verdiane og kompetansemåla etter 7. og 10. trinn av læreplanen i samfunnsfag og er konkretiserte til klare undervisningstema.

Undervisningsopplegget for 5.-7. trinn er:

Tema for 5.-7. trinn er:

 

Undervisningsopplegget for 8.-10.trinn er:

Tema for 8.-10. trinn er:

Elevtekstane omhandlar emna rikdom og makt, gruppetilhøyrsel, rivaliserande grupper, og sjølvtekt versus rettsorden i lys av norsk mellomalder, medan refleksjonsoppgåvene er knytt til tema i vår tid.

Skulebesøk i landslovutstillinga 

Frå september 2024 til april 2025 kan elevane besøke utstillinga Magnus Lagabøtes landslov 750 år. Undervisningsmateriellet kan då nyttast til for- eller etterarbeid. Tilbodet er gratis  for alle skular i Vestland fylke. For grunnskulen kombinerer tilbodet omvisning, gruppearbeid og taktile opplevingar, med verkstad der alle får teste fjørpenn og blekk på pergament. For vidaregåande skular er tilbodet utan verkstad, men med meir fokus på samtalar og diskusjon. Meir informasjon om skulebesøk og påmelding finn du på bymuseet.no

I fotspora til Magnus – med 3D

Som ein del av opplegget kan elevane vandre gjennom Magnus Lagabøte sitt Bergen, anten med hjelp av appen fotspor på mobiltelefonen                   (delingskode: JMNBP) eller i ein heildigital 3D-versjon for klasserommet, dersom klassen ikkje kan reise til Bergen.

Undervisningsfilm

Ein undervisningsfilm med kort bakgrunnsinformasjon om Noreg på 1200-talet passar for alle trinn, og kan brukast uavhengig eller som introduksjon til eit klasseromsopplegg. Du finn filmen på Høgskulen i Vestlandet sin youtube-kanal

Kan ein leike seg til kunnskap?

Det er i alle fall verd eit forsøk! I dei siste åra har pen-and-paper-rollespel vorte veldig populære. Også i skular og museum har ein byrja å bruke dei i formidlinga. I samarbeid med rollespeleklubben «Grip Terningnen» har vi laga eit rollespeleeventyr som passar ypparleg til å fylle dei siste skuledagane før ferien med noko fagleg innhald. 
Her hjelper elevane kongen i ei fiktiv verd laga av element av norsk mellomalder og folkeeventyr å finne ei stolen lovbok. Ved sida av lærar elevane om sosialorden og strafferett i mellomalderen.

Vestland fylkeskommune logo Bergen kommune logo Universitetet i Bergen logo Bymuseet logo
Statsforvaltaren i Vestland logo Den norske kyrkja logo Høgskulen på Vestlandet logo Moster 100 år logo