Støtte til nyproduksjon
I anledning Utvandrarjubileet 2025 kan profesjonelle kunst- og kulturtilbydarar søkje om støtte til å utvikle nye produksjonar som er knytt til tematikken for jubileet, og basert på historisk kjeldemateriale frå Vestland.
Produksjonar som får produksjonsstøtte skal turnere i Vestland, i samband med Den kulturelle skulesekken (DKS), Den kulturelle spaserstokken (DKSS) og andre fylkeskommunale arrangement.
Vestland fylkeskommune ønskjer å stimulere til at Utvandrarjubileet 2025 vert markert kringom i Vestland fylke. Vestland fylkeskommune har slutta seg til visjonen for den nasjonale markeringa: Å synleggjere norsk utvandring som ein viktig del av nyare norsk historie, og korleis utvandringa kan skape forståing for integrering og fellesskap i det norske fleirkulturelle samfunnet.
Målet for fylkeskommunen sitt engasjement er mellom anna å løfte fram den rike kultur- og migrasjonshistoria i Vestland, og å bidra til tilhøyrsle og inkludering i Vestlandssamfunnet ved å formidle dei lange linjene i inn- og utvandringshistoria frå fylket.
Utlysinga av produksjonsstøtte er eitt av verkemidla til fylkeskommunen for å nå desse måla.
Overordna mål for Den kulturelle skulesekken og Den kulturelle spaserstokken
Fylkeskommunen ynskjer å få fram produksjonar som har høg kvalitet både kunstfagleg og formidlingsfagleg.
Den kulturelle skulesekken (DKS) er ei nasjonal ordning som sørgjer for at alle skuleelevar i Noreg får oppleve profesjonell kunst og kultur kvart år. Gjennom ordninga får elevane høve til å oppleve, gjere seg kjend med og utvikle forståing for profesjonelle kunst- og kulturuttrykk. Kulturtilbodet skal vere av høg kvalitet, og vise heile breidda av dei seks kulturuttrykka: film, kulturarv, litteratur, musikk, scenekunst og visuell kunst.
Den kulturelle spaserstokken skal bidra til profesjonelle kunst- og kulturoppleveringar av høg kvalitet til personar over 67 år, der dei har kvardagen sin. Produksjonen skal vere tilpassa målgruppa både på institusjon og heimebuande
- Meir informasjon om Den kulturelle skulesekken på Vestland fylkeskommune sine nettsider: Den kulturelle skulesekken - Vestland fylkeskommune
- Meir informasjon om Den kulturelle spaserstokken på Vestland fylkeskommune sine nettsider: Den kulturelle spaserstokken - Vestland fylkeskommune
Tilskotssum
Ein kan søkje om inntil 300 000 kroner pr. produksjon.
Krav til søknad
Produksjonar som kan få produksjonsstøtte må
- vere basert på kjeldemateriale som dokumenterer utvandringshistorie frå Vestland
- ha tematikk knytt til visjonar og mål for markeringa i Vestland
- vere ein ny produksjon
- vere for ei målgruppe frå 8. trinn til 67+, særleg tilpassa DKS og DKSS
- kunne turnere i heile eller deler av Vestland
- kunne turnere i perioden vår og/eller haust 2025
- vere på nynorsk
- vere utforma innan eit eller fleire av utrykka i DKS
Det blir ikkje gitt støtte til reine skriftlege produksjonar eller reine føredrag.
Vestland fylkeskommune vil kunne gje råd om bevaringsinstitusjonar som forvaltar relevant historisk kjeldemateriale. Bevaringsinstitusjonane forvaltar historisk kjeldemateriale i ulike format, slik som brev, fotografi, musikk, livsminneintervju med meir. Aktuelle institusjonar er informerte om utlysinga av produksjonsstøtta.
Søknaden/prosjektskildringa må innehalde
Ei skisse som viser idé og det som er tenkt om innhald og form. I tillegg må det gå fram kva behov det er for økonomisk og fagleg støtte, og det må liggje ved ein framdriftsplan. Det må gå fram av søknaden kva periode som er aktuell for turnering.
Søknadsfrist
Søknadsfrist er 20.11.2024.
Søknaden skal sendast inn gjennom elektronisk søknadsskjema. Du kan leggje ved vedlegg til søknaden.
Sakshandsaming og vedtak
Sakshandsamingstida er 4-5 veker.
Forvaltningslova ligg til grunn for all søknadshandsaming i Vestland fylkeskommune. Ei tverrfagleg arbeidsgruppe ved avdeling for kultur og folkehelse førebur søknadane for handsaming, og vedtak er delegert til direktør kultur og folkehelse. Kvar søknad er eit einskildvedtak og innstilling skal grunngjevast i saksframlegget. Alle søkjarar skal få svar på sin søknad.
Rapportering
Tiltaket skal gjennomførast på den måten og i det tidsrommet som går fram av søknaden. Vesentlege endringar i prosjektet må meldast skriftleg til sakshandsamar for vurdering og godkjenning.
Tilsegnsmottakar skal rapportere og sende inn rekneskap innan tre månader etter at tiltaket er gjennomført, og seinast eitt år etter vedtak om tilskot. Rapporten skal innehalde rekneskap for prosjektet og ei skildring av korleis midlane vart nytta. Skildringa skal inkludere publikumstal der dette er relevant. 50% av tilskotet vert utbetalt ved tilsegn, og 50% etter at rapport og rekneskap er godkjend.
Fylkeskommunen har høve til å setje i verk kontroll med at midlar vert forvalta som føresett. Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha rett til dei dokumenta og opplysningane ein finn naudsynt for sin kontroll. Misleghald i bruk av tilskotet kan føre til krav om attendebetaling av heile eller deler av tilskotet, eller eventuelt andre sanksjonar.
Klage
Vedtak kan klagast på etter Forvaltningslova §28, som omhandlar klagerett for part eller anna person med rettsleg klageinteresse ved einskildvedtak. Søkjar kan klage på vedtaket innan ein frist på tre - 3 - veker. Fristen vert rekna frå den dagen søkjar tok imot melding om vedtaket.
Den fylkeskommunale klagenemnda er klageinstans. Ei klage må innehalde opplysningar om kva vedtak det vert klaga over, årsaka til at det vert klaga og kva endringar ein meiner bør gjerast. Klagen vert sendt til Vestland fylkeskommune.
Kontaktperson ved klage:
Elin Storøstevik
leiar - arkiv / kultur og folkehelse
- Ring 57638053
- E-post Elin.Storostevik@vlfk.no