Kultur og næring
Vestland fylkeskommune vil bidra til at kunstnarar og kulturaktørar kan bu og arbeide i regionen og leve av den kunstnariske verksemda si.
Kulturell og kreativ næring er ei samlenemning på næringsverksemd som er basert på kulturelle uttrykk som primært kommuniserer gjennom estetiske verkemidlar. Visuell kunst, musikk, scenekunst, litteratur, kulturarv, film, arkitektur, design, mote og dataspel går inn i denne næringa.
Det er eit uttal av aktørar innan kunst, kultur og kreativ verksemd i Vestland. Fylkeskommunen støttar dei gjennom kunstnarstipend og tilskot til prosjekt og tiltak, gjennom støtte til kunst og kulturorganisasjonar og til regionale bransjeorganisasjonar.
Fylkeskommunen støttar kunst- og kulturlivet i Vestland også gjennom kompetansebyggande tiltak som konferansar og gjennom rettleiing og anna samhandling med feltet. Det styrkar den økonomiske berekrafta, for den enkelte utøvar og for bransjane innan kulturell og kreativ næring.
Eigenverdien til kunsten er ein grunnleggjande premiss for kulturpolitikken. Samtidig kan kunst og kultur i ulike samanhengar også ha ein økonomisk verdi og spele ei økonomisk rolle. Det kan vere seg som vare og som sal av tenester, som innsatsfaktor i t.d. opplevingsnæringane, og som ein viktig del i lokal og regional utvikling.