Utviklinga av lokalhistoriske årbøker

Jan Anders Timberlid har, etter oppdrag frå tidl. Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, sett på utviklinga av lokalhistoriske årbøker i Sogn og Fjordane.

Interessa for lokalhistorie er sterk i Sogn og Fjordane. Det vitnar ikkje minst dei mange lokalhistoriske tidsskrifta som kjem ut i dei ulike kommunane og regionane, om. I denne artikkelen skal vi ta føre oss dei sogehefta, årbøkene og lokalhistoriske blada som har kome ut i dei tre regionane Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. På vel hundre år har dei ulike hefta kome ut meir eller mindre kvart år oppunder jul. Unntaket var dei fem krigsåra, 1940-1945, då det nesten var stans. I tillegg vil vi sjå på kva som har kome ut av slike publikasjonar i dei enkelte kommunar.[1]

Lokalhistoriske årbøker

Denne sjangeren inkluderer både dei eigentlege årbøkene og andre lokalhistoriske publikasjonar som kjem ut med jamne mellomrom. Dei fleste blir utgitte av lokale eller regionale historielag, somme av bygde- og regionsmuseum osv. På landsbasis var det i 2005 ca. 600 lokallag med i alt 100.000 medlemmer, og desse gav årleg ut om lag 300 årbøker og andre lokalhistoriske periodika, eit tal som har auka kraftig i den seinare tida. Medan det tidlegare var eit nokså typisk bygde- og distriktsfenomen, har rørsla også blomstra særleg sterkt i byane. Den kraftige auken på landsbasis skuldast mykje at det har vorte lettare og billegare å produsera og å gi ut slike skrifter. Årbøker er veleigna for samarbeid i historielag og gir synlege og publikumsretta resultat av aktiviteten der. Dei gjer det mogleg å publisera verdifullt stoff, gjerne frå amatørhand, materiale som elles ikkje ville ha funne rom i bygdebøker eller gjennom andre skrifter.

Fylkesomfattande årbøker

Dette var skrifter som dekka heile fylket og starta si utgiving i perioden frå 1970- til 1990-åra. Alle har gått inn, utanom Kjelda.

Oversikt over fylkesdekkande årbøker

Tittel Utgivar Periode for utgiving
Sogn og Fjordane Magasin Sogn og Fjordane Magasin A/S 1981-1989
Søkelys på Sogn og Fjordane Sogn og Fjordane distriktshøgskule 1982-1989
Kjelda Sogn og Fjordane fylkesarkiv 1992 –
Årbok for Sogn og Fjordane Selja forlag 1993-2017
Arkeo Universitetet i Bergen 1971-2002

 

Kjelda, som er det einaste eksisterande fylkesdekkande magasinet for historie, arkiv og kjelder, vert utgitt av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane (no Fylkesarkivet i Vestland). Årbok for Sogn og Fjordane, som kom ut i perioden 1993-2017, inneheldt ei oppsummering av det lokalavisene skreiv om livet i Sogn og Fjordane i året som hadde gått. Søkelys på Sogn og Fjordane, som kom ut i perioden 1982-1989, hadde som mål å formidla samfunnsfagleg forskings- og utgreiingsarbeid i fylket. I same tiår kom også Sogn og Fjordane Magasin ut, eit litteratur og lokalhistorisk magasin utgitt av ei gruppe med Åsmund Bertelsen frå Naustdal som ansvarleg redaktør. Arkeo var eit arkeologisk tidsskrift utgitt av Universitetet i Bergen i vel 30 år, frå 1971. Skriftet omfatta både Hordaland og Sogn og Fjordane, men hadde også med artiklar frå nabofylket i nord.

Dei regionale årbøkene

Det var i første rekke julehefta som dekka kvar sine regionar. Men det var også meir omfattande årbøker som kom ut i Nordfjord og Sogn.

Oversikt over dei regionale årbøkene

Tittel Utgivar Type Utgitt år
Jul i Nordfjord Firda ungdomslag, Nordfjord folkemuseum, Nordfjord sogelag Årbok 1936, 1940-1942, 1945-1946, 1952, 1956-1960, 1962-
Årbok for Nordfjord Nordfjord sogelag, Firda ungdomslag, Nordfjord folkemuseum Årbok 1951-1953, 1959, 1961, 1963, 1965, 1967, 1969, 1971, 1973, 1975, 1977, 1979, 1981 –
Jol i Sogn Sogn og Fjordane ungdomslag Årbok 1930-1933, 1935, 1938-1939, 1947-2001, 2008-2010, 2012-
Tidskrift Årbok for Sogn Historielaget for Sogn De Heibergske samlinger- Sogn folkemuseum Årbok 1910-1981 1982-
Jul i Sunnfjord Sunnfjord sogelag Sogn og Fjordane Ungdomslag Årbok 1926-1938, 1942, 1946-2014 2018-
Sunnfjordingen Sunnfjord sogelag Hefte 1925
Sunnfjord, tidskrift um Sunnfjord-soga Albert Joleik Hefte 1919, 1921, 1922

 

Sogeskrivar og forfattar Albert Joleik stod for eit kortvarig prosjekt: ”Sunnfjord : tidskrift um Sunnfjord-soga, segn og sed”, eit hefte som kom ut i åra 1919, 1921 og 1922.

Det var ein gjennombrotsfase for den lokalhistoriske rørsla i åra rundt 1920. På Vestlandet gjekk dei regionalhistoriske årbøkene føre med årbøker for Hardanger, Sunnmøre, Sogn og Voss, Sunnhordland og Rogaland, Nord- og Midt-Hordland, som alle kom ut før 1920.[2] Sogn fekk si første utgiving i 1910 med Tidskrift utgjeve av Historielaget for Sogn i samband med grunnlegginga av historielaget og oppstarten for Sogn Folkemuseum på Amla året før.[3] Men det eldste sogelaget fann ein i Nordfjord. Det vart skipa i 1908. Året etter kom altså Historielaget for Sogn, medan Sunnfjord Sogelag vart skipa i 1910. Nasjonalt vart Landslaget for bygde- og byhistorie skipa i 1920, noko som vart ein pådrivar for arbeidet mellom anna med utgiving av tidsskriftet Heimen som skulle vera ”eit samorgan for sogelagi og bygde- og byboknemndene”. Den andre regionale årboka i fylket, Årbok for Nordfjord, kom ut for første gong i 1951. Ho vart frå starten gitt ut av Nordfjord Sogelag saman med Firda Ungdomslag og Nordfjord Folkemuseum.

Desse to årbøkene er skrifter av ein noko annan karakter enn julehefta ved at dei har lengre artiklar. Julehefta, som starta utgivinga i 1920- og 1930-åra og er representerte i kvart sitt futedømme, kan karakteriserast å ha eit noko meir mangslunge stoff, både lokalhistorisk, skjønnlitterært og med forteljingar av ymse slag. Det eldste av desse er Jul i Sunnfjord som er heftet til Sunnfjord sogelag og som kom ut første gong i 1926. Med unntak av fire av dei fem åra under andre verdskrig, har heftet kome ut årleg fram til 2014. Då hadde bladet eit opphald til 2018. Lenge var bladet einerådande i området med denne typen innhald før det byrja å koma årbøker på kommunenivå. Frå 1980-åra og fram til 2014 stod Sunnfjord museum for utgivinga, frå 2018 er det Sogn og Fjordane Ungdomslag som har det redaksjonelle ansvaret.

Jul i Nordfjord vart første gong gitt ut i 1936, og har sidan den gong hatt ulike utgivarar. I 1936 var Erik Fønstelien Bokhandel i Måløy ansvarleg for berre denne årgangen. Frå 1940–1946 var Kolbein Sterke utgivar med redaktør K. Sølvberg i Stryn. Deretter låg heftet nede ei tid før Firda Ungdomslag tok til å gi ut heftet att i 1956. I perioden 2004–2016 stod Nordfjord Folkemuseum og Nordfjord Sogelag som utgivar med ei frittståande redaksjonsnemnd. Frå 2017 tok Nordfjord Folkemuseum igjen over det redaksjonelle ansvaret.

Jol i Sogn kom ut første gong i 1930 i regi av Sogn og Fjordane ungdomslag. I 1935 tok Sogn Ungdomslag over som utgivar. Etter årgangen 2001 stogga det på grunn av dårleg økonomi, men frå 2008 tok Sogn og Fjordane Ungdomslag opp att bladet,

Årbøker i dei enkelte kommunane

Når det gjeld årbøker/sogeblad på kommunenivå, er det først frå 1980-åra at desse byrja å koma ut regelmessig. Rett nok hadde det funnest ein del tidlegare variantar. Først ute var Sogndal med serien ”Heimbygdi vår” som kom ut med 11 nummer med ujamne mellomrom i perioden 1921 til 1974. Det var lærar Vilhelm Flugeim som stod for dei første ni, bøker som i praksis var oppstarten til ei gards- og ættesoge for sokna Stedje og Norum, men som også hadde med ein del kulturhistoriske emne. Årdal fekk lokale årbøker på slutten av 1950-åra med ”Jul i Årdal” frå åra 1957, 1958 og 1960 og Årbok for Årdal sogelag i 1950, 1952 og 1958. I 1992 starta Årdal sogelag å gje ut Årdal før og no. Balestrand hadde også eit forsøk tidleg i 1970-åra, men kom ikkje att før i 2016.

Oversikt over årbøker i dei enkelte kommunane i Sogn og Fjordane

Kommune Namn på årbok/sogehefte Periode for utgjeving
Askvoll  
  • Sogeskrift for Askvoll kommune
  • Sogehefte for Askvoll kommune
  • 1981, 1984, 1990, 1992-1999
  • 2000-2004, 2013-
Aurland Underdølen : Undredal bygdeutvikling 1994-
Balestrand  
  • Balestrand: gard og grend
  • Balestrendingen
  • 1973-1974, 1976
  • 2016-
Bremanger Gamalt frå Bremanger 1981
Eid Sogeskrift for Eid 1994–2004/2005, 2008, 2010-
Fjaler Fjaler 1998 –
Flora Flora-minne 2001-
Førde  
  • Sogeblad frå Førde kommune
  • Førde historieskrift
  • 1983-2007
  • 2008-
Gaular  
  • Sogeskrift for Gaular
  • Sogehefte for Gaular
  • 2009-2010
  • 2011-
Gloppen Ljøren 1999 –
Gulen  
  • Glimt frå Gulen
  • På flua (Brekke sogelag)
  • 1992, 1994, 1998, 2000
  • 2010-
Hornindal (no Volda/Møre og Romsdal) Historisk årsskrift 1985–1998, 2000-
Høyanger Årbok Høyanger 2011 –
Hyllestad  
  • Sogeskrift for Hyllestad kommune
  • Gluggen
  • 1976–1978, 1980, 1987, 2000-
  • 1996–2003
Jølster Jølst 1984–2013, 2016-
Leikanger  
  • Gamalt frå Leikanger herad
  • Systrendingen
  • 1977
  • 1993–
Luster Luster lokalhistorisk årbok 1994–1996/1997, 2000, 2002, 2011, 2016
Lærdal Are tie 2017-
Naustdal Sogeskrift for Naustdal 1990–
Selje Tidsskrift for sogelaget i Selje og Stad 2017-
Sogndal
  • Sogndal : heimbygdi vår
  • … so han sa ….
  • Dar breadn kalva (Fjærland)
  • 1921, 1923, 1926, 1932-1933, 1935, 1938, 1940-1941, 1948, 1974
  • 2000-
  • 1997-
Solund Solund sogeskrift 2001-2016, 2018-
Stryn
  • Stryn historielag
  • Årsskrift
  • Årbok
  • 1991-1993
  • 1994-2009
  • 2010-
Vik  
  • Pridlao
  • Årbok
  • 1984 -
  • 1994-2002
Vågsøy Årbok 2012 -
Årdal
  • Jul i Årdal
  • Årbok for Årdal sogelag
  • Årdal før og no
  • 1957-1958, 1960
  • 1950, 1952, 1958
  • 1992-

 

Som vi ser av oversikten kom det ved årsskiftet 2019/2020 ut årbøker i dei aller fleste av dei 26 kommunane i fylket. Fleire kommunar gir ut informasjonsblad for kommunen, men desse er ikkje med i oversikta. Heller ikkje skuleblad eller kyrkjeblad er tekne med i oversikta sjølv om dei har med mykje lokalhistorisk stoff.

Ikkje alle blada har kome ut årleg, det gjeld til dømes Luster lokalhistorisk årbok som berre har kome med sju utgåver på alle desse åra. Det eldste eksisterande årsskriftet er Sogeskrift frå Hyllestad som hadde si første utgiving i 1976. Som oversikten viser var det 1980-åra som skulle verta starten for dei lokale årbøkene. Her kom Askvoll med si første utgåve i 1981, sidan kom dei andre med sine årbøker utover i 1980- og 1990-åra. Ved passering av tusenårsskiftet har det kome årbøker frå fleire kommunar til, som Sogndal i 2000, Flora og Solund i 2001, Gaular og Høyanger i 2011, Vågsøy i 2012, Balestrand i 2016 og sist ute var Lærdal og Selje med oppstart i 2017.

Dessutan finst det ein del årbøker som berre dekker deler av kommunen. Gulen hadde ei årbok som omfatta heile kommunen i perioden 1992-2000 (Glimt frå Gulen), men frå 2010 er På Flua årboka som dekker Brekke sokn. Fjærland sogelag i Sogndal gir også ut eige blad, ”Dar breadn kalva”.

Innhald i dei eldste årbøkene

Dei første regionale årbøkene inneheld dikt og forteljingar frå lokale forfattarar og lokalhistoriske tekstar frå fylket, ofte med ein hyllest til det nasjonale og til heltedåder som hadde vorte utførte i vårt område. Eldsjelene arbeidde for å vekka den historiske interessa og å spreia opplysning om fortida og den heimlege kulturen. Tidsperspektivet var som oftast frå 1800-talet og bakover, det er få døme på artiklar frå 1900-talet. Det karakteristiske ved desse tekstane var at dei ofte var skrivne av akademikarar og profesjonelle: historikarar, arkeologar, kunsthistorikarar, arkivarar og bibliotekarar, i tillegg var det nokre ”lærde amatørar”.

Dette var mennene sin boltreplass, fram til slutten av 1970-åra finn vi få døme på at kvinner hadde artiklar i desse bøkene. At det var mennene som skreiv, gav seg også uttrykk i innhaldet: det er mannfolka som vart omhandla og det var deira perspektiv som dominerte. Men det er ikkje heile mannsstanden som var av interesse; stort sett er det ”bygdens beste menn” saman med øvrigheit som lensmann, prest, fut og sorenskrivar som får framstilt si historie. Likevel finst det nokre døme på at kvinner står fram som forfattarar. I Tidskrift utgjeve av Historielaget for Sogn i 1915 skreiv Dagny Hermannsen saman med Just Bing ein artikkel om Jostedalen. Men ho var ei einsleg svale. Det var først i 1980-åra at kvinnene vart fyldigare representerte i desse bøkene.

Ser vi på dei eldste lokale hefta som kom ut frå slutten av 1950-åra, opna dei opp for ein meir folkeleg profil. Men framleis var det, i hovudsak, berre menn som skreiv. Det var tilfelle, for det første, frå Årdal. Industrikommunen har fleire artiklar om hjørnesteinsbedrifta i åra etter krigen. Elles er det nokre om kyrkja, då med linkar over mot arbeidarrørsla. Balestrand, som hadde nokre få årgangar tidleg i 1970-åra, la vekta på jordbrukssamfunnet, då i stor grad sett frå mennene sin synsstad. Profilen i Sogeskrift frå Hyllestad, som byrja å koma ut i 1976, var mykje lik den som kjem fram i dei nemnde hefta: i dei første åra var det mennene som skreiv med eit perspektiv frå jordbruket, jul og juleskikkar, veghistorie og lokale viser. I årbøkene frå kysten vert også kystkulturen trekt inn, men det er først etter tusenårsskiftet.

I 1980 kom dei første bidraga frå kvinner, og i dei neste åra auka deira bidrag, ikkje berre at dei skreiv, men også artiklar med kvinneperspektiv.

Gjennombrotet for nye perspektiv i 1980-åra

1980-åra representerte nye perspektiv, det galdt ikkje berre i dei regionale årbøkene, men også dei som kom ut i dei enkelte kommunane. Nytt var det også at dei to regionale årbøkene for Sogn og Nordfjord byrja å koma ut årleg frå 1981. Dette tiåret representerte gjennombrotet for den nye typen årbøker. Det var fleire trekk som karakteriserer dei. For det første omfatta dei ein kommune og ikkje lenger eit heilt distrikt. Innhaldet var også annleis enn før. Medan dei eldre lokalhistoriske årbøkene inneheldt stoff frå eldre historie, kom det no framstillingar frå den nære fortida. Viktigast av alt var at historieomgrepet var utvida. Mykje av stoffet i dei nye årbøkene handla om den jamne mann og kvinne og om sosiale grupper som i mindre grad hadde vore framme tidlegare, slik som arbeidsfolk, husmenn og fattigfolk.

Skal vi forklara denne overgangen, finn ein at mykje låg på forfattarane som no ikkje lenger var profesjonelle. Årboka var vorte eit organ for den lokalhistorisk interesserte mann og kvinne. Det høge utdanningsnivået i samfunnet førte til at det vart fleire skriveføre folk, noko som gjorde at eit breiare lag av folket kunne og ville bidra til årbøkene. ”Den grøne bølgja” og oppjusteringa av verdiane i lokal- og nærsamfunnet forma eit politisk bakteppe. I lokalhistoria kom skildringar av nærsamfunnet, ”historia nedanfrå” og bruken av minnemateriale på mote. ”Grav der du står” var eit fyndord som var eit gjennomgåande tema i det lokalhistoriske arbeidet. Merksemda på kvardagshistoria stod no sentralt, og denne tendensen lever framleis i dei lokalhistoriske årbøkene. Vi ser også at tematisk sett har mangfaldet vorte større.

Visse utviklingstrekk kan vi sjå i denne floraen av årbøker både når det gjeld omfang, innhald, utstyr/layout og i utvalet av forfattarar. Årbøkene vart no rikt illustrerte og fekk ein moderne layout. Det innebar trykk på glansa papir og større og mindre bilete i god kvalitet. Bøkene tok seg betre ut, ikkje berre for potensielle kjøparar, men også for lesaren som fann interesse i å gå vidare i heftet.

På desse hundre åra har vekta i framstillinga i årbøkene vorte flytta frå ei tradisjonell jordbrukshistorie til ei meir kvardagshistorie. Det gjeld både dei lokale årbøkene, men også dei regionale. Det har vorte lagt større vekt på emne som demografi, kjønn, materiell kultur og mentalitet. Trass i endringar er det likevel eit konservativt drag ved årbøkene; framleis er det jordbrukssamfunnet som får mykje merksemd. Og då snakkar vi gjerne om jordbruket slik det var før dei store endringane sette inn i åra etter krigen. Fisket har vorte lite omhandla i fleire av dei lokale årbøkene då med unntak av Vågsøy, Solund og dei som kom ut i Gulen i 1990-åra. Også årboka for Nordfjord har ein god del om emnet.

Sjølv om fylket vårt må karakteriserast som lite urbant, er det andre sider ved dagens bygder som kunne ha vore meir omhandla. Årdal har skrive ein del om industrien, det same gjeld innhaldet i den nyleg skipa årboka for Høyanger. Askvoll har ei heller lang historie i årboksamanheng, men her er knapt industrien i Stongfjorden nemnd; berre fire artiklar har kome med i årboka for denne kommunen. Ein kan også sakna historier om korleis det moderne Sogn og Fjordane er, slik at bøkene kan ha appell til yngre generasjonar. Sjølv om årbøkene sel godt, kunne lesarkrinsen ha vore utvida med å appellera til dei under 50.

Verdien av dei lokale årbøkene

Som døme på det rikhaldige innhaldet i årbøkene kan nemnast at Jakob Sande i 1931 publiserte diktet ”Julekveld” i Jul i Sunnfjord. Dette er seinare kjent som den mykje nytta julesongen ”Det lyser i stille grender”. Likeeins er Leif Arnold Loen sin artikkel i Årbok for Nordfjord i 1969 om Loen-ulukka i 1936 av interesse. Frå den nyaste historia kan vi trekka fram Hege-Beathe Weum-Andersen sin artikkel om kle og motar i Sogn frå 1970-åra i Årbok for Sogn for 2012.

Mangfaldet i bøkene gjev for det første ei god leseoppleving fordi folk likar å lesa om sine eigne lokalsamfunn. I dei seinare tiåra er det i stigande grad den jamne mann og kvinne som skriv, amatøren i ordets beste forstand. Desse publikasjonane er vorte amatørane sin arena, dei representerer den folkelege delen av lokalhistoria. Dei utgjer rørsla i motsetning til den profesjonelle delen som går føre seg på høgskular og universitet. Årboka er vorte varemerket på rørsla.

For det andre styrker årboka lokalhistorisk kunnskap og identitet; den er med på å gje folk ei kjensle av å ”høyra til”, vera ein del av eit fellesskap. Dessutan er den med og sikrar kunnskap om fortida som elles ville gått tapt. Det er svært mykje materiale som vert samla inn av amatørane som elles ikkje ville ha vorte teke vare på. Det gjeld ikkje minst det muntlege materialet. Eit anna viktig punkt kan vera at lokalhistorisk kunnskap kan vera til god hjelp for det lokale næringslivet og ikkje minst for skulen. Undervisninga vert gjort meir interessant ved å trekka inn lokalhistoria. Ved å byrja med sitt eige lokalsamfunn ser elevane korleis deira eiga historie er ein del av ei nasjonal historie, og for den del av ei global.

Årboka kan også ha betydning for forskingsarbeidet ved universitet og høgskular. Gode årbokartiklar er uvurderlege kjelder for faghistorikarar som arbeider med meir syntetiserande stoff. I ein slik funksjon treng ikkje stoffet vera skrive av andre faghistorikarar, det treng heller ikkje oppfylla alle faglege krav om klar problemstilling og gode drøftingar. Det treng ikkje ein gong vera spesielt godt og elegant skrive. Årbokstoff vil då kunne brukast som råstoff i ein vidare prosess. Det gjeld ikkje minst alle dei nyare allmennsogene som har vorte skrivne for kommunane dei siste 20 åra (Gloppen, Gaular, Fjaler, Aurland, Flora og Høyanger). Men også fire-bandsverket om Sogn og Fjordane som kom i 2017, har hatt årbøkene som viktige byggesteinar i framstillinga av historia til fylket.

Eitt krav er likevel ufråvikeleg i desse årbokartiklane: det må koma fram kva slags kjelder som har vore nytta, og at arbeidet med å finna meining og samanheng i kjeldene må ha følgt faglege minimumskrav. Dette treng ikkje innebera at ein artikkel har eit stort note- og referanseapparat, men det må i det minste vera skrive ein sluttmerknad som fortel kva framstillinga bygger på, og som gjev peikepinn om korleis kjeldene har vore nytta. For den som søker i årbøkene etter råstoff til eigne framstillingar, vil det såleis gjerne vera slik at kjeldenært, refererande stoff har større nytteverdi enn dei leseverdige, men kan hende litt vidløftige tolkingane. Dei siste kan også vera godt eigna til å plukka sitat ifrå, til å fargelegga framstillingar som elles fort blir saklege og tørre. Stundom er det jamvel slik at det velformulerte, fantasifulle sitatet kan tena som eit godt bakteppe til å krydra den meir fagleg funderte framstillinga.

Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane (Fjognedok)

Ut frå den oversikten som er vist har det vore skrive mange lokalhistoriske artiklar, frå den første årboka kom ut i 1910 og fram til i dag. For å letta arbeidet med å finna tilbake til artiklar om eit spesielt emne, har Sogn og Fjordane fylkesbibliotek (no Bibliotekutvikling Vestland) registrert alle artiklar frå dei lokale tidsskrifta i ein søkbar base, "Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane".

Biblioteket sitt arbeid med registreringa starta som prosjektet "Fjognedok" i 1999 og har sidan vorte ein fast del av fylkesbiblioteket sitt arbeid. Per september 2020 er det registrert vel 24 200 artiklar i basen. For dei som vil finna fram blant desse artiklane, er det enkelt å søka i basen. Her kan ein søka på m.a. forfattar, tittel, emne og tidsskrift. Er ein på jakt etter eit spesielt tema (t.d. bunader, landbruksreiskapar, jekter, andre verdskrigen, om Jacob Aaland, Værlandet, dåpsklede, sparebankar, m.m.), skriv ein dette inn i feltet for tema/emne. Då kjem opplysningar om desse artiklane fram og i kva tidsskrift dei har vore publiserte.

Nasjonalbiblioteket har digitalisert mange av dei lokalhistoriske tidsskrifta og nokre av artiklane i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane har lenke til Nasjonalbiblioteket sin fulltekstversjon av tidsskrifta slik at ein kan få teksten direkte opp på skjermen.

Korleis få tilgang til årbøkene

I tillegg til at Nasjonalbiblioteket har digitalisert ein god del av årbøkene, vil dei aller fleste folkebiblioteka ha samla dei lokale årbøkene for sitt område. Lokalhistorie er ein viktig og vesentleg del av biblioteka sine tilbod og alle folkebibliotek har eit ansvar for å ta vare på og til å formidla litteratur frå eigen kommune. Mange av sogelaga har også teke vare på og har for sal, eldre nummer av årbøkene sine.

Nye grenser – nye årbøker?

Med nye grenser, for fylkeskommunar og kommunar, vert spørsmålet om det vert nye årbøker. Det gjeld ikkje minst dei nye kommunane som kom ved årsskiftet 2019/2020. Vil, til dømes, dei nye kommunegrensene i Sunnfjord føra til at dei gamle lokale sogeblada forsvinn og det vert eit felles sogeblad for den nye kommunen Sunnfjord? Og korleis skal lokalhistoria i gamle Hornindal formidlast når no området ikkje berre har vorte del av ein ny kommune, men også eit anna fylke. Det vil dei næraste åra gje oss svar på.

Kjelder og litteratur

Fotonoter

[1] Her er det brukt dei gamle kommunenamna slik dei var før 2020: Flora og Vågsøy, (Kinn), Balestrand, Leikanger og Sogndal (Sogndal), Eid og Selje (Stad) og Førde, Gaular, Jølster og Naustdal (Sunnfjord). Dessutan Hornindal som no er vorte ein del av Volda, Møre og Romsdal.

[2] Kirkhusmo 2009, s. 6

[3] Tidsskriftet endra frå 1982 namnet til Årbok for Sogn