Leseaksjonar

Det finst ulike tiltak og aksjonar for å oppmuntre til lesing og styrke lesedugleik. Seksjon for bibliotekutvikling er involvert i Sommarles og Leseknappen.

Sommarles

Sommarles er ein nasjonal, digital lesekampanje i regi av folkebiblioteka for 1.-7. klasse. Det er ein særs vellukka lesekampanje som engasjerer unge lesarar gjennom sommaren. 

Korleis bli med

For å bli med på Sommarles må barna går inn på nettstaden sommarles.no i kampanjeperioden (mai til september) og lage ein profil. Der registrerer dei tal på sider dei har lese. Dei får XP/poeng for kvar side, og kan vinne digitale trofé. I tillegg svarar deltakarane på oppgåver og kan (om dei vil) sjå kva venner les og tener av digitale trofé. Undervegs kan barna også hente små premiar på sitt lokale bibliotek.

Alt innhald på sommerles.no blir overvaka av bibliotekarar.

Fylkeskommunen fungerer som regional koordinator, kontaktperson er Astrid Sundset Moe.

Forsking viser nytten av Sommarles

Funn i forsking gjennomført av Møreforsking og Høgskulen i Volda, tyder på at Sommarles er ein nyttig reiskap for å halde lesedugleiken barna har opparbeida seg gjennom skuleåret ved like. Les meir om forskinga her.

Leseknappen - hjelp til å knekke lesekoden

Leseknappen skal støtte opp under den første leseopplæringa. Hovudmålgruppa er elevar på 2. trinn.

Kva er Leseknappen?

Sjølve leseknappen er eit emaljert jakkemerke i fargar, utforma av kunstnaren Elisabeth Moseng. Leseknappen er ein parallell til symjeknappen, og er noko borna får når dei har lese eit utval bøker sjølve.

Leseknappen stimulerer born til å lese på eiga hand, anten dei har knekt lesekoden eller er i ferd med å knekke han. Programmet knyter band mellom tre viktige bidragsytarar til born si leseutvikling og leseglede: skule, heim og bibliotek.

Innhald i programmet

Programmet fungerer slik at folkebiblioteka inviterer 2. trinn til biblioteket. Skjema for lånekort vert sendt skulane, som hentar inn informasjon og løyve frå føresette til å lage lånekort. Når borna kjem til biblioteket, får dei lånekorta sine og kjennskap til kva biblioteket er. 

Bibliotekaren har ein liten bokprat, og elevane får med seg heim informasjonsskriv til føresette og forslagsliste over bøker som kan vere gode å lese. Når bornet har lese ti bøker, kan lesekortet leverast på biblioteket og ein får overrekt Leseknappen. Det er ingen tidsfrist for innlevering av lesekortet.

Hjelp frå seksjon for bibliotekutvikling

Seksjon for bibliotekutvikling hjelper til med å lage lesekort, leselister og informasjonsskriv til skule og føresette. I tillegg koordinerer vi større innkjøp av leseknappar. Kontaktperson er Sigrid Furnes.

Leseknapp-programmet er utvikla av folkebiblioteket i tidlegare Lenvik kommune (no Senja kommune).