Vil du jobbe med arkiv?

Er du sjølvstendig, effektiv og har sans for detaljar? Har du lyst å jobbe med arkiv? Vi har ledig prosjektstilling i to år.

Les meir og søk på stillinga.

Vestland fylkeskommune jobbar for å sikre og ta vare på dei arkiv som inneheld rettsleg eller viktig forvaltingsmessig dokumentasjon, eller som har kulturell eller forskingsmessig verdi. Som del av dette yter Kommunearkivordninga i Vestland rådgjevingstenester og er arkivdepot for Vestland fylkeskommune og kommunane i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Dei neste åra skal vi ta imot store mengder papirarkiv frå medlemskommunane våre i nytt arkivbygg på Leikanger. Vår nye prosjektmedarbeidar vil gå inn som ein ekstra ressurs i denne perioden.

Arbeidsoppgåvene er varierte, og vil til ei kvar tid bli styrt utifrå behovet i organisasjonen. Oppgåvene vil vere knytt til eldre og avslutta kommunale arkiv, og vil kunne omfatte både ordning og registrering av arkiv, digitalisering, muggsanering, ekspedering av innsynsførespurnader, formidling med meir. 

Søknadsfrist er 27. oktober.