Lesesal
Vi held til på fylkeshuset på Leikanger og i Vestlandshuset i Bergen. Ta kontakt med oss om du planlegg eit besøk til lesesalane på Leikanger eller i Bergen.
Studere arkivmateriale?
Vi har arkiv på ulike lokasjonar, og har lesesalsteneste på fylkeshuset på Leikanger og i Vestlandshuset i Bergen. Bruken av arkiva er gratis og lesesalen er open for alle, etter avtale.
Dersom du ønskjer innsyn i arkivmateriale, må du avtale tid med ein sakshandsamar på førehand. Dette for at vi skal leggje til rette og finne fram det du ønskjer å sjå av arkivmateriale. Det er òg mogeleg å tinge digitale kopiar av arkiv, innanfor rimelege grenser, og få desse tilsendt elektronisk.
Opningstider for lesesalen vår på Leikanger er tysdag til fredag frå 9.00 til 15.00. Opningstider for lesesalen i Bergen er mandag til onsdag 9.00 til 15.00.
Besøksadresser:
Fylkeshuset
Askedalen 2
6863 Leikanger
og
Vestlandshuset
Lars Hillesgate 22
5008 Bergen
Lesesalsreglement
Besøk
-
Du må/bør avtale besøk på førehand for at vi skal kunne gi deg ordentleg sørvis. Vi finn fram det materialet du vil sjå på før du kjem, og det tek tid. Vi kan be deg om legitimasjon (avhengig av materiale). Du skriv deg inn i besøksprotokollen når du kjem og når du går. Ved første besøk skriv du på ei brukarfråsegn.
-
Veske og ute-klede kan du legge i ein av stolane eller henge i garderoben i vestibylen. Fylgjehund/assistenthund kan vere med inn. Avtal med vakta om bruk av eigne hjelpemiddel. Lesesalsvakta kan kontrollere papir og anna du tek med deg ut frå lesesalen.
-
Viss du vil ete eller drikke, må du nytte kantina i 1. etasje eller kafé på Hermansverk. Det er toalett ute ved kantina.
-
Viss det er fleire gjester enn deg på lesesalen, må du vise omsyn. Sett mobiltelefonen på lydlaus og gå ut viss du skal snakke i telefonen.
-
Opningstida står på nettsida. I feriar har vi redusert opningstid. Ta kontakt på telefon.
Om arkivsakene og korleis du tingar dei
-
Arkivsaker tingar du på førehand anten på telefon eller gjennom post. Ver merksam på at det kan ta tid å finne fram nokre typar arkivmateriale. Innsyn i dokument får du etter gjeldande lover, reglar og klausular. Du som arkivbrukar fyller ut ei brukarfråsegn ved første besøk. Denne forklarer den teieplikta du har.
-
Ver varsam når du blar i dokumenta. Du må ikkje skade dei. Ikkje bruk post-it-lappar. Du får andre papirlappar av lesesalsvakta for å merke det du ynskjer kopi av. Dokumenta må du la ligge i omslaga i den rekkefylgja dei låg i då du fekk dei. Ikkje bruk arkivsaker som underlag når du noterer. Når du leverer attende arkivet, så sei i frå om du vil bruke dei på nytt.
-
Du kan fritt bruke bøkene på lesesalen, men du kan ikkje låne dei med deg. Dei er til bruk for besøkande og for arkivarane. Når du er ferdig med bøker, leverer du dei til lesesalsvakta.
-
Gi alltid opp kjelde når du brukar materiale frå arkivet som utgangspunkt for skriftlege arbeid.
-
Du må ikkje bruke opplysningar som kan såre eller krenke andre. Du som brukar er ansvarleg for det du skriv.
-
Vi ynskjer tips om det du skriv, om det er i eit lokalhistorisk skrift eller ei bok. Då vil vi gjerne kjøpe boka/skriftet til samlinga vår.
Skanning og kopiering
-
Vi kan kopiere eller skanne dokument til deg i rimeleg omfang. Viss du ynskjer deg veldig mange papirkopiar, må vi kopiere dette etter besøket ditt og sende i posten. Skanne gjer vi også etter besøket ditt og sender til e-posten din. Protokollar eller dokument som tek skade av kopiering eller skanning, handsamar vi ikkje.
Brot på reglementet
-
Viss du bryt reglementet, kan vi nekte deg tilgang til lesesalen.
-
Viss du medvite stel eller øydelegg arkivmateriale vil du verte meldt til politiet.
Lokalhistorisk litteratur
På lesesalen på Leikanger har vi lokalhistoriske bøker og trykksaker, hovudsakleg frå tidlegare Sogn og Fjordane. Boksamlinga er delt inn i fogderi, fylke og kommunar. I tillegg har vi faglitteratur og tidsskrift innan historie, slekt, utvandring, musikk, stadnamn, offentleg forvaltning og arkiv.
Bøker og tidsskrift er registrerte i ein elektronisk base (Sogndalsbasen, avdeling Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane). Her har du mange søkjemuligheiter på bøker og andre medium.
Ønskjer du å søke i lokalhistoriske artiklar frå gamle Sogn og Fjordane? "Lokalhistoriske artiklar" er ein bibliografisk database der det er registrert lokalhistorisk litteratur frå tidlegare Sogn og Fjordane utgitt i perioden frå 1865 og fram til 2021. Her kan du søke: Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane (også kjend som Fjognedok).