Ta i bruk kommunale arkiv i slektsgranskinga

Er du på leit etter røtene dine? Har du lyst til å finne ut meir om bakgrunnen din? Kommunearkivordninga i Vestland kan ha ein del av historia di viss slekta kjem frå Sogn og Fjordane.

Denne teksten er ein noko redigert og oppdatert versjon av artikkelen "Hekta på slekta" av Kjerstin Risnes frå Kjelda nr.1, 2011

Kommunearkivordninga i Vestland har eldre og avslutta arkiv frå 18 kommunar i tidlegare Sogn og Fjordane. Vi har såleis fleire tusen hyllemeter med offentlege arkiv trygt lagra i magasina våre.

Kommunearkivordninga og slektsgransking.

Slektsgransking er ikkje vårt fagfelt, men vi stiller gjerne kjeldene våre til rådvelde for dei som vil bruke dei. Dei kommunale arkiva har tradisjonelt vore lite brukte av slektsgranskarar, men her er det mykje å finne. Frå vi vert fødde til vi døyr, set vi spor etter oss, og mange av desse spora finn vi i det kommunale arkivmaterialet. Der kommunen har hatt krav om å dokumentere drifta si, der finst vi og deler av historia vår.

Det kommunale arkivmaterialet kan gje ein del basisdata som fødselsår, giftarmål, barn og død til eit slektstre, men slike opplysningar er langt enklare å finne hos andre arkivinstitusjonar. Digitalarkivet er ein god stad å starte. Der finn du til dømes kyrkjebøker, folketeljingar, skifteprotokollar. Du vil også få god hjelp til å finne slike basisopplysningar på Statsarkivet i Bergen. Etter at du har fått basisopplysinga som fødselsår, dødsår og tal barn, kan du i våre arkiv finne meir utfyllande opplysningar som gjer det til levande menneske med levde liv.

Skifte av forvaltingsområde

Kva som har vore kommunalt eller statleg ansvarsområde har variert gjennom tidene, og dette vil også avspegle seg i kvar arkivmaterialet finst. Det materialet vi ikkje har grunna slike endringar, skal vere innlevert til Statsarkivet i Bergen. Vårt kommunale arkivmateriale strekkjer seg i hovudsak frå 1837 då den folkevalde kommunen vart skipa, men vi har også noko materiale som strekkjer seg attende til 1700-talet.  

Kommunearkiva kan vere mangelfulle

Dei fleste arkiv er ordna i seriar som møtebøker/forhandlingsprotokollar, journalar/dagbøker, kopibøker og korrespondanse/saksarkiv. Kva seriar og kor mykje arkivmateriell den einskilde kommune har etterlete seg kan variere. Ein del har av ulike årsaker gått tapt.  Men når vi veit at arkiva lenge og i stor grad vart oppbevart privat, heime hos ordføraren, skulestyreformannen osv, er det likevel imponerande kva som er blitt teke vare på og som vi i dag kan nyte godt av når vi er på leit etter slekta.

Innsynsreglar

Før vi går laus på dei kommunale arkiva, må vi kort nemne at det finst reglar for kva arkivmateriale vi kan gje innsyn i. Alle har i utgangspunktet innsynsrett i offentlege arkiv, men det vil likevel vere unntak. Vårt materiale inneheld mykje personopplysingar. Ein del av dette vil vere sensitive opplysningar om enkeltpersonar der teieplikta vil hindre innsyn. Teieplikta fell vanlegvis bort etter 60 år. Storparten av materialet som er eldre 60 år vil difor vere ope for alle.

Nokre gode kommunale kjelder til bruk i slektsgranskinga

Den kommunale drifta og det kommunale ansvarsområdet har vakse seg stort og omfangsrikt. Det vil difor føre for langt å gå inn på heile det omfattande kommunale materialet, men vi vil trekkje fram nokre viktige kommunale kjelder som ein slektsgranskar ofte kan ha god nytte av. 

Formannskap og kommunestyre

Arkivet etter formannskapet  går attende til skipinga av det kommunale sjølvstyret i 1837.  Føremålet med dette arkivet var primært å dokumentere den kommunale drifta gjennom vedtaka som formannskapet/kommunestyret gjorde, men dette arkivet er spekka med personopplysningar. Kommunikasjonen mellom kommunen og innbyggjarane har sjølvsagt vore tovegs. Materialet viser difor når kommunen vende seg til einskildpersonar, men også det motsette. Viss du t.d. trur at onkel Hans hadde eit kommunalt verv, ja du har kanskje høyrt at han var skulestyreformann i hele 20 år, ta ein kikk i formannskapsprotokollane frå den aktuelle kommunen eller leit i møtebøker for val av kommunale ombod /verv. Ein av stadane vil du finne han om det er eit visst hald i opplysningane dine. Finn du han ikkje, så har du likevel funne ut noko.

Du finn sjølvsagt også namnet på kommunestyremedlemmene i desse møtebøkene. I dei eldste møtebøkene vil du kunne sjå at det var ein del som skreiv under med påhalden penn. Det var nok ikkje alle dei folkevalde som var så skrivekunnige denne fyrste tida. Det var heller ikkje alle av dei folkevalde som kjende ansvaret med frammøte så tyngjande. Dei hadde kanskje andre ting dei heller skulle ha gjort. Men ugyldig fråvere var sett på som alvorleg og førte til trugsmål om bøter frå den samla møtelyden. Slike personopplysningar er ikkje så viktige, men dei gjev eit tidsbilete frå den fyrste perioden med folkevalde kommunar og dei utfordringane både dei folkevalde og lokaldemokratiet hadde.  

Dei mange søknadane kommunen/formannskapet mottok, gjev ei rekkje personopplysningar. Viss du går til formannskapsprotokollane, vil du finne søkjarane med namns nemning, kva dei søkte om og kva utfallet av søknaden vart. I møtebok for Selje, 15.02.1841, kan vi til dømes lese at landhandlar Wiese har søkt kommunen om gjestgjevarløyve i Osmundsvåg. Eit anna slikt døme kan vi hente frå Stryn. I møteboka frå kommunestyremøtet 15.01.1856 kan vi lese at Anders M. Lunde ynskte å gå på amtsjordbruksskulen. Han søkte difor kommunestyret om å gje han ei anbefaling då han skulle søkje om opptak.  I dag er  det karakterane som avgjer om vi får skuleplass. I 1856 kunne det kanskje vere attesten frå formannskapet/kommunestyret som avgjorde. På denne måten kan møtebøkene  fortelje både om einskildpersonar og tida dei levde i. Søknadane spegla det øvste folkevalde organet sitt mynde og kunne elles handle om nedsetjing av skatt, fritak frå skatt, tilskot til skulegang eller opplæring, løyve til  sal av alkohol, erstatning for skadar, søknad om lønnsauke, etc.  

Likning

Fram til 1964 var likninga ein del av den kommunale aktiviteten, og desse likningsarkiva vil finnast på Fylkesarkivet. I desse arkiva vil du kunne finne årlege likningslister med namn på skatteytarane, eige, inntekt og utlikna skatt. Her kan det også vere næringsoppgåver som gjev detaljopplysningar om gardseigedommar. 

Kommunale val

I 1896 vart det bestemt at det skulle veljast valstyre på landet. I arkivet etter valstyret kan du mellom anna finne manntal med namn og adresse på dei som hadde stemmerett.  I og med at lensmannen skulle vere formann i valstyret, kan nokre av desse arkiva vere i lensmannsarkiva på Statsarkivet i Bergen.

Skule

Skulevesenet har gått gjennom ei lang utvikling frå den fyrste forordninga om pliktig skulegang i 1739 til dagens 10-årige grunnskule. På vegen frå den 7-årige omgangskulen mot den moderne grunnskulen finn vi også ulike fortsetjingsskular som framhaldsskular og realskular. 

I skulestyrearkiva vil det finnast både skulehistorie og personopplysningar.  Som før nemnt  vil det i dei ulike protokollane vere mogeleg å finne klasselister, fråver, lengd på skuleåret, fødselsdatoar, namn på foreldre, karakterar, kva fag dei hadde, kva gard dei budde på, om det var omgangsskule eller fastskule osv. I dagbøkene som lærarane førte, kan det i merknadsfeltet  liggje opplysningar som elles ville ha vorte ukjende eller  vanskelege å finne. Det kan t.d. vere at eleven har flytta og kvar, at eleven er død grunna drukning eller at det store fråveret skuldast uveret som hindra elevane å kome seg til skulen. Ein slik liten kommentar som at uveret hindra elevane å møte, fortel oss noko både om skulevegen og måten elevane tok seg fram på. Viss fråveret elles er lågt, fortel det også at det må ha vore eit fæla ver. Ein slik liten merknad kan såleis fortelje oss mykje meir enn det han tilsynelatande gjer, viss vi tek han i bruk.  

I ei dagbok frå ein skule i Hyllestad frå byrjinga av 2.verdskrig har læraren gjennom heile krigsperioden med jamne mellomrom fortalt ei lita ”krigshistorie”.  Vi kan følgje med på krigen ute i ”verda” og sjå korleis han grip inn i kvardagslivet på skulen. Krigen og skulekvardagen går hand i hand. Læraren fortel mellom anna at tyskarane heldt til i det eine klasserommet. I same dagboka, noko seinare, kan vi  finne kvardagslege faktaopplysningar frå skulekvardagen som elevoppmøte, dato for skistemne, når det skal vere skogplantingsdag på Heggebøen osv, kombinert med læraropprør og protest mot Quislingstyret. På vegne av elevane har læraren forfatta fylgjande: ” Måndag 30. mars 1942 var klassen samla. Alle var møtt fram. Læraren sa at skulen var stogga som fylgje av ein forordning av 5. februar om Norges Lærarsamband. Me fekk utlevert lærebøkene våre og sa farvel med læraren. ”  Alle elvane har skrive under.

Denne dagboka fortel mykje. Ho fortel om ein skulekvardag som kvardagar flest, at skulen skulle gjennomførast så normalt som mogeleg sjølv om landet var i krig, samstundes som ho gjev eit unikt  innblikk i ein skulekvardag som var heilt spesiell.  Det er lett å falle i tankar om korleis både læraren og elevane kunne opplevde å ha tyske soldatar så tett inn på livet.  Dagboka gjev også liv til læraren som person. Med dei tyske soldatane i naborommet brukar han dagboka til å markere synspunkta sine. Notatet han skriv på vegne av elevane, der dei skriv under, er også heilt spesielt og inga vanleg lærarhandling. Kanskje desse notatane også fortel om ein lærar som identifiserte seg så sterkt med skulen at skiljet mellom det private og skulen forsvann?

Ein heilt annan type merknad kan vi finne i ein eksamensprotokoll frå skulestyrearkivet, året 1842,  i ein annan kommune i fylket. Om den 13 år gamle eksamenskandidat er det notert fylgjande: ”( .. .) havde aldrig været i skole af mangel paa klæder, men var underviist hjemme af sin moder.”    I arkiva etter skulestyra kan det også vere eksamensoppgåver, mellom anna stiloppgåver. På leit etter stoff til denne artikkelen fann eg ei rekkje slike, nokre var endå til samla i eigne bøker. Slike stilar gjev eit gløtt inn i samtida til eksamenskandidaten og er på sett og vis kulturhistoriske dokument.  

Med andre ord, skulestyrearkiva er fylte med opplysningar og forteljingar både om einskildmenneska, kvardagsmenneska og tilhøva dei levde under.

Sosial omsorg

Dei fattige og hjelpetrengjande har alltid funnest, men kven som har hjelpt dei, kva hjelp dei har fått og synet på dei fattige har variert gjennom tidene. Det offentlege fattigvesenet har gått ein lang veg frå den spede byrjinga frå midten av 1700-talet til dagens velferdsstat med eit velutbygt helsevesen, universelle trygderettar og differensierte sosiale hjelpetiltak. Frå 1845 overtok kommunane ansvaret for fattighjelpa frå stifta. Det skulle ofte lite til å hamne i kategorien fattig i ei tid der sikkerheitsnettet var svært grovmaska og familien i stor grad utgjorde fyrstelinetenesta. Det kunne vere nok at familieforsytaren døydde og kona sat att med ein stor barneflokk. Då kunne vegen til fattigvesenet vere kort om ein ikkje hadde formue eller slekt som stilte opp. Kor vidt ein var verdig eller uverdig fattig var det lovverket som styrde, og fattigstyra som til ein viss grad tolka.  

Arkiva etter fattigstyra er ei unik kjelde både med tanke både på personopplysningar og sosialhistoria vår. Dei som bad om offentleg hjelp vart nøye kartlagde, og difor vil vi i dag kunne finne eit breitt spekter opplysningar om einskildmenneske og ei gruppe som vi elles ikkje ville ha blitt kjende med. 
I desse arkiva finn vi lister med namna på dei understøtta, hjelpebehova deira, kvifor dei trong hjelp, kva hjelp dei har fått, storleik på støtte, kven dei var utsette til, kor stor betaling dei som tok hand om den fattige fekk, osv. Vidare vil det også kome fram korleis det lokale fattigstellet var organisert, kven som var med i fattigstyret, kven som var tilsynsmenn, sosialt syn, korleis dei hjelpetrengjande vart behandla og dei fattige sitt syn på det å vere hjelpemottakar.

Heimstadsforklaringane kan gje ei rekkje samla opplysningar om ein person. Enkelt sagt var heimstadskommunen det fattigdistriktet  ein person kunne ha rett på fattighjelp. Ordninga er svært gamal, men reglane for kor lenge ein måtte ha budd på ein plass før ein opparbeidde seg denne retten, har variert gjennom tidene. Kommunane var svært lite interesserte i å betale for andre enn sine eigne, og framande som søkte ein kommune om fattighjelp, måtte difor fylle ut eit skjema som kartla kvar dei kunne ha sin heimstavn. Slik vart deler av livshistoria deira nedteikna som dømet nedanfor viser. 

Jordmora

Når dagens nye borgarar kjem til verda, vert dei straks registrerte. Alt i 1810 vart landet delt inn i jordmordistrikt og kvart distrikt skulle tilsetje ei kyndig jordmor. Jordmødrene var mellom dei fyrste kommunale tilsette , og dei førte dagbøker, ofte kalla jordmorsprotokollar,  som omhandla den fødande og fødselen. Her kan du finne dato for fødsel, namnet på mor, alderen hennar, om ho var gift eller ugift, kjønnet på den nyfødde, korleis fødselen hadde gått  føre seg, fødsel i rekkja for den fødande, osv.  

Jordmora hadde ikkje avleveringsplikt, så det er ikkje alle kommunar som har avlevert desse dagbøkene til oss, men dei er gode kjelder for ein slektsgranskar. Slike protokollar kan også vere avleverte til Statsarkivet i Bergen. I tillegg personopplysningane som du kan finne, gjev dagbøkene også innblikk i korleis  det var å vere fødande før moderne hjelpemiddel og utstyr gjorde sitt inntog i fødselsomsorga.  

Krig og krise

Både under 1. og 2. verdskrigen vart det oppretta særskilde kommunale organ. Provianteringsråda frå 1.verdskrigen og forsyningsnemndene frå 2.verdskrigen er gode kjelder om deler av folk sitt daglegliv i form av varemangel, restriksjonar, forsyning og regulering. På personnivå vil det også vere opplysningar å hente, t.d. teljingslister frå provianteringsråda. Frå 1916 skulle det gjennom teljingar lagast oversikt over kor mykje poteter, korn og mjøl ein hadde i landet. Denne teljinga galdt mellom anna alle gardsbruk over 10 mål dyrka mark. Det kan også finnast husstandskort som gjev opplysningar om kor stor husstanden var, namn, adresse, fødselsår, stilling i husstanden og yrke frå 1.verdskrig. Arkivet etter forsyningsnemndene kan vere svært omfattande. Også i denne perioden var det  ei rekkje teljingar, t.d. arealteljingar. Det vart også gjort rasjonaliseringsteljingar for å få oversikt over hushalda i den einskilde kommunen. 

Kjelder