Nettverk for by- og stadutvikling: Den gode samtalen

Nettverket er ein møteplass for alle kommunane i Vestland og Vestland fylkeskommune. Her skal me utveksle erfaringar, lære av kvarandre og få ny kunnskap og idear til nye samarbeid på tvers av fag og geografi.

Dette er tverrfaglege samtalar og samarbeid, og vi koplar på fagfolk – både eksterne og interne – avhengig av kva som er tema for møta. 

Tema denne gongen er korleis vi kan bruke om att hus, bygningselement og materialressursar i stadutvikling?

Gjestene denne gongen er Victor Marshall Tveiten. Han er restaureringshandtverkar hos Stiftelsen Bryggen. Victor vil fortelje om og vise prosessen med lemstoveprosjektet deira i Nordheimsund.

Solveig Valland er sivilarkitekt MNAL (Medlem av Norske arkitekters landsforbund) og dagleg leiar i Geoplan AS. Solveig har prosjektert huset og vil vise og snakke om korleis ho har arbeidd med prosjektet.

Ta kontakt

Har du innspel til tema for framtidige møte i nettverket, ta kontakt med Mona Steinsland.

Det er faste møte i nettverket første tysdag i kvar månad klokka 10–11. Me utviklar innhald og form på møta saman med kommunane.

Les meir om nettverket for by- og stadutvikling.