Rådgjeving til kommunane
Fylkeskommunen rettleiar og følgjer opp kommunane slik at innvandrarar får eit best mogleg tilbod om relevant utdanning og arbeid.
Kva ramme har vi?
Fylkeskommunen er ansvarleg for det regionale integreringsarbeidet, jamfør integreringsloven.
Regional utviklingsplan for Vestland seier at Vestland skal
- vere eit leiande verdiskapingsfylket og nasjonal pådrivar for eit regionalisert og desentralisert Noreg
- utvikle eit framtidsretta og inkluderande arbeids- og næringsliv, basert på regionale fortrinn, forsking, og innovasjon
- fremje opne og inkluderande arenaer for deltaking i kultur, frivillig arbeid, og sivilsamfunn.
Kunnskapsgrunnlaget for den nye regionale utviklingsplanen gjer det klart at utanforskap framleis er eit viktig tema for samfunnsutviklinga framover. Vi veit at talet for utanforskap er langt høgare for innvandrarar (ca. 24 prosent i fylket) enn for befolkninga elles (ca. 12 prosent i fylket), og dette gjeld for alle regionane. Det er eit viktig mål å motverke utanforskap i denne befolkningsgruppa. Godt inkluderings- og integreringsarbeid er sentralt om me skal kunne nå målet om fremje utjamning av sosial ulikskap.
Kva mål har vi?
Fylkeskommunen skal understøtte kommunane sitt arbeid mot utanforskap.
Vi skal legge til rette for at kommunane har arenaer for erfaringsutveksling og fagleg kompetanseheving innanfor integrerings- og inkluderingsfeltet. Kunnskapsbasert arbeid er naudsynt for at vi skal kunne ha effekt av tiltaka. Fylkeskommunen har, i si rolle som regional utviklingsaktør, eit strategisk overblikk som skal kome kommunane til gode.
Kva verktøy har vi?
Fylkeskommunen gjer direkte rådgjeving til kommunane, er vertskap for konferansar og seminar, deler relevant informasjon, har ein rådgjevande rolle inn i forskjellige prosjekt, og forvaltar tilskotsordningar.
Kva gjer vi?
Fylkeskommunen hentar inn informasjon om korleis det går med kvalifiseringsarbeidet i kommunane, og kva kunnskap kommunane ynskjer meir av i sitt inkluderings- og integreringsarbeid. Informasjonen som innhentast vert nytta til å lage seminar og konferansar for kommunane.
Kvar månad sender fageininga Folkehelse og integrering ut digitalt nyheitsbrev, kor vi informerer om siste nyhende på området, fagrapportar, seminar og konferansar. Nyheitsbrevet er også ein arena kor relevante aktørar på feltet kan presentere seg.
Fylkeskommunen inviterer også til webinarar for aktørar på feltet i fylket. Informasjon om komande webinar sendast direkte til kommunekontaktane, og leggast også inn nyheitsbrevet.