Inkludering i Vest
Gjennom prosjektet Inkludering i Vest skal vi førebyggje utanforskap, og få fleire av dei som står utanfor arbeidslivet i Vestland ut i jobb!
Prosjektet er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune, Nav, NHO, LO, KS/kommunane og regionale kompetanseforum.
15 000 fleire i jobb
Det er mangel på arbeidskraft i nærast alle næringar i Vestland. Kvar skal vi finne folk i tida som kjem?
Målet vårt er å få 15 000 fleire ut i jobb i fylket vårt dei neste fem åra, frå målgruppene (20–64 år) som i dag har låg yrkesdeltaking:
- ungdom utanfor arbeid, utdanning og tiltak, inkludert uføre
- arbeidsledige utan fullført vidaregåande opplæring
- arbeidsledige med ei funksjonsnedsetting som krev særleg tilrettelegging
- langtidsledige (uavhengig av alder)
- unge som står i fare for å falle frå vidaregåande opplæring
- eldre som står i fare for å falle ut av arbeidsstyrken, både arbeidsledige og arbeidstakarar
- personar med flyktningbakgrunn
Kva skal vi gjere fram til 2028?
Det er viktig å tilby likeverdige, lovpålagte tenester i heile fylket og oppskalere dei tiltaka som ser ut til å fungera. Vi skal også utvikle nye tiltak for å auke deltaking i skule og arbeidsliv, basert på forsking. I prosjektet skal vi jobbe med å få enda meir god statistikk på plass, slik at vi treffer godt med tiltaka våre.
Arbeidspakker
Inkludering i Vest besår at eit forprosjekt som består av anbefalinger om prioriteringar og/eller lovende satsingsfelt for hovudprosjektet (2025), og hovudprosjektet med fire arbeidspakkar.
Arbeidspakke 1: Omforeinte data og definisjonar
Sørgje for omforeinte data og utanforskaps-definisjonar mellom sentrale data-eigarar, som gjer det mogleg å utvikle treffsikre tiltak.
Når: April – oktober 2025
Arbeidspakke 2: Tilby likeverdige tenester
Tilby likeverdige lovpålagte tenester i heile fylket gjennom å identifisere og oppskalere lovande praksisar i utvalde tenester. Oppskalere lovande tiltak utanfor lovpålagte tenester ved bruk av eksisterande strukturar.
Når: Oppstart september 2025
Arbeidspakke 3: Nye tiltak og pilotprosjekt
Utvikle nye tiltak for å auka deltaking i skule og arbeidsliv, basert på forsking.
Når 2025–2027
Arbeidspakke 4: Kommunikasjon og resultatspreiing
Utarbeide kommunikasjonsplan med fokus på kunnskaps- og resultatspreiing, og synleggjering av barrierar. Utvikle ei dynamisk ressursside/landingsside.
Når: Mai 2025
Samarbeid i Vestland
Vi treng samarbeid på tvers for å komme i mål. Nokre resultat vil kome gjennom tiltak som raskt kan setjast i gong, til dømes gjennom prosjektet Sommarjobb i Vestland. Andre resultat kjem gjennom meir langsiktige og strukturelle endringar og tiltak, som for eksempel Fagveg, Rett i jobb, og Alternativ skulearena.
Inkludering i Vest er paraplyen for mange tiltak i Vestland og vi kjem til å måle resultat. Forskingsinstituttet NORCE skal bidra til å dokumentere og evaluere tiltak, slik at dei beste praksisane kan bli del av varig drift.
Døme på tiltak
Nedanfor ser du nokre av tiltaka som kjem inn under paraplyen Inkludering i Vest. Dette er altså døme på bra arbeid som vert gjort, og som no anten skal forskast på eller bli løfta fram slik at fleire kan ta i bruk/la seg inspirere. Utvid for å lese meir.
HUB-en – ein utvida læringsarena
Hub-en på Firda vidaregåande skule er eit tiltak for elevar som treng noko anna enn berre klasserommet i opplæringa. Skulen har jobba med å finne måtar for å møte ufrivillig skulefråvær, stress og forventningspress på, og inkludere ungdomane betre i skulen.
HUB-en fungerer som ein utvida læringsarena for elevar som kan trenge ekstra tilpassing i skulekvardagen, og som kan vere i faresona for å falle frå den vidaregåande opplæringa.
Tiltaket er ope for alle elevar på skulen, og ein treng ikkje særskild grunnlag for å ta det i bruk. På HUB-en kan elevar som strevar med å møte i klasserommet få fagleg og sosial oppfølging i trygge rammer.
Her samarbeider pedagogar, rådgjevarar, miljørettleiarar, helsesjukepleiar oppfølgingstenesta og PP-tenesta om å gje elevane eit best mogeleg tilbod og hindre fråfall i vidaregåande opplæring.
Kva skjer på HUB-en?
- elevane får opplæring av pedagogar, og har ein trygg plass å komme til
- elevane opplever meistring
- laget rundt eleven samarbeider tverrfagleg for å leggje best mogeleg til rette for den enkelte
- helse og trivsel aukar
Nysgjerrig på å vite meir?
For meir informasjon, kontakt Tove Hanne Ommedal, rektor på Firda vidaregåande skule: tove.hanne.ommedal@vlfk.no
Du finn også meir om HUB-en i masteroppgåva: Korleis arbeider lærarar for å støtte elevar som står i fare for fråfall, og korleis vurderer dei den utvida læringsarenaen HUB i dette arbeidet?
Raskt i jobb – tilbod til flyktningar i introduksjonsprogram
«Raskt i jobb» vart starta opp i 2017 som eit samarbeidsprosjekt mellom Nav Vestland (Hordaland den gong) og Bergen kommune. Prosjektet kom i gang etter at det vart løyvd midlar gjennom «Hurtigsporet». «Hurtigsporet» skulle bidra til å tilby betre arbeidsretta tenester til deltakarar i introduksjonsprogrammet.
Målgruppa for tilbodet var og er flyktningar som har ein god match mot det norske arbeidsmarknaden, som ønskjer lønna arbeid og at språkferdigheitene då kan utviklast hos arbeidsgivar.
For mange menneske som kjem til Bergen som flyktningar, og har lite eller inga kunnskap om norsk arbeidsliv, kan deltaking i arbeidslivet verke som ei utfordrande oppgåve. Individuell tilrettelegging kan vere det som skal til for å lukkast.
I samarbeid med arbeidsgivar, vegsøkar og integreringskonsulent, støttar ein jobbspesialist med strategiar for å handtere kulturelle utfordringar og tilpassing av arbeidsplassen. Resultata har vore gode med opp til 90 prosent formidlingar av deltakarar.
Tilbodet finst i dag også i Askøy og Øygarden kommunar.
Nysgjerrig på å vite meir?
Kontakt Cecilie Heltzer Malin, metoderettleiar, tlf: 41 32 85 48.
Les meir på nav sine sider: Individuell jobbstøtte for flyktninger - nav.no
Rett i jobb – ein praksisnær veg til fagbrev innanfor bygg- og anleggsbransjen
Rett i jobb har som mål å gje unge vaksne ein praksisnær og strukturert veg inn i arbeidslivet, og er eit tett samarbeid mellom Eba Vestenfjelske/ByggOpp, Vestland fylkeskommune og Nav. Deltakarane får ei individuell fagopplæring i betongfaget med merksemd på styrkar, meistring og arbeidstilknyting.
Rett i jobb passar for dei mellom 19 og 30 år som er motivert for ei praktisk framtid. Dei som deltek blir kartlagt og plassert inn på rett nivå og får opplæring i mindre, sjølvstendige modular som fører fram mot eit fagbrev i betongfaget.
Deltakarane får:
- praktisk opplæring frå dag éin i bedrift – mindre teori, meir praktisk arbeid
- stegvis progresjon, personleg tilpassing og god oppfølging
- lærlingløp med lønn etter oppstart i bedrift
- fagbrev som gjev trygg jobb, lønn og fleire moglegheiter i arbeidslivet og vidare utdanning
Rekruttering pågår! For meir informasjon kontakt Pål Sande Magnussen på tlf 40905211, eller e-post: Pal.sande.magnussen@vlfk.no
Moglegheiter, val og vegen vidare
"Moglegheitar, val og vegen vidare" er eit karriererettleiingskurs for ungdom og unge vaksne.
Her får ungdommar som er utanfor arbeid og opplæring betre føresetnader for å gjere gode utdannings- og karriereval. Ungdommane skal få den nødvendige støtta og hjelpa dei treng for å kunne ta informerte og reflekterte val som dei kan byggja vidare på og som kan føre til framtidig arbeid.
Kurs går over fire dagar, totalt 16 timar, der ungdommane får:
- lære meir om moglegheiter som kan vere motiverande innanfor dine interesser, ønskje og behov
- lære korleis gjere informerte og gode val for vegen vidare
- verktøy for å gjere gode val innanfor utdanning, arbeid og aktivitet
- nødvendig støtte og hjelp for å ta reflekterte og informerte val i framtida
- ein konkret plan for å komme i ønska aktivitet (anten arbeid, utdanning, eller annan aktivitet)
For meir informasjon om Moglegheiter, val og vegen vidare ta kontakt med:
Pål Sande Magnussen på tlf 40 90 52 11 eller e-post: pal.sande.magnussen@vlfk.no
Petter Haaland på tlf. 92 63 23 58 eller e-post: petter.haaland@vlfk.no
Resonate
Resonate er eit samarbeidsprosjekt med ni vidaregåande skuler i Noreg, Finland og Danmark. Gjennom musikkterapi, psykologi og samfunnsvitenskap arbeider prosjektet for å redusere skolefråfall og fremje inkludering.
Elevar, lærarar og lokale aktørar deltek i medskapande musikkaktiviteter, som song, lytting og gruppeframsyningar. Desse aktivitetane styrkar sosial tilhøyrsle, eigenuttrykk og emosjonell motstandskraft.
Hovedpunkter:
- Tiltakene følger LK20 står for Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020, som er ein revisjon av norske læreplanar for grunnskole og vidaregåande opplæring. og byggjer på forskingsbasert kunnskap
- Effekten på elevengasjement og trivsel evaluerast med «mixed-methods»
- Medskapingsprosessar sikrar elev- og lærarinnspill
- Modellar kan overførast til skular nasjonalt og internasjonalt
Prosjektet bidreg til systemforbedringar innan ungdomsintegrering, støttar læringsmiljø og tverrfagleg samarbeid, og kan påverke utdanningspolitikk og praksis i Europa.
Vil du vite meir?
Viggo Krüger, viggo.kruger@uib.no
Sjå prosjektside
Fargespill i skulen
Dette er eit skulebasert utviklingsprosjekt for vidaregåande skular i samarbeid mellom fylkeskommunen og Hver uke møtes barn og ungdom med forskjellig kulturell bakgrunn for å utforske hverandres kulturarv på en respektfull og nysgjerrig måte. Fargespill lager forestillinger som gir et nært og musikalsk møte med unge menneskers historier, fortalt gjennom musikk og dans fra deres oppvekst og liv. Sammen jobber vi mot et mål som forteller om en vei videre for et mer mangfoldig samfunn. Stiftelsen Fargespill driver Fargespill Norge fra hovedkontoret i Bergen og består i tillegg av kompanier i Oslo, Bodø, Kristiansand og Tromsø. (Kjelde: fargespill.no).
Fargespill i skulen...
- er retta mot lærarar og leiarar som jobbar med mangfald i ulike samanhengar
- gir konkrete verktøy for å sjå og bruke elevmangfaldet som ein ressurs og utvikle djupare forståing, betre relasjonar og eit tryggare læringsmiljø.
- kombinerer ressursorientert pedagogikk med identitetsstyrkande arbeid som skal bidra til at elevane får utforske og uttrykke kven dei er og oppleve anerkjenning for sine erfaringar og sin personlegdom
- bidrar til at elevane skal stå sterkare i eigen identitet og møte andre med større openheit og respekt.
- er læringsressursar utvikla i samarbeid mellom Fargespill og Høgskulen på Vestlandet, basert på Fargespill sitt langvarige arbeid med barn og unge med røter frå heile verda.
- har første utprøving i vidaregåande opplæring planlagt vår/haust 2026
«Hvis jeg bare hadde møtt mennesker som så begrensningene mine, kunne livet mitt lett blitt en endeløs rekke med nederlag. Men fordi noen også hadde forventninger om at jeg skulle bidra med det unike jeg hadde, fikk jeg et annet indre bilde av hvem jeg kunne bli. Og sakte, men sikkert, ble jeg det bildet.»
Sitater er frå Mona Ibrahim Ahmed, tidligere fargespillaktør, no minoritetsrådgjevar for IMDi.
Vil du vite meir?
Kontakt Linda Farestveit på e-post