Vegprosjekt
Regionale hovudvegar, andre vegprosjekt og ferjeavløysing.
Vi tek atterhald om at det kan vere noko unøyaktig detaljinformasjon i kartløysinga.
Regionale hovudvegar
I Regional transportplan 2022-2033 er det lagt til grunn utviklingsstrategi i tråd med kunnskapsgrunnlaget Strekningsvise utgreiingar. Dette gjeld følgjande strekningar:
- fv. 48 Årsnes-Tysse, Kvinnherad, Kvam, Bjørnafjorden og Samnanger kommunar
- fv. 49 Odda-Jondal-Trengereid, Ullensvang, Kvam, Samnanger og Bergen kommunar
- fv. 55 Skjolden-Sogndal og Dragsvik-Vadheim, Luster, Sogndal og Høyanger kommunar
- fv. 57 Knarvik-Storehaug, Alver, Austrheim, Gulen, Hyllestad, Fjaler og Sunnfjord kommunar
- fv. 79 Granvin-Norheimsund, Voss kommune og Kvam herad
- fv. 500 Austrepollen-Ranavik, Kvinnherad kommune
- fv. 609 Dale-Askvoll-Førde, Fjaler, Askvoll og Sunnfjord kommunar
- fv. 615 Storebru-Sandane, Kinn og Gloppen kommunar

I dei tentative rammene til RTP er det lagt opp til ei ramme på 800 mill. kr. i økonomiplanperioden for tiltak langs regionale hovudvegar. Med bakgrunn i den krevjande økonomiske situasjonen som fylkeskommunen står i vil det vere svært krevjande å nå dette målet i komande økonomiplanperiode.
Nedanfor blir det gitt ei oversikt over dei største prosjekta langs dei prioriterte hovudvegane, og kva fase prosjekta er i:
Oversikt over dei største vegprosjekta og fase

Fv. 57 Strandanes-Holmeli

Fv. 57 Perhaugen-Storehaugen
Fv. 55 Tronvik-Ulvåna
Fv. 55 Høyheimsvik-Nes

Fv. 48 Mundheim-Holdhus
Fv. 57 Båtevika-Storehaugen
Fv. 500 Ferjekai Djupavika- ferjesamband Stord-Kvinnherad
Fv. 57 Strandanes-Sæteneset
Fv. 500 Tofte-Sæbøvik (Sæbøvikbrekka)
Fv. 57 Sløvåg-Rutledal
Fv. 57 Lindås tettstad-Mongstad
Fv. 57 Lindås-Austrheim grense
Andre vegprosjekt
Grunna dei økonomiske rammene og mange behov, er det i avgrensa grad moglegheit å prioritere store vegprosjekt i fylket. Det er i Regional transportplan 2022-2033 lagt til grunn følgjande strategiar for vegnettet:
"h) Sikre forsvarleg og berekraftig forvaltning av vegnettet gjennom å prioritere vedlikehald og utbetring av eksisterande veg framfor nybygging.
i) Budsjettrammene til løpande drift og vedlikehald skal aukast for å stoppe forfall og redusere vedlikehaldsetterslep.
j) Funksjonsinndelinga av fylkesvegnettet skal leggjast til grunn for prioritering av drift, vedlikehald, utbetring, fornying og standard på vegdrifta.
k) Vegar med funksjonsklasse B skal prioriterast ved gjennomføring av strekningsvisestandardhevingstiltak.
l) For vegfunksjonsklasse C, D og E er punktutbetring og strekningsutbetring aktuelt."
Prioritering av vegar i funksjonsklasse B som er omfatta av strekningsvise utgreiingar, er omtala i avsnittet over om prioriterte regional hovudvegar. For vegar i funksjonsklasse C og D vart det i førre rullering av RTP investeringar vart det rådd til å gjennomføre moglege tiltak på strekningane fv. 576 Mundheim-Tørvikbygd og fv. 607 Hyllestad. Det er no starta opp forprosjekt på begge strekningane. Grunna manglande midlar er det ikkje prioritert å arbeide vidare med vegar i funksjonsklasse C og D no.
Det er gjort ei prioritering av andre vegprosjekt som ikkje inngår i Prioriterte regionale hovudvegar. Dette er tiltak som i utgangspunktet er over 50 mill. kr.
I prioriteringane er det lagt vekt på moglegheit for spleiselag og kombinasjon med andre tiltak i områda.
Andre vegprosjekt

Fv. 548 Skånevik - Nesvågen, Etne |
Fv. 5402 Bavallsvegen, Voss |

Fv. 560 Hammarsland – Eide, Øygarden |
620 Kjøde - Sandvik |
Fv. 541 Krossleitet-Grimstvedt-Sveio sentrum, Sveio |
Fv. 545 Stord vestside (kommunegrense Stord – Fitjar, Stord/Fitjar |
Fv. 61 Naveosen- Brubakken |
Fv. 614 Svelgen-Indrehus, Bremanger |
Fv. 5062 Tverrsamband sjukehuset-Ådland bru (Øvre Sæ - Tysevegen), Stord |
Fv. 611 Sæle-Engebø del 1, Sunnfjord |

Fv. 562 Juvikflaten, Askøy |

Fv. 566 Vesetgjelet |

Fv. 561 Kolltveit – Ågotnes |
Fv. 611 Sæle-Engebø del 2, Sunnfjord |
Fv. 587 Arnatveit-Midtun (Grimesvingane), Bergen |
Fv. 617 Kapellneset-Raudeberg, Kinn |
Fv. 561 Dale bru, Øygarden |
Fv. 576 Mundheim - Tørvikbygd, Kvam/Kvinnherad |
Fv. 424 Vesterland-Storamyri, Sogndal |
Fv. 607 Hyllestad |
Ferjeavløysing
Eit ferjeavløysingsprosjekt inneber at det blir bygd eit nytt vegsamband, vanlegvis ei bru eller ein undersjøisk tunnel med tilhøyrande vegnett, som erstattar eller kortar inn på eit ferjesamband. Storleiken på ferjeavløysingsmidlane blir rekna ut på bakgrunn av reduksjon i tilskot gjennom inntektssystemet når eit ferjesamband blir avløyst eller korta inn av ei bru eller ein tunnel.
Ferjeavløysingsordninga gir moglegheit for realisering av ferjeavløysingsprosjekt. Sjølv om ferjeavløysingsordninga gir eit betydeleg tilskot til prosjekta, er dette alle omfattande prosjekt som er krevjande for fylkeskommunen å finansiere. Fylkeskommunen må ta opp lån for å finansiere ferjeavløysingsprosjekt, og inntektene kjem først årleg etter at prosjektet er ferdigstilt over ein periode på inntil 45 år. Fylkeskommunen må følgjeleg forskottere ferjeavløysingsmidlane frå staten. Fylkeskommunen berer risikoen knytt til kostnadsauke og rentenivå.
Det er utarbeida ein rapport om moglege forbetringar av ferjeavløysingsordninga. Denne er eit grunnlag for ein dialog med sentrale styresmakter med sikte på å redusere risikoen for fylkeskommunen.
Oversikt over ferjeavløysingsprosjekt

Fv. 606 Ytre Steinsund bru, Solund |

Fv. 5560 Atløysambandet, Askvoll |
Fv. 570 Masfjordsambandet, Masfjorden |
Fv. 5052 Fjeldbergsambandet, Kvinnherad |

Kystvegen Måløy-Florø, Kinn/Bremanger |
Fv. 5042 Huglosambandet, Stord/Tysnes |
Sunnfast, Stord/Tysnes/Kvinnherad |
Fv. 5218 Bjelkarøysambandet, Øygarden/Bergen |
Nytt samband mellom Huftarøy og Reksteren, Austevoll/Tysnes |