Bompengepakkar og andre pakkar
Vi tek atterhald om at det kan vere noko unøyaktig detaljinformasjon i kartløysinga.
Kartet viser prosjekt på fylkesveg i regi av bompengepakkar, men ikkje prosjekt på riksveg og kommunal veg. Mindre prosjekt i bompengepakkene går heller ikkje fram av kartet. Stortingsproposisjonane legg føringar for styring av bompengepakkar.
Det er høg aktivitet på fleire av bompengeprosjekta i økonomiplanperioden. Førdepakken er forlenga med fem år, og aktiviteten i pakken vil auke. Mot slutten av komande økonomiplanperiode vert utbygging i Kvinnheradpakken og Bømlopakken avslutta.
Fylkeskommunen har inngått dialog med Osterøy kommune om ein bompengepakke i kommunen. Vidare vert det arbeidd med eit fagleg grunnlag for delvis bompengefinansiering av fv. 49 Steinsdalen-Eikedalen (Tokagjelet).
Med utgangspunkt i oppdaterte kostnadsanslag viser det seg at ikkje alle prosjekta let seg finansiere i fleire av pakkane. Pakkane skal porteføljestyrast, og det vil vere behov for å ei vurdering av moglegheiter for kostnadsreduserande tiltak og/eller at prosjekt må utgå av pakkane. Det er kontaktutvala for bompengepakkane som har ansvar for porteføljestyring av pakkane.
Følgjande pakkar omfattar fylkesveg:
Førdepakken
Førdepakken vart vedteken i 2015 med delvis bompengefinansiering. Samla sett er det 20 prosjekt på riksveg, fylkesveg og kommunal veg. Stortinget vedtok i januar 2025 forlenging av Førdepakken til 2033, og aktiviteten i denne pakka vil auke betydeleg.
Nordhordlandspakken
Nordhordlandspakken vart vedteken i 2017 med delvis bompengefinansiering. Pakken har 19 delprosjekt, og omfattar både fylkesveg- og riksvegprosjekt.
Askøypakken
Askøypakken vart vedteken i 2013 med delvis bompengefinansiering av fylkesvegprosjekt. Revidert Askøypakke vart vedtatt mai 2022, og legg opp til eit bidrag i finansiering med ytterlegare 648 mill. kr. til fullføring av dei attverande prosjekta i pakken.
Bypakke Bergen
Bypakke Bergen inngår som del av byvekstavtalen for Bergensområdet, og finansierer ulike tiltak for å nå det nasjonale målet om nullvekst i persontransport med personbil i Bergen. Prosjekta i Bergen er omtala under Miljøløftet.
Kvinnheradpakken
Stortinget vedtok bompengepakken i mai 2022. Den er delvis finansiert gjennom bruk av m.a. fylkeskommunale skredsikringsmidlar. Pakken omfattar 7 prosjekt på fylkesveg, inklusiv ei samleløyving til punkttiltak/TS-tiltak.
Bømlopakken
Stortinget vedtok Revidert Bømlopakke i desember 2021, med 3 hovudprosjekt og 3 reserveprosjekt på fylkesveg.
Kvammapakken
Innkrevjinga i Kvammapakken går til å dekke lån til tidlegare investeringar, og det blir ikkje sett i gang nye prosjekt i pakken.
Haugalandspakken
Haugalandspakken har ikkje innkreving i Vestland, men omfattar prosjekt i Sveio og Etne kommunar. Pakken er forlenga fram til utgangen av 2026, eller til en eventuell ny bompengefinansiert bypakke for Haugesund og fastlands-Karmøy er etablert. Det er venta at den nye bypakken startar innkrevjing hausten 2025. Det er avsett eit mindre beløp til tiltak på fv. 47 gjennom Sveio.
Austevollpakken
Austevollpakken er ikkje ein bompengepakke, men eit spleiselag med Austevoll kommune om tiltak på fylkesveg i kommunen.
Oversikt over bompengepakkar

Fv. 564 Frekhaugkrysset x fv. 5308- Sagstadvegen, Alver |
Fv. 564 Fløksand-Vikebø, Alver |
Fv. 5310 Fosse- Moldekleiv, Alver |
Fv. 5246 Slettebrekka-Hetlevik, Askøy |
Fv. 541 Sakseid-Ekornseter-Hestaneset, Bømlo |
Fv. 546 Storebø-Eidsbøen, Austevoll |

Fv. 5266 Fromreide-Kjerrgarden, Askøy |
Fv. 562 Fauskanger sør, Askøy |

Ny fv. Angedalsvegen-Hafstad |
Fv. 544 Sæbøvik-Eidsvik |

Fv. 601 Storehagen-Angedalsvegen |
Fv. Halbrendsøyra-Indre Øyrane |
Fv. 500/548 Opsanger-Porsvik |
Fv. 5158 Nordvik-Sørstraumen strekning 3 |

Ravnanger terminal |

Fv. 57 Knarvik-Isdalstø |
Fv. 5142 Torangsvåg; Austevoll |