Program for folkehelsearbeid i Vestland
Vestland fylkeskommunen har i 2024 fått godkjend ein ny programperiode for 2024–2026, med ei budsjettert tilskotsramme på 27 mill. kroner.
Program for folkehelsearbeid i kommunane 2017–2027 (folkehelseprogrammet) er ei tiårig satsing for å utvikle kommunane sitt arbeid med å fremje befolkningas helse og livskvalitet. Folkehelseprogrammet, utvikla av kommunane, KS og Helse- og omsorgsdepartementet, skal bidra til å styrke kommunane sitt langsiktige og systematiske folkehelsearbeid jamfør folkehelselova.
Programmet skal særskilt legge til rette for at kommunar utviklar og prøver nye tiltak, arbeidsmåtar og metodar i samarbeid med forskings- og kunnskapsmiljøa, med støtte frå fylkeskommunen.
Vestland fylkeskommune har vore ein del av folkehelseprogrammet sidan 2018, høvesvis gjennom dei tidlegare fylka Hordaland (2018–2024) og Sogn og Fjordane (2019–2025). Fylkeskommunen har i 2024 fått godkjend ein ny programperiode for 2024–2026, med ei budsjettert tilskotsramme på 27 mill. kroner.
Føremål
Folkehelseprogrammet skal:
- særleg bidra til å integrere psykisk helse som del av det lokale folkehelsearbeidet
- fremje lokalt rusførebyggande arbeid
- ha barn og unge (0–24 år) som prioritert målgruppe
- legge vekt på kunnskapsbasert utvikling og spreiing av tiltak blant anna for å styrke barn og unges tryggleik, meistring og bruk av eigne ressursar
- hindre utanforskap ved å fremje tilhøyrsle, deltaking og aktivitet i lokalsamfunnet
- legge til rette for samarbeid mellom aktørar innan blant anna helseteneste, skule og barnehage, politiet og frivillig sektor
Utviklingsarbeidet i kommunane skal ta utgangspunkt i lokale utfordringar og skal vere forankra i kommunale planar etter plan- og bygningslova i tråd med systematikken i folkehelselova. Eit overordna mål er at psykisk helse og førebyggande rusarbeid hjå barn og unge vert ein integrert del av folkehelsearbeidet i kommunane.
Folkehelseprogrammet i Vestland
«Samarbeid for betre trivsel, livsmeistring og livskvalitet for barn og unge i Vestland.»
Folkehelseprogrammet i Vestland skal støtte opp under det overordna målet med folkehelsearbeidet i fylket som er å bidra til eit langsiktig og systematisk arbeid som gir gode leveår, og som jamnar ut sosiale helseforskjellar. Dette skal skje gjennom å styrke tverrfagleg samarbeid og samskaping i kommunane og imellom kommunen, forskings- og kompetansemiljø og andre, og medverknad frå målgruppene. God forankring, økonomi og ressursar er elles naudsynte føresetnader i arbeidet.
I Vestland er folkehelseprogrammet eit samarbeidsprosjekt mellom fylkeskommunen og kommunane som tiltakseigar, forskings- og utviklingsmiljø, frivillig sektor og andre. Fylkeskommunen har ei regional samordningsrolle gjennom å:
- Følgje opp programkommunar med rolla som støttespelar, nettverksbyggar og koordinator for utviklingsarbeidet i fylket.
- Følgje opp søkjarkommunar med rolla å understøtte og hjelpe i søknadsutvikling og endeleg prosjektplan, samt etablere samarbeid med regionale FoU-miljø.
Fylkeskommunen står fagleg og økonomisk ansvarleg overfor Helsedirektoratet. Både fylkeskommunen og kommunane rapporterer årleg på mål og økonomi.
Mål
Hovudmål
Strukturert samarbeid kring trivsel, livsmeistring og livskvalitet for å inkludere alle barn og unge i barnehage, skule, arbeid og fritid.
Delmål
- Utvikling av kunnskapsbaserte lokale tiltak, arbeidsmåtar og verktøy retta mot barn og unge.
- Innsats for psykisk helse og livskvalitet, og rusførebygging, skal være breitt forankra og integrert i kommunane, og gjort synleg gjennom regionale og kommunale dokument/planar.
- Kommunane får auka kunnskap og kompetanse om faktorar som fremjar god trivsel, livskvalitet og psykisk helse for barn og unge.
- Kommunane får auka kompetanse om helsefremjande arbeidsmetodar og tiltaksutvikling.
- Auka innsats for å involvere barn og unge i planlegging, utvikling og gjennomføring av tiltak.
- Auka medverknad frå befolkninga, og samarbeid mellom relevante aktørar i kommunen.
- Vidareutvikle samarbeid og samskaping mellom kommunane, kunnskaps- og forskingsmiljø og fylkeskommunen, og frivillig sektor, samt bruke etablerte nettverk og møteplassar der kunnskaps- og forskingsmiljø bidreg med kunnskapsbygging og samarbeid med kommunane.
- Erfaringar og kunnskap knytt til programmet skal delast internt i kommunen, og ut mot andre kommunar og aktuelle partar. Erfaringar frå tiltak som er avslutta eller i gang i programmet skal nyttast til læring og erfaringsutveksling, særskilt mot kommunar utan tiltak.
- Fylkeskommunens rolle som understøttar overfor kommunane skal styrkast, gjennom lærande nettverk, dialog, rettleiing og innspel, og som mediator imellom kommunane og forskingsmiljøa.
Tiltak
Fullføre og evaluere igangsette tiltak i programkommunar
- Kommunar med pågåande tiltak skal fullføre og evaluere sine tiltak i tråd med plan.
- Fylkeskommunen skal støtte kommunane i tiltaksarbeidet gjennom å følge opp og yte tilskot gjennom den statlege tilskotsordninga for programarbeidet. Dette inneberer at fylkeskommunen skal følgje opp sine forpliktingar i godkjenning av prosjektplan og finansiering. I dei tilfelle kor ein programkommune søker om tilskot utover planlagt prosjektperiode og finansieringsplan, skal dette særskilt vurderast. Det blir ikkje gitt tilskot til vidare drift av tidlegare tiltaksutvikling i programmet, men der kor ekstratilskot er naudsynt for å fullføre eit pågåande tiltak, skal tiltaket prioriterast med ekstraløyving framfor tilskot til nye tiltak.
Invitere til og igangsette nye tiltak i nye programkommunar
- Fylkeskommunen lyser ut og inviterer alle kommunar i Vestland til å søke om deltaking og tilskot til tiltaksutvikling i program for folkehelsearbeid for åra 2024 – 2026. Fylkeskommunen har ei mål om å nå alle kommunar i det generelle og kunnskapsbaserte folkehelsearbeidet.
- Kommunar (og vidaregåande skular i samarbeid med kommunar) kan søke om tilskot til 3-årig tiltaksutvikling for å fremme barn og unges helse og livskvalitet i barnehage, skule, arbeid, fritid og nærmiljø. Tiltaka må seinast vere avslutta og evaluert innan utgangen av året 2027.
- Det skal leggast vekt på kunnskapsbasert utvikling og spreiing av tiltak for å styrke barn og unges tryggleik, meistring og bruk av eigne ressursar. Satsinga skal søke å hindre utanforskap ved å fremme tilhøyrsle og aktivitet i lokalsamfunnet.
- Målgruppa er barn og unge mellom 0-24 år. Kommunar som deltek eller har delteke i programmet, kan søke om midlar til ny tiltaksutvikling, men kommunar som ikkje har delteke i programmet tidlegare og/eller etablerer eit interkommunalt prosjekt, vil bli prioritert. Fylkeskommunen vil også prioritere tiltak som særskild rettar seg mot yngre vaksne (16-24 år) og utanforskap i skule og arbeidsliv.
- I Vestland er det ulike tiltak retta mot barn og ungdom, og arenaer som barnehage, skule, nærmiljø/fritid. Tiltak retta mot ungdom i vidaregåande skule (16-19 år) og yngre vaksne (20-24 år) kring utdanning, tilknyting til arbeidslivet og jobbtryggleik, er noko fråverande i programarbeidet i Vestland.
Fylkeskommunale tiltak
- Fylkeskommunen kan initiere prosjekt/tiltak på vegne og/eller i samarbeid med kommunane jf. særskilde utfordringar som kunnskapsgrunnlaget peikar på, og som er i samsvar med folkehelseprogrammet.
Kurs i prosjekt-/prosessleiing og evaluering
- Som Midtvegsevaluering frå OsloMet syner ønsker programkommunane, særskilt dei små, meir kompetanse om prosjekt- og prosessleiing. Programkommunane ønsker òg meir kunnskap om implementering og evaluering etter at sjølve tiltaka er avslutta.
Kurs i kommunalt samarbeid – Brubyggarkurs (samskapt utvikling)
- Korleis sette livskvalitet og helse på den administrative agendaen? Korleis bygge bru mellom ulike fagmiljø og sektorar, for å fremme økt helse og livskvalitet i kommunane?
- Nettverk for helsefremmande samfunn (Fremsam), Helsedirektoratet og KS står bak eit todagarskurs, som skal utvikle og styrke ulike kompetansar for å lykkast med tverrsektorielt samarbeid for helsefremmande samfunnsutvikling i kommunane.
- Kurset er for leiarar, planleggarar, folkehelsekoordinatorar og liknande i kommunar og fylkeskommunar. Det er tilrådd at kvar kommune er representert med minst to deltakarar for å auke utbytte av gruppearbeid og refleksjonar over praksis i kommunen.