Tilskot til program for folkehelsearbeid 2024–2026
Vestland fylkeskommune lyser ut 23 millionar kroner til tiltaksutvikling i Program for folkehelsearbeid i kommunane (folkehelseprogrammet) for 2024–2026. Fylkeskommunen har eit mål om å nå alle kommunar i det generelle og kunnskapsbaserte folkehelsearbeidet, og inviterer difor alle kommunar i Vestland til å søke.
Gjennom folkehelseprogrammet i Vestland 2024–2026 kan kommunar, og vidaregåande skular i samarbeid med kommunar, søke om tilskot til 3-årig tiltaksutvikling for å fremje barn og unges psykiske helse og livskvalitet. Tiltaka må seinast vere avslutta og evaluert innan utgangen av året 2027.
Søknadsfrist
1. desember 2024.
Frist for innsending av prosjektplan er 1. mars 2025.
Tilskot for programperioden 2024–2026 vil bli lyst ut éin gong. Det vil ikkje vere mogleg å søke om opptak som programkommune utover søknadsfristane over.
Føremål med tilskotsordninga
Føremålet med program for folkehelsearbeid er å styrke kommunane sitt langsiktige og systematiske folkehelsearbeid med å fremje befolkninga si helse og livskvalitet, og bidra til:
- Utvikling av kunnskapsbaserte lokale tiltak, arbeidsmåtar og verktøy for å fremje livskvalitet og psykisk helse hjå barn og unge, og bidra til rusførebyggande arbeid i kommunane.
- Å integrere barn og unge si psykiske helse som ein likeverdig del av det lokale folkehelsearbeidet.
- Fremje samarbeid mellom kommunar, FoU-miljø, frivilligheit og ulike samarbeidsaktørar i kommunane.
Målgruppa er barn og unge mellom 0 og 24 år.
Kven kan søkje?
- Alle kommunar i Vestland kan søkje.
- Kommunane kan søkje aleine eller i samarbeid med vidaregåande skular, andre kommunar og/eller frivillige organisasjonar.
- Ved interkommunalt prosjekt må éin vertskommune stå som ansvarleg søkjar.
- Søknaden må vere forankra politisk og signert av kommunedirektøren.
- Kommunar som deltek eller har delteke i programmet, kan søkje om midlar til ny tiltaksutvikling. Det blir ikkje gitt midlar til vidare drift av tidlegare eller pågåande tiltaksutvikling i programmet, men der kor ekstraløyving er naudsynt for å fullføre pågåande tiltak, vil dette bli særskilt vurdert.
- Fylkeskommunen kan initiere prosjekt/tiltak på vegne eller i samarbeid med kommunane jf. særskilde utfordringar som kunnskapsgrunnlaget peikar på, og som er i samsvar med folkehelseprogrammet.
Støttenivå
- Det kan søkast om tiltaksutvikling med inntil tre års varigheit frå 2024 til og med 2026, og inntil 3 millionar kroner (inntil 1 mill. kroner per år). Det vil bli gitt tilsegn for alle tre åra med atterhald om løyving over statsbudsjettet.
- Vestland fylkeskommune kan gje støtte med inntil 75 prosent av totalkostnad. Det er krav om eigenfinansiering frå søkjar. Eigenfinansiering i prosjeket kan vere både arbeidsinnsats og eigenkapital.
- Sidan den økonomiske ramma for ordninga er avgrensa, vil tildeling og storleik på tilskot vere avhengig av tal på kvalifiserte søknader.
- Vestland fylkeskommune inngår samarbeidsavtalar med kommunar som tek imot midlar frå programmet.
Kva kan de få tilskot til?
Fylkeskommunen gir tilskot til å utvikle og implementere kunnskapsbaserte lokale tiltak, arbeidsmåtar og verktøy for å fremje barn og unges livskvalitet og psykiske helse, rusførebyggande arbeid og arbeid med sosial ulikheit.
Krav til tiltak
- Tiltaka må ta utgangspunkt i lokale behov, folkehelseutfordringar og -ressursar.
- Tiltaka skal rettast inn mot arenaer der barn og unge naturleg oppheld seg.
- Tiltaka må vere universelle tiltak retta mot barne-/ungdomsbefolkninga (ikkje individretta tiltak).
- Tiltaka skal vere kunnskapsbasert. Kommunen kan søkje om midlar til økonomisk og fagleg støtte til kunnskapsbasert utvikling.
- Tiltaka skal evaluerast, effekt-, eigen- eller prosessevaluering, i samarbeid med eit forskings- eller kompetansemiljø.
- Tiltaka skal dokumenterast slik at dei kan delast med andre.
- Tiltaka må seinast vere avslutta og evaluert innan utgangen av 2027.
Søkjer kommunar seg inn i programmet med prosjekt som rettar seg mot same innsatsområde, kan Vestland fylkeskommune ta initiativ til utvikling av prosjektsamarbeid.
Dette får ikkje tilskot
- Det vert ikkje gjeve tilskot til gjennomføring av ordinære driftsoppgåver.
- Det vert ikkje gjeve tilskot til drift av organisasjonar.
- Vestland fylkeskommune fullfinansierer ingen prosjekt.
- Det vert ikkje gjeve tilskot til allereie eksisterande tiltak i folkehelseprogrammet, med der kor ekstraløyving er naudsynt for å fullføre pågåande tiltak, vil dette blir særskilt vurdert.
Vestland fylkeskommune tek atterhald om at fylket vert tilført årlege tilskotsmidlar frå Helsedirektoratet gjennom årlege budsjettvedtak i statsbudsjettet.
Søknad og søknadsprosess
Søknadsprosessen er to-delt:
1. Søknad/prosjektskisse:
Kommunen fyller ut og sender inn søknadsskjema med prosjektskisse innan søknadsfrist 1. desember 2024.
FoU-utvalet i Folkehelsenettverket Vestland vil på grunnlag av søknad og prosjektskisse vurdere og gje råd til fylkeskommunen på kva kommunar og tiltak som bør godkjennast for opptak i folkehelseprogrammet for perioden 2024-2026. Kommunar og tiltak som blir godkjend for opptak vil i samarbeid med eitt eller fleire FoU-miljø utvikle endeleg prosjektplan.
2. Prosjektplan
Kommunar og tiltak som vert godkjend for opptak vidareutviklar prosjektskissa til endeleg prosjektplan innan 1. mars 2025.
Prosjektplanen skal gje ein meir detaljert beskriving av tiltak, plan for tiltaksutvikling, framdriftsplan, evaluering og budsjett.
Samarbeidsorganet/Folkehelsenettverket i Vestland ved FoU-utvalet vil gje råd om tilldeling /fordeling av midlar i tråd med kriterium sett for programarbeidet i Vestland. Tildeling av midlar vil skje medio mars/april 2025.
Vurderingskriterium
Søknadane vil bli handsama samla av fylkeskommunen i samråd med FoU-utvalet i Folkehelsenettverket Vestland etter søknadsfrist, og i tråd med gjeldande regelverk og kriterium. Ei samla heilskapleg vurdering skal leggast til grunn for prioriteringar. Alle får skriftleg svar når søknadene er ferdig handsama.
Søknader og tiltak vil bli vurdert ut frå følgjande kriterium:
Generelle kriterium
- Prosjektet er i tråd med programbeskrivinga i Program for folkehelsearbeid i kommunane 2017-2027 (pdf).
- Prosjektet er i tråd med kommunale planar og Handlingsplan for folkehelse 2022-2025.
- Prosjektet fremjar barn og unges psykiske helse og livskvalitet, rusførebyggande arbeid og arbeid mot sosial ulikheit.
- Prosjektet blir/vert utvikla på arenaer der barn og unge oppheld seg, som barnehage, skule, arbeid og nærmiljø/fritid.
Spesifikke kriterium
- Prosjektidé og lokalt ressurs-/utfordringsbilete.
- Mål, resultat- og effektmål.
- Plan for planlegging, organisering, gjennomføring og evaluering
- Samarbeid med FoU-miljø.
- Medverknad frå barn og unge.
- Innovativt/nyskapande aktivitet.
- Prosjektet er forankra i kommunale planar.
Kommunar som ikkje har delteke i programmet tidlegare, og tiltak som særkild rettar seg mot yngre vaksne (16–24 år) og utanforskap i skule og arbeidsliv, vil bli prioritert.
Rapportering og kontroll
Vilkår og retningslinjer for gjennomføring av tiltak går fram av tilsegnsbrev. Tilskotet må bli brukt i samsvar med planlagde aktivitetar på den måten og i tidsrommet frå søknaden. Vesentlege endringar eller avvik i prosjektet må meldast skriftlig til fylkeskommunen for vurdering og godkjenning.
Tilsegn om tilskot vil gjelde i inntil tre veker frå svar om vedtak er sendt søkjaren. Tilsegn kan falle bort, og midlane inndregne, dersom:
- Søkjar ikkje innan tre veker etter å ha mottatt tilsegn om tilskot signerer og returnerer tilsegnsbrevet.
- Tiltaket ikkje er igangsatt innan 3 månader etter tildeling.
- Søkjar ikkje har bede om utbetaling av tilskotet i samsvar med dokumentert framdrift og kostnadsplan.
Tilsegnsmottakar skal sende ein årleg rapport for prosjektet med rekneskap, som viser korleis tilskotet er nytta og om måla for tiltaket er nådd. Krav til rapportering og fristar vil gå fram av tilsegnsbrev. Det rapporterast i eigne skjema. Det skal også sendes inn ei beskriving av tiltaket ved oppstart, årleg oppdatering av framdrift og avslutning av prosjektet som skal brukast på www.forebygging.no for å dele erfaringar med andre kommunar.
Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha høve til å setje i verk kontroll på at midlar vert forvalta som føresett, og derav rett til dei dokument og opplysningar ein finn påkravd for kontroll.
Klage
Vedtak om programtilskot er enkeltvedtak med klagerett jf. forvaltningslova § 28.
De har høve til å klage på vedtaket innan tre veker etter at de har motteke tildelingsbrev. Ein eventuell klage skal sendast til Vestland fylkeskommune på e-post til post@vlfk.no. Klagen merkast med saksnummer slik det kjem fram i vedtaksbrevet.
Klagen må innehalde opplysningar om
- kva vedtak ein klagar på
- kva endring ein ønskjer
- kvifor ein klagar
- andre opplysningar som kan telje med når klagen skal vurderast