Mange skulebarn bur på Paradis, og det er ofte mykje trafikk der. Den nye brua skal få gåande og syklande trygt over Nesttunvegen og bybanesporet.
Denne artikkelen er ein del av klimamagsinet "Den grøne leiartrøya".
– Betre enn klimabetong
Det spesielle med Paradis bru er at ho skal lagast av samansette kunststoffmateriale, eit plastkompositt, som er tilnærma vedlikehaldsfritt.
– Sjølv ikkje klimabetong er eit betre alternativ. Ofte høyrer vi om klimabetong, eller klimasement, som gir lågare CO2-utslepp, men er svakare enn vanleg betong. Ofte må ein bruke meir betong og armering eller stål i slike konstruksjonar. Vinninga går difor opp i spinninga, fortel bruingeniør Håkon Tryti Nilssen, som er byggeleiar for Paradis bru i Vestland fylkeskommune.
Komposittmateriale er sette saman av to eller fleire forskjellige materiale. Det gir betre eigenskapar enn grunnmateriala kvar for seg. Ikkje berre er det betre for miljøet å få produsert ei sånn bru, men kostnaden fylkeskommunen sparar på vedlikehald, kan brukast andre plassar.
FNs berekraftsmål 9.1
Utvikle påliteleg, berekraftig og solid infrastruktur av høg kvalitet, inkludert regional og grensekryssande infrastruktur, for å støtte økonomisk utvikling og livskvalitet med vekt på overkomeleg pris og likeverdig tilgang for alle.
Når kan vi gå over Paradis bru?
Konkurransen om kven som skal få bygge brua er no ute. Kontrakten blir tildelt ein leverandør som i samarbeid med fylkeskommunen skal detaljprosjektere, produsere, frakte og sette saman og montere brua.
Planlagt byggetid vil vere viktig når fylkeskommunen vurderer tilboda, i tillegg til god visuell framtoning og rask montering.
Ikkje eitt rett svar
Når fylkeskommunen ikkje kan bygge på plassen, fordi bybanen går der, må brua eller delar av ho kome ferdig bygd. Mykje spelar inn når rett bru skal veljast, mellom anna transport og vekt.
– Klarar vi oss utan stål og tyngre materiale, kan vi transportere meir. Kor delane blir produserte har også noko å seie. Kortare transportetappe gir mindre belasting på vegnettet, seier Tryti Nilssen.
Då det vart valt materiale for Paradis bru, var det den totale levetida, vedlikehald, og moglegheit for å krane ho på plass som var viktig.
– Det er ikkje sånn at eitt svar er riktig. Vi må vurdere behova og kriteria vi har for kvart prosjekt. På Paradis var det denne type bru og materiale som oppfylte kriteria som var sette , seier Tryti Nilssen.
Fakta om Paradis bru
- Brua blir sju meter brei og 42 meter lang.
- Materialet er fibre-reinforced plastic (FRP), eller kompositt på norsk. Dette er ganske nytt i bruk i Noreg og treng minimalt med vedlikehald.
- Brua blir produsert på fabrikk. Så blir delane monterte ved byggeplassen, før heile brua blir løfta på plass.