mann i oransje drakt jobbar ved Fjellstrand verft
GRØN SKIPSFART: Grøn skipsfart er ei av verdikjedene rapporten trekker fram som eit område der Vestland kan ha gode moglegheiter for å lukkast. Illustrasjonsbiletet er frå verftet Fjellstrand AS på Oma i Hardanger. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune.

Grøn region Vestland: Jobbar for å finne dei grøne fortrinna

Framtidas havnæringar, sirkulære forretningsmodellar og teknologiske nyvinningar for å kutte utslepp i industrien. Det er nokre av stikkorda for korleis Vestland skal nytte grøne fortrinn for å behalde leiartrøya i klimakappløpet.

Karbonfangst, robotisering og forbetring av kapasiteten i straumnettet er nokre av løysingane prosjektet Grøn region Vestland trekker fram for å lukkast. 

Denne artikkelen er ein del av klimamagsinet "Den grøne leiartrøya".

portrettfoto av fylkesvaraordførar Natalia Golis
Foto: Martin Håndlykken/Vestland fylkeskommune

Saman med næringane skal vi sikre best mogleg premiss for grøn vekst, ein vekst som samstundes kuttar utslepp, forbruk og det økologiske fotavtrykket vårt. fylkesvaraordførar Natalia Golis

Det viktige regionale overblikket

– Vestland fylke viser handlekraft og gjennomføringsevne gjennom dette prosjektet. Det er vi som har peikt ut områda vi kan bli leiande på og definert kva steg som må til for å lukkast, seier fylkesvaraordførar Natalia Golis.

Ho er oppteken av at fylkeskommunen kjenner verdisirklane og aktørane i regionen og ser heilskapleg utvikling her i samanheng med berekraftsmåla til FN.

– Vi skal inspirere, mobilisere, engasjere og koordinere partnarskap for å nå nullutsleppsmålet i 2030. I Vestland er vi gode på pilotar, men no er tida inne for å skalere opp og bygge framtidas arbeidsplassar, seier Golis.

Grøn region Vestland

Grøn region Vestland er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune og Innovasjon Norge, i tillegg til kommunar, regionråd og lokale aktørar. Målet er å identifisere konkurransefortrinn, verdikjeder og satsingsområde med stort potensial for verdiskaping og grøn konkurransekraft.

Prosjektet bygger vidare på rapporten Vestlandsscenarioa 2020 (pdf), som i fjor vart utarbeidd av EY for eit regionalt partnarskap leia av Vestland fylkeskommune. 

Havvind, hydrogen og grøn skipsfart

Vestlandsscenarioa viste 11 nye verdikjeder og 24 forretningsområde der Vestland har potensial til å ta ei leiande rolle og auke konkurransekrafta si i tida framover. 

Havvind, hydrogen og grøn skipsfart er tre verdikjeder der Vestland kan ha gode sjansar for å lukkast, særleg når det gjeld forretningsområda design og bygging av nullutsleppsfartøy. Forretningsområde konkretiserer kor i verdikjedene vi har særlege fortrinn.

foto frå laksefabrikk
SKAL FINNE SATSINGSOMRÅDE: I prosjektet Grøn region Vestland skal kvar av dei fire regionane i fylket få sin eigen delrapport som peiker på satsingsområde, konsept og forretningsmoglegheiter som er kritiske for å lukkast med den grøne næringsutviklinga i regionen. Illustrasjonsbilete: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune.

– Lukkast Vestland, lukkast Noreg

– Vestland var det første fylket i landet som laga ein eigen scenarioanalyse for næringslivet i møte med det grøne skiftet. For å følge opp denne har vi i år kartlagt meir enn 250 grøne innovasjonsprosjekt og vore i dialog med hundrevis av næringsaktørar, seier prosjektleiar Lasse Kolbjørn Anke Hansen i Vestland fylkeskommune.

Logo til FNs berekraftsmål 9

FNs berekraftsmål 9.4

Innan 2030 oppgradere infrastruktur og omstille næringslivet til å bli meir berekraftig, med meir effektiv bruk av ressursar og meir utstrekt bruk av reine og miljøvenlege teknologiformer og industriprosessar, der alle land gjer ein innsats etter eiga evne og eigen kapasitet.

Han legg til at også her er Vestland det første fylket i landet som kan presentere ei kartlegging av grøne initiativ.

— I tett dialog med heile det regionale verkemiddelapparatet, regionråd, kommunar og næringslivet sjølv har vi gjort tydelege og klare prioriteringar, og er no klare for å jobbe saman mot målet om å bli det leiiande grøne verdiskapingsfylket, seier Hansen.

Han seier at Grøn region Vestland er ei naturleg fortsetting av Vestlandsscenarioa, som var eit analyseprosjekt. Det såg på det eksisterande kunnskapsgrunnlaget knytt til kva utfordringar næringslivet i Vestland hadde i møte med globale megatrendar.

No ønskjer vi å få næringslivet sine synspunkt på det grøne skiftet. Lasse Kolbjørn Anke Hansen, Vestland fylkeskommune

— Vi går i dialog med bedriftene og kommunane og ser på behova og føresetnadane til kvar enkelt aktør. Ein viktig del av prosjektet er å finne kva utfordringar dei ulike aktørane i fylket har til felles, fortel Hansen.

Innspela blir viktige i arbeidet med grøn næringsutvikling i åra som kjem.

Scenariorapporten til topps i nasjonal kåring

EY-rapporten Vestlandsscenarioene 2020 vann Konsulentprisen for Årets konsulentoppdrag 2020.

Dette er Vestland sitt vegkart for grøn omstilling. Rapporten handlar om vegen for næringslivet etter Covid-19, og om korleis Vestland kan lukkast med grøn omstilling.

Rapporten er utarbeidd av EY på oppdrag frå ein partnarskap leia av Vestland fylleskommune, der NHO, LO, KS, NAV, Bergen Næringsråd, Næringsalliansen i Hordaland, Sogn og Fjordane Næringsråd, Bergen kommune og Atheno er med.

Dokumentet viser retninga for korleis Vestland kan utviklast til Noregs, og verdas, fremste region innan berekraftig, grøn omstilling og næringsutvikling.

Fire regionar 

I arbeidet med Grøn region Vestland er fylket delt opp i fire regionar med eigne arbeidsgrupper i kvar:

— Vi gjennomfører samlingar, besøk og aktivitetar i kvar region, for å finne fram til konkurransefortrinn, satsingsområde og moglegheiter. Når prosjektet er over skal kvar region få sin eigen delrapport som peiker på satsingsområde, konsept og forretningsmoglegheiter som er kritiske for grøn næringsutvikling i regionen. Ein viktig del av dette vil vere å synleggjere korleis aktivitetar i kvar einskild region heng saman med det som skjer i fylket og i verda elles, fortel Hansen. 

høyanger sett frå lufta
FIRE REGIONAR: Grøn region Vestland har delt fylket opp i fire regionar. På biletet ser du Høyanger som er del av regionen Fjordane. Dei andre regionane er Indre Vestland, Bergensregionen inkl. Nordhordland og Sunnhordland. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune.
Logo til FNs berekraftsmål 17

FNs berekraftsmål 17.17

Stimulere til og fremje velfungerande partnarskap i det offentlege, mellom det offentlege og det private og i det sivile samfunnet som byggjer på erfaringar med partnarskapa og ressursstrategiar.

Møte og bedriftsbesøk

Dei fire regionane fylket er delt inn i, har sine eigne utfordringar og føresetnadar. Det har vore fokusert mykje på viktigheita av å kome seg ut og møte bedriftene der dei er, i tillegg til både fysiske og digitale samlingar.

– Sjølv om folk er vane med digitale møte, er det likevel ikkje til å stikke under ein stol at den fysiske dialogen framleis er å føretrekke. Vi ønskjer derfor i størst mogleg grad å kome ut og møte folk der dei er, seier prosjektleiar Hansen.

Arbeidsverkstad i Bergen

folk sitter rundt runde bord i en bankettsal

Prosjektleiar Lasse Kolbjørn Anke Hansen i samtale med deltakarar frå næringslivet på arbeidsverkstaden i september. Foto: Ole Tommy Skare Hanssen, Vestland fylkeskommune.

På arbeidsverkstaden i Bergen i september samla Grøn region Vestland i samarbeid med Bergen Næringsråd om lag 70 leiarar frå næringslivet, akademia og offentleg sektor i bergensregionen. Innlegga handla om alt frå framtidas havnæring, via karbonfangst til robotisering og kapasiteten i straumnettet. Samarbeid og deling av kunnskap og kompetanse mellom ulike aktørar, vart trekt fram som viktige element for framtidig suksess.

— Trur vi treff tidsånda 

Ifølge Hansen har arbeidet vore prega av mykje engasjement og interesse blant bedriftene og kommunane rundt om i fylket.

Som ein sa til oss: Enn så lenge er berekraft eit konkurransefortrinn, men i framtida vil det vere ein føresetnad. Lasse Kolbjørn Anke Hansen, Vestland fylkeskommune

— Aktørane vi har møtt til no er positive til målsettingane i prosjektet. Folk synest det er bra at fylkeskommunen tek rolla som samfunnsutviklar på alvor. Berekraft og grøn innovasjon står høgt på agendaen ute i næringslivet, uavhengig av bransje, seier Hansen.

Resultata av prosjektet blir lanserte i kvar region i løpet av november og desember.

Kva er Grøn region Vestland?

  • Prosjektet Grøn region Vestland bygger vidare på rapporten Vestlandsscenarioa 2020, som vart utarbeidd av EY for eit regionalt partnarskap leia av Vestland fylkeskommune.
  • Prosjektet skal peike på moglegheiter for å bygge grøne verdikjeder og koplingspunkt mellom ulike aktørar i fire regionar av fylket.
  • Prosjektet skal gi innspel til handlingsprogram Berekraftig verdiskaping 2022–2025 – regional plan for innovasjon og næringsutvikling.
  • Sluttrapporten til Grøn region Vestland skal løfte fram dei viktigaste grøne innovasjonsprosjekta i fylket. Prosjektet skal lansere resultata i november.

Her kan Vestland ta leiinga

Vestlandsscenarioa viste 11 nye verdikjeder og 24 forretningsområde der Vestland har potensial til å ta ei leiande rolle og auke konkurransekrafta si i tida framover.

Verdikjeder

  • Energisystem 
  • Mineralar og lettmetall 
  • Grøn skipsfart 
  • Berekraftig reiseliv 
  • Havvind 
  • Hydrogen 
  • Sjømat/havbruk 
  • CCU 
  • Batteri 
  • Sirkulære modellar 
  • CCS 

Forretningsområde 

  • Blå hydrogenproduksjon 
  • Sirkulær gjenvinning av offshore installasjonar og skip 
  • Berekraftig drivstoff 
  • Bioreaktorteknologi for avfall og slam til energi 
  • Havvindleverandørkjeda og teknologi 
  • Design og bygging av nullutsleppsfartøy 
  • Avfall og restråstoff til energi/fôr/mat og gjødsel 
  • Mineralutvinning frå havbotnen
  • Postsmolt lakseproduskjon 
  • Turnkey hav- og landbaserte oppdrettsanlegg 
  • Utvikle oppdrett av nye artar og planter globalt 
  • Mesopelagisk fiskeri og teknologi  
  • Transport og lagring av CO2 
  • Brenselcelle og fleksible framdriftssystem for maritim sektor 
  • Vind på asfalt 
  • Datasenter  
  • Resirkulering av fôr 
  • Landbasert lakseoppdrett 
  • Boring av brønnar til å lagre CO2 
  • Grøn hydrogenproduksjon 
  • Berekraftig fôr til havbruk og landbruk 
  • Plugging og stenging av brønnar  
  • Berekraftig reiseliv 
  • Batteriproduksjon