Asfalten på vegane mellom gjerda som skil anleggsområdet frå biltrafikken, er nyleg lagt. Dei som køyrer her ofte veit omtrent kor vegen går, men er du ny i området, kan du bli litt usikker på om du har køyrt rett.
Denne artikkelen er ein del av klimamagsinet "Den grøne leiartrøya".
Massane i heile Mindemyren skal skiftast ut, og området ber preg av arbeid. Men gjennom heile anleggsperioden har det vore tilkomst til butikkar, og sykkelvegen gjennom Mindemyren har også vore open.
Sentralt i prosjektet står anleggsmaskiner på fornybar energi, gjenbruk og sortering.
Ny bydel
Området på Minde i Bergen blir ein heilt ny bydel. Sør på Mindemyren finn vi knutepunktet Kristianborg, der elektriske bussar skal rulle oppå brua med rask overgang for passasjerane til Bybanen under brua. Her skal også verdas lengste gang- og sykkeltunnel, på tre kilometer gjenom Løvstakksfjellet, knytast saman med hovudsykkelnettverket i Bergen.
Området rundt bybanespora blir grønt, og i den opne kanalen langs skinnene skal fisken symje.
Grønare bybane
Berekraftsperspektivet er med prosjektet frå prosjekteringa starta til ferdig bygd bane.
Det betyr at Bybanen Utbygging jobbar for å fremje gode løysingar med omsyn til klima og ytre miljø. Miljøvurderingar blir gjort fortløpande, og alle naudsynte klima- og miljøtiltak blir følgde opp og dokumenterte.
Og langt på veg er den grønare bybana komen. Byggeprosjektet brukar nullutsleppsbilar, har elektrisk sorteringsanlegg til gjenvinning av stein og eit mobilt asfaltknuseverk.
Dette er grønare bybane
Grønare bybane inneber at Bybanen skal
- prosjekterast
- byggast
- driftast
- vedlikehaldast
med lågast mogeleg klimagassutslepp og påverknad på ytre miljø.
Aukande gevinst
Bybanen til Fyllingsdalen skal stå ferdig mellom 2022 og 2023. Bana blir vel ni kilometer lang, og køyretida blir 18 minutt frå sentrum til Oasen.
– Vi køyrer no med 96 prosent fornybar energi på anleggsplassane våre, tilsvarande forbruket til 27 600 fossilbiler på eitt år. Gevinsten aukar etter kvart som vi held på, seier Olaug Godøy, som er miljøkoordinator hos Bybanen Utbygging.
– Det elektriske massesorteringsverket på området sørgjer for kortreist stein og gjenbruk av stein. Steinen kjem frå ulike stader på anleggsområdet, vert sortert og brukt igjen. All forureina jord blir frakta vekk til godkjend mottak, i hovudsak i Rådalen, fortel Godøy.
FNs berekraftsmål 7.2
Innan 2030 auke prosentdelen fornybar energi i det samla energiforbruket i verda vesentleg.
Åtte til fire-jobb
Maskina har tatt fatt på arbeidsdagen. Plast og jernstumpar som ikkje skal vere med vidare, vert plukka opp fysisk.
Det er strenge reglar for kva som er lov å gjere. Maskinene held seg innanfor normal arbeidstid, altså mellom klokka åtte om morgonen og aldri seinare enn klokka 16 på ettermiddagen. Dette er det Statsforvaltaren som bestemmer.
Støy og støv vert målt med 30 dagars intervall. Massesorteringsverket er ei av fleire store elektriske anleggsmaskiner som er i bruk.
Gjenbruker asfalt
På Mindemyren er det mange midlertidige omvegar. Asfalt blir lagt og teken opp att. Når nok asfalt er samla opp får dei inn eit mobilt knuseverk. Asfalten kan brukast igjen i forsterkingslag når ein ny veg skal leggast. Sånn reduserer prosjektet mengda asfalt som vert brukt, og det sparar miljøet for lastebillass til og frå anleggsområdet.
– Her er mykje godt fyllstoff som kan brukast igjen, i staden for at vi fraktar det vekk og kjøper nytt inn seinare. Når massane er kortreiste, blir også vegnettet spart for belastning, seier Frode Bryn, HMS-leiar og ansvarleg for ytre miljø på anlegget til entreprenør NCC.
Aksepten aukar
Det vert mykje «verdas første» når ein tenkjer nytt, og noko må det vere lov å skryte av, spesielt når det gjeld det som er bra for klimaet. Verdas første og einaste batteridrivne borerigg starta i jobben sin hausten 2020.
Bybanen er i ferd med å utvide anleggsfamilien med ein lastebil og ein dumper, begge elektriske sjølvsagt.
– Når resultata kjem så aukar aksepten for å prøve noko nytt. Vi må vere framoverlente, og vi fortar oss heile tida. Arbeidet vi held på med har ein haldningsskapande effekt, seier Godøy.
Steinknusing på Mindemyren
Foto: Silje Christine Alvsaker, Vestland fylkeskommune.
- Det er sortert ca. 400 000 tonn massar på Mindemyren, inkludert 60 000 tonn levert frå Ado–Kronstad. Reine massar blir skilte i ulike storleikar og gjenbrukte både på Mindemyren og andre stadar i bybaneprosjektet.
- All fjerna asfalt fra Mindemyren blir knust på anlegget.
- Anlegget kan knuse ca. 100 000 tonn per år når det er i drift. Ein tredjedel blir brukt til forkiling av forsterkningslag (det vil seie gjenvinning) på nye vegtraséar på anlegget. Resten blir gjenbrukt på andre anlegg.
- Bybanen Utbygging køyrer no på 96 prosent fornybar energi på anleggsplassane sine. Det tilsvarar forbruket til 27 600 fossilbiler på eitt år, og ei innsparing på 72 000 tonn CO2.