Søk om utsetting av innlandsfisk
Fylkeskommunen har ansvaret for forvaltning av haustbare, ikkje trua bestandar av innlandsfisk i fylket. Utsetting av fisk er forbode, og krev løyve frå fylkeskommunen.
Krav til søknaden
Fylkeskommunen kan gje løyve til å sette ut innlandsfisk til kultiveringsføremål dersom arten finst i vassdraget frå før.
Søknaden må innehalde følgjande opplysningar:
- Kontaktopplysningar til søkar
 - Kart over lokaliteten/ane
 - Kor fisken skal hentast frå og setjast ut.
 - Art og stamme som skal settast ut
 - Tal fisk som skal settast ut og stadium (egg/ årsyngel/ fleirårig yngel/ vaksen fisk)
 - Kor tid fisken skal setjast ut (månad, over eit år / fleire år)
 - Skildring av naturmangfaldet i vassdraget, gyte- og oppvekstforhold i lokaliteten, om det er fisk i lokaliteten i dag og om det er sett ut fisk tidlegare