Søk om løyve til jakt på kystsel- kvota for steinkobbe er tatt
Vestland fylkeskommune gjev kvart år løyve til å felle sel. Talet på jaktbar sel vil kunne variere frå år til år og mellom artane. Jegerar har til ei kvar tid plikt til å halde seg oppdatert på om det er att dyr på kvota, ved å sjekke her på sida.
Oversikt over seljakt i 2024
Type sel |
Felte dyr så langt |
Total kvote |
Steinkobbe (kvote for Sogn og Fjordane) | 20 | 20 |
Havert (kvote for området Lista - Stad) | 60 | 60 |
Korleis søke om løyve
Vi håper søknadsskjema skal være tilgjengeleg igjen i slutten av veke 50. Du må ha avlagt godkjend skyteprøve for storvilt før du søker om fellingsløyve på sel. Om du hadde fellingsløyve på sel førre år, er det ein føresetnad at du har levert fangstrapport før du kan få nytt løyve. Søknadsskjema og fangstrapport finn du her på sida. Om du skal jakte frå tørt land, treng du i tillegg løyve frå grunneigar.
Om du feller sel, skal dette straks meldast til fylkeskommunen. Dersom den samla kvoten vert fylt, vil fylkeskommunen stogge jakta på den aktuelle arten og sende melding om dette til alle som har fått løyve til å jakte kystsel i Vestland.
Artar det kan jaktast på
Steinkobbe
Vestland blir kvart år tildelt ein kvote på steinkobbar frå området frå Gulen til Stad. Kvar jeger kan bli tildelt ein maksimalkvote på steinkobbar for å sikre at samla kvote ikkje vert overskriden. Jaktløyve for steinkobbe kan tildelast i periodane:
- 2. januar – 30. april
- 1. august – 30. september
Havert
Området Lista til Stad har ein samla kvote på havert. Jaktløyve kan tildelast i perioden 1. februar til 30. september.
Grønlandssel
Dei som har løyve til å drive jakt på kystsel, kan drive fri jakt på grønlandssel langs norskekysten. Jaktløyve kan tildelast i perioden 2. januar til 30. september.