Rett til gratis vidaregåande utdanning

Vaksne har rett til gratis vidaregåande utdanning, realkompetansevurdering og studierettleiing. Retten gjeld vaksne frå det skuleåret som tar til det året dei fyller 19 år.

Du har vaksenrett dersom du

  • fyller 19 år eller meir det året du søkjer
  • ikkje har fullført og bestått vidaregåande utdanning tidlegare
  • har vidaregåande utdanning frå eit anna land som ikkje er godkjent i Noreg
  • har fullført grunnskule eller tilsvarande
  • søkjer i heimfylket ditt 
  • har gyldig opphaldsløyve (gjeld minoritetsspråklege)

Dei som har rett til vidaregåande opplæring for vaksne, skal komme inn på eit opplæringstilbod som fører fram til ein av tre sluttkompetansar som dei har søkt på.

Fylkeskommunen skal sørgje for at søkjarar med betydeleg realkompetanse knytt til ein viss yrkeskompetanse får høve til å formalisere denne kompetansen gjennom fag- eller sveinebrev.

Vi vurderer om du har vaksenrett når du søkjer.

Bruk retten din til å fullføre vidaregåande opplæring gratis.

Ta kontakt med rettleiingstenesta dersom du har spørsmål.

Er du under 19 år kan du søkje om å ta ut rett til vidaregåande utdanning dersom det er særlege grunnar for det.

Døme på særlege grunnar kan vere at søkjaren er i arbeid og derfor har vanskeleg for å gjennomføre opplæring for ungdom.

I vurderinga av om det ligg føre særlege grunnar, er om du har behov for eit meir tilpassa opplegg enn det du kan få innanfor opplæring for ungdom.

Dei som har oppnådd studiekompetanse eller yrkeskompetanse, har rett til vidaregåande opplæring fram til éin ny sluttkompetanse innanfor eit yrkesfagleg utdanningsprogram.

Dette inneber ein rett til fag- og yrkesopplæring for personar som allereie har ein fullført og bestått studie- eller yrkeskompetanse, og som derfor ikkje har rett til vidaregåande opplæring for vaksne (§ 5-1 /18-3 i Opplæringslova)).

Retten er avgrensa til opplæring fram mot éin ny yrkeskompetanse.

Dei som bruker retten til yrkesfagleg rekvalifisering, blir omfatta av reglane om vidaregåande opplæring for vaksne.

Dei som har bestått fag- og yrkesopplæring, har rett til påbygging til generell studiekompetanse frå det skuleåret som tar til det året dei fyller 19 år.

Dei som har oppnådd yrkeskompetanse utan å ha bestått fellesfaga som normalt inngår i opplæringsløpet, har ikkje rett til påbygging, men rett til vidaregåande opplæring fram til generell studiekompetanse (§ 18-3 i Opplæringslova).