Hopp til innhald
TIP1009 – Tverrfagleg eksamen
Førebuing og oppmøte
- Du møter opp 30 minutt før eksamen startar.
- Då får du eit tema og ei praktisk oppgåve.
- Du brukar tida til å planleggje korleis du vil løyse oppgåva.
- Når eksamen startar, blir du henta inn til eksamensrommet/verkstaden.
Om eksamen
- Eksamen er individuell og praktisk.
- Oppgåvene er knytt til læreplanmåla i:
- Produksjon og tenester
- Konstruksjons- og styringsteknikk
- Produktivitet og kvalitetsstyring
- Du skal vise at du kan:
- planleggje arbeidet
- velje riktige metodar og utstyr
- utføre jobben på ein trygg og fagleg måte
- dokumentere det du gjer
- Skulen har alt nødvendig utstyr. Du treng berre ta med personlege verneklede (kjeledress, hanskar, vernebriller, høyrselsvern).
Gjennomføring
- Du utfører ei eller fleire praktiske oppgåver.
- Sensor snakkar med deg undervegs eller etterpå.
- Du skal kunne forklare:
- korleis du har planlagt
- korleis du jobbar
- kvifor du gjer som du gjer
- Sensor kan stille spørsmål frå alle kompetansemåla i programfaga.
Hjelpemiddel
- Du kan bruke alle hjelpemiddel, både i førebuingstida og under eksamen.
- Du kan ikkje kommunisere med andre.
- Merk: Å lese opp notat direkte er lite eigna for å vise kompetanse.
Oppmøte
- Du møter i skolens ekspedisjon.
Krav til sikkerheitsopplæring
- Nokre maskiner krev dokumentert sikkerheitsopplæring etter forskrift § 10-2.
- Dette gjeld blant anna:
- vinkelslipar
- elektrisk sag
- boremaskin
- sveiseutstyr
- Dersom du ikkje kan dokumentere slik opplæring på eksamensdagen:
- kontakt eksamensstaden før eksamen,
- be om nødvendig kurs/opplæring