MOK3010 Grafisk design
Privatisteksamen, våren 2023
Organisering av eksamen:
- Eleven møter kl. 08:30, i oppsett lokale
- Skulen låner ut nødvendig utstyr (PC med relevant programvare, og evt. fotokamera)
- Utdeling av oppgåve, og oppstart av eksamen kl. 09:00
- Oppgåva vil gå ut på å utforme eit grafisk medieprodukt. Innlevering innan kl. 13:30.
- Munnleg presentasjon av arbeidet/produktet med utspørjing frå kl. 13:35-13:50.
Kompetanse som blir vektlagt i vurderinga:
Alle kompetansemåla i læreplanen er aktuelle på eksamen.
Produkt/grafisk arbeid:
- Ide, visuell kommunikasjon og treff i forhold til målgruppe
- Komposisjon: Blikkfang, rørsle, flateinndeling, storleiksforhold, luft og margar
- Typografi: Lesbarheit, bruk av skriftkontrastar, val av skrifttypar, og heilskap mellom tekst og bilde/dekor/foto
- Utføring/produksjon: Bildeoppløysing, og nøyaktigheit i utføring og ved plassering av element
Presentasjon / fagsamtale:
- Utgreiing og visualisering av idear og arbeidsprosess
- Grunngjeving av designmessige val for å treffe målgruppa
- Grunngjeving av visuelle, estetiske og komposisjonsmessige val
- Refleksjonsevne, og evne til å sjå samanhengar
- Kunnskap om, og bruk av relevante fagomgrep knytt til arbeidet/produktet
- Evne til å sjå styrke og forbetringspotensiale i arbeidet