MOK3008 Biletfaget
Privatisteksamen hausten 2024
Organisering av eksamen
- Kandidaten møter på eksamensskulen til tidspunkt som oppgitt i privatistportalen.
- Kort informasjon om rammene for eksamen
- Kandidaten trekker eit førebuingsemne
- Kandidaten har 30 minuttar på seg til å førebu emnet han trekte. I førebuingstida er alle hjelpemiddel lov å bruka.
- Eksamen startar med at eleven mottek ei oppgåve som har samanheng med trekkemnet og jobbar med denne i 120 minuttar.
- Kandidaten presenterer svara på, eller samtalar med sensorane om, oppgåva (10 min)
- Sensorane kan stille spørsmål knytt til andre kompetansemål i faget (10 min)
- Sensorane fastset eksamenskarakteren og formidlar denne til kandidaten (10 min)