Retningslinjer for gjennomføring og vurdering av praktisk privatisteksamen vg3 hudpleie
HUD3008 - Tverrfagleg eksamen hudpleiar
Førebuingsdag
- Førebuingstid: 24 til 27 timar
- Tillatne hjelpemiddel: Alle
Trekke behandling:
Kandidaten skal trekke mellom behandlingane som er lista opp under. Elevane har resten av førebuingsdagen til disposisjon. Det er ikkje lov til å øve på behandlinga i klinikken denne dagen.
Desse behandlingane kan trekkast:
- Hårfjerning
- Andletsbehandling med spesialbehandling
- Kroppsbehandling med spesialbehandling
- Kroppsmassasje
- Manikyr med lakk og spesialbehandlingar
- Pedikyr
Eksamensdag: Praktisk eksamen
Del 1. Individuell tverrfagleg praktisk prøve i klinikken med kunde
Det er berre dei to sensorane som skal vere til stades i eksamenslokalet saman med kandidatane.
- Tillatne hjelpemiddel: Ingen
- Tidsbruk: tid til praktisk prøve er ca. 2 timar, avhengig av kva behandling som blir utført. Kandidaten får kandidatnummer før den praktiske delen av eksamen startar.
Gjennomføring:
- Sensuren startar når kunden kjem.
- Behandlinga skal førebuast, gjennomførast og avsluttast. Kandidatane skal rydde etter seg. Behandlinga skal utførast etter prosedyrar som er gitte i følgje læreplan, lærebok, produktmanualar og opplæring.
- Sensor kan stille spørsmål undervegs.
Del 2. Individuell fagsamtale
- Praktisk del med føring av journalkort som leverast til sensor 2 timar.
- Fagsamtale per kandidat 20 minutt
- Karakter og grunngjeving 10 minutt
Kandidaten skal forklare og grunngje dei viktigaste vala som ble gjort under gjennomføringa. Kandidaten nyttar journalkortet frå konsultasjonen og relevant teori frå helsefremjande arbeid, yrkesutøving og kommunikasjon og samhandling i samtala.
Det blir lagt særleg vekt på:
- grunngjeving av val tatt under behandlinga
- bruk av teori
- om praktisk og teoretisk del stemmer overeins
Gjere greie for og grunngje viktige val du har gjort i behandlinga. Til dette brukar du analysen og konsultasjonen og relevant teori får helsefremjande arbeid, yrkesutøving og eventuelt kommunikasjon og samhandling.
Vurderingskriterium og sensorrettleiing
Praktisk del
Sensor vurderer:
- Oppdekking
- Mottaking
- Personleg hygiene og klinikkhygiene i samband med behandlinga
- Korleis kandidaten kommuniserer og rettleiar kunden undervegs i behandlinga
- Bruka av apparat og produkt
- Om behandlinga står i forhold til kunden sine behov og ønske
- Disponering av tid
- Heilskapsinntrykk Behandlinga skal utførast etter prosedyrar som er gitte i følgje læreplan, lærebok og opplæring.
Det blir særleg lagt vekt på:
- Ferdigheiter i grunnleggande behandling
- At kunden får best mogleg behandling i forhold til behov om ønske
Fagsamtalen skal vise at eleven ser heilskap i yrket ho utdannar seg til. Derfor skal vala som blir gjort i løpet av behandlinga grunngjevast med teori frå alle studieretningsfaga:
Yrkesutøving:
- mål som passar til behandlinga
Helsefremjande arbeid:
- mål som passar til behandlinga
Kommunikasjon og samhandling:
- mål som passar til behandlinga
Det blir særleg lagt vekt på:
- Grunngjeving av viktige val under behandlinga
- Evne til å bruke teori
- Om praktisk og teoretisk del stemmer overeins