Retningslinjer for gjennomføring og vurdering av praktisk privatisteksamen vg2 hudpleie

HUD2008 - Tverrfagleg eksamen hudpleie

Tema: Andletsbehandling

Del 1. Individuell tverrfagleg praktisk prøve i klinikk med klient

Det er berre dei to sensorane som skal vere til stades i eksamenslokalet saman med kandidatane. Kandidaten får kandidatnummer før den praktiske delen av eksamen startar.

  • Tidsbruk: inntil 2 timar.
  • Hjelpemiddel: Ingen hjelpemiddel.

Gjennomføring av eksamen:

  • Sensorane fordeler klientane på kandidatane føre eksamen startar.
  • Eksamen startar frå kandidaten kjem inn i eksamenslokalet.
  • Konsultasjonen skal utførast i samsvar med tema og kompetansemål. Konsultasjonen skal førebuast, gjennomførast og avsluttast.
  • Kandidatane skal rydde etter seg. Journalkortet skal skrivast ferdig før klienten forlèt klinikken.
  • For- og etterarbeid er inkludert i eksamenstida.
  • Kandidatane skal også rydde etter seg.
  • Sensor kan stille spørsmål undervegs.

Del 2. Individuell fagsamtale

  • Praktisk del med føring av journalkort som leverast til sensor 2 timar.
  • Fagsamtale per kandidat 20 minutt
  • Karakter og grunngjeving 10 minutt

Kandidaten skal forklare og grunngje dei viktigaste vala som ble gjort under gjennomføringa. Kandidaten nyttar journalkortet frå konsultasjonen og relevant teori frå helsefremjande arbeid, yrkesutøving og kommunikasjon og samhandling i samtala.

Det blir lagt særleg vekt på:

  • grunngjeving av val tatt under behandlinga
  • bruk av teori
  • om praktisk og teoretisk del stemmer overeins

Vurderingskriterium og sensorrettleiing

Praktisk del

Sensor vurderer:

  • Ferdig oppdekking
  • Mottaking
  • Personleg hygiene og klinikkhygiene i samband med behandlinga
  • Korleis kandidaten kommuniserer og rettleiar kunden undervegs i behandlinga
  • Bruka av apparat og produkt
  • Om behandlinga står i forhold til kunden sine behov og ønske
  • Disponering av tid
  • Heilskapsinntrykk
  • Behandlinga skal utførast etter prosedyrar som er gitte i følgje læreplan, lærebok og opplæring.
Det blir særleg lagt vekt på:
  • Ferdigheiter i grunnleggande behandling
  • At kunden får best mogleg behandling i forhold til behov om ønske

Fagsamtale

Det blir gitt ein heilskapleg vurdering av den kompetansen kandidaten viser på eksamensdagen.

Yrkesutøving:

  • mål som passar til behandlinga

Helsefremjande arbeid:

  • mål som passar til behandlinga

Kommunikasjon og samhandling:

  • mål som passar til behandlinga
Det blir særleg lagt vekt på:
  • Grunngjeving av viktige val under behandlinga
  • Evne til å bruke teori
  • Om praktisk og teoretisk del stemmer overeins