Tverrfagleg praktisk eksamen i hudpleie
Tverrfagleg praktisk eksamen, vg2 og vg3, hudpleie blir arrangert på Årstad vgs.
Du finn informasjon om tidspunkt for eksamen på privatistportalen. Møt opp 45 minutt før eksamen startar. Eksamenen varer i inntil 5 timar.
Eksamen gjennomførast praktisk og kandidatane får tildelt ein klient. Kandidaten fyller ut eit journalkort som sensor får etter ferdig behandling. Den praktiske delen og føring av journalkort blir gjennomført på 2 timar.
NYTT! Fagsamtale med vurdering:
Kandidatene tar matpause og ventar på eit rom med vakt (ca. 45 - 60 minutt) medan sensorane førebur fagsamtala og har matpause.
Kandidatane kallast inn til fagsamtale (ca. 20 minutt) ein og ein. Kandidaten får munnleg grunngjeving for karakter før dei går heim.
Fordi kandidatane blir kalla inn ein og ein blir det ventetid for nokre kandidatar. Ta med deg mat og drikke.
Informasjon om produkt
Skulen har desse produkta:
- Bioline
- Comfort Zone
- Maria Åkerberg
- Andre produkt
Om du ønskjer det, kan du sjølv ta med dei produkta du ønskjer å bruke.
Brukarrettleiingar
Clareblend ISO Essence Standards Classifications 3 2viii
Retningslinjer for gjennomføring av privatisteksamen
Læreplan
Hygienereglar
Hygienereglar for hudpleieklinikken på Årstad vidaregåande skule