Informasjon om tverrfagleg eksamen – HSF1009 for privatistar

Informasjonen på denne sida er ny frå hausten 2025, og erstattar bruk av førebuingsdel.

Førebuing

Før eksamen skal du planleggje ein praktisk aktivitet eller arbeidsoppgåve innan helse- og oppvekstsektoren. Du vel sjølv arbeidsplass og brukargruppe, og tenkjer deg som fagarbeidar. Aktiviteten skal knytast til eitt eller fleire av desse temaa:

  • Livsmeistring
  • Helse og livsstil
  • Miljøbevisste val
  • Bærekraftig kosthald
  • Hygiene
  • Sosial og kulturell kompetanse
  • HMT (helse, miljø og tryggleik)
  • Hjelpemiddel og velferdsteknologi

Du får eit ukjend tema på eksamensdagen som skal integrerast i aktiviteten. Bruk gjerne planleggingsskjemaet som ligg ved.

Eksamen – organisering og gjennomføring

  • Start: 15 min felles informasjon og utdeling av oppgåve
  • Planlegging: 45 min til å tilpasse oppgåva og samarbeide med gruppa
  • Gjennomføring: kvar kandidat har 10 min med statistar, og blir også vurdert som aktiv statist. Statistane er medkandidatar.
  • Individuell fagsamtale: 10 min med refleksjon og karakter.

Du må forlate lokalet etter eksamen utan å snakke med andre kandidatar.

Hjelpemiddel

Alle hjelpemiddel er tillat, bortsett frå kommunikasjon med andre enn medkandidatar og sensorar. Mobil vert samla inn. Du kan ta med planleggingsskjema og rekvisittar. Lokalet har tilgang til enkel digital presentasjon og materiell.

Vurdering

Du blir vurdert på tverrfagleg kompetanse, profesjonalitet, kommunikasjon, planlegging, brukarmedverknad, refleksjon, fagspråk og samhandling.

Praktisk info

  • Eksamen varer inntil 4 timar
  • Du deltek i gruppe med inntil 7 kandidatar
  • Ta med gyldig legitimasjon
  • Møt opp i god tid

Her finn du planleggingsskjema

Her finn du læreplanen i HSF1009