HEA2008 -Tverrfagleg eksamen, helsearbeidarfaget

Informasjon om tverrfagleg praktisk privatisteksamen i HEA2008 -Tverrfagleg eksamen, helsearbeidarfaget.

Oppmøte og eksamenslokale 

Oppmøte på Nordahl Grieg vidaregåande skule, informasjonen 1. etasje.  

rebuingstid og hjelpemiddel  

Kandidaten må møte opp 60 minutt før eksamen startar, og vil då få delt ut kompetansemål, tema og ei situasjonsskildring. Kandidaten får tildelt rom utan vakt og førebur ei praktisk og munnleg gjennomføring av eksamen. Alle hjelpemiddel er tillatne i førebuingstida. På eksamen kan kandidaten ta med seg notatar, men direkte opplesing frå notat under eksamen, er lite eigna til å vise kompetanse i faget.  

Kandidaten må møte i uniform og innesko. Uniform kan og lånast frå skulen på eksamensdagen. 

Informasjon om eksamen 

Gjennomføring av eksamen varer i 60 minutt og vert utført på øvingsdukke i seng.  

Eksamen er individuell og inneheld oppgåver som ein helsefagarbeidar kan møte i yrkesutøvinga. Kandidaten skal vise kunnskap og dugleik i å planlegge arbeidet, demonstrere/utføre grunnleggjande sjukepleie og dokumentere arbeidet. På eksamensrommet startar kandidaten med å informere om korleis kandidaten har planlagt den praktiske delen av eksamen. Kandidaten vil ha høve til å vere i munnleg dialog med sensor under gjennomføringa. I etterkant må kandidaten gjere greie for relevant fagkunnskap knytt til tema og den praktiske gjennomføringa. Alle kompetansemål kan trekkjast inn for å sikre bredde i vurderinga.  

Vurderingskriterium 

  • Du skal møte pasienten med ein kommunikasjon som fremjar tryggleik og tillit, vise omsorg og ivareta pasienten si heilskaplege helse. 
  • Du skal ha kunnskap om akutt og kronisk sjukdom, sjukdomsforverring, ernæring, immobilitet og aldring.  
  • Du skal utføre grunnleggjande sjukepleie for å ivareta pasienten sin trong for helsehjelp. 
  • Du skal vise at du kan praktisere brukarmedverknad og reflektere over kva det vil seie å vere ein profesjonell yrkesutøvar. 
  • Du skal vise at du kan arbeide ergonomisk riktig og følge gjeldande hygieniske retningslinjer. 
  • Du skal ha kunnskap om pasienten sin allmenntilstand, kunne utføre vitale målinger. 
  • Du skal vise kunnskap om kva og korleis du må observere og rapportere for å kunne ivareta pasienttryggleik og anonymitet.  
  • Du skal vise kunnskap om forsvarleg helsehjelp og vise til aktuelle regelverk.  

  

Her finn du læreplanen i HEA02-04