Kompetansebevis frå privatisteksamen

Dersom du treng kompetansebevis frå privatisteksamen, kan du bestille det på denne sida.

Har du allereie eit vitnemål frå ein vidaregåande skule?

Om du allereie har vitnemål frå ein vidaregåande skule, treng du ikkje kompetansebevis. Skulen har tilgang til resultata dine i sine system. Ta kontakt med skulen din og bed dei om å oppdatere vitnemålet. Om du har vitnemål frå ein friskule som ikkje har tilgang til felles administrasjonssystem må skulen ta kontakt med oss.

Du har ikkje vitnemål, men fullfører vg3 som privatist

Dersom du var elev på vg3 på ein skule i Vestland fylkeskommune og ikkje besto alle fag og difor fullfører som privatist, skal du ta kontakt med skulen din. Skulen har tilgang til resultat frå privatisteksamen i sine system og kan skrive vitnemål til deg. Om du har gått på ein friskule skal vi skrive ut vitnemål til deg.