Klage på skriftleg privatisteksamen
- Du kan klage på karakteren
- Klagefristen er 10 dagar
- Klagen skal ikkje grunngjevast
Klagesensur er ikkje ein ny sensur på fritt grunnlag. Klagenemnda skal vurdere om karakteren du har fått er rimeleg i høve til eksamensprestasjonen. At eksamenssvaret er noko strengt vurdert, er ikkje nok til å heve karakteren. Du må vere merksam på at karakteren også kan setjast ned.
Du klagar på karakteren i privatistportalen.
Klage på skriftleg privatisteksamen våren 2025
Resultata frå skriftleg privatisteksamen vert publisert i privatistportalen i veke 25 2025. Klagefrist er 10 dagar. Resultata frå ordninær klagebehandling vil vere klare i slutten av september 2025.
Skriftlege eksamenar med hurtigklagebehandling våren 2025
Dersom du ønskjer at klagen din skal behandlast før sommarferien, må du sende klagen innan måndag 23. juni klokka 12:00.
Det er hurtigklagebehandling for desse faga:
norsk, matematikk, fysikk, kjemi, biologi, teknologi og forskingslære, kommunikasjon og kultur, medie- og informasjonskunnskap, treningslære 2, engelsk, tysk, fransk, spansk, rettslære, samfunnsøkonomi, marknadsføring og leiing, entreprenørskap og bedriftsutvikling, sosialkunnskap, politikk og menneskerettar, informasjonsteknologi, økonomistyring, økonomi og leiing, historie og filosofi, reiseliv og språk, psykologi, mediesamfunnet 3