Den vanskelege samtalen
Lærlingen sjølv er den viktigaste informasjonskjelda vi har. Det kan vere utfordrande å finne tid til ein samtale med lærlingen. Kanskje vegrar du deg fordi du er usikker på korleis du skal ta i mot det lærlingen seier?
Hovudregelen er at den som har best kjennskap til og relasjon til lærlingen, bør gjennomføre samtalen. Hugs at du alltid kan søke støtte hos Rettleiingstenesta (RLT), og at det nokre gonger kan vere lurt at dei er med i samtalen.
Førebuing:
- Samle informasjon frå andre som kjenner lærlingen. Er det andre som deler bekymringa di?
- Tenk gjennom: Kven snakkar ein med? Kva snakkar ein om?
- Kva er målet med samtalen?
- Kva er det eg ønskjer å vite meir om, og korleis kan eg spørje?
- Korleis vil eg kome til å reagere?
- Korleis kan eg ta imot det lærlingen kjem med?
- Korleis kan eg, dersom det er aktuelt, ta det vidare?
- Korleis kan eg kople meg på lærlingen? Er lærlingen stille, avvisande, i forsvar, open?
Gjennomføring:
- Inviter til samtale.
- Fortel lærlingen at du er bekymra.
- Forklar kvifor du er bekymra, og kva du byggjer bekymringa di på. Ver konkret. Vis til noko som er observert, eller til noko lærlingen har sagt. Sei at du kan ha tolka feil.
- Gi ei oppleving av at du ikkje ser på lærlingen som vanskeleg, men som ein ungdom som har det vanskeleg.
- Ver konkret, og spør direkte rundt det du er bekymra for.
- Gi lærlingen rom og tid til å snakke. Ikkje ver redd for at det blir stille.
Kva aukar sjansen for at menneske opnar seg?
- Ver tydeleg på kvifor du ønskjer å prate med lærlingen
- Forklar at du alltid vil avklare med hen kva du formidlar vidare til andre.
- Ver ein spegel for lærlingen ved å setje ord på det du observerer og høyrer. Til dømes: «Eg ser at dette er vanskeleg for deg å snakke om» «Så du opplever at det er vanskeleg å snakke med brukaren, fordi du blir usikker på kva du skal seie (eit konkret tilfelle der du ser lærlingen strevar med å relatere seg til ein kunde/brukar)...?», «Du opplever at du ikkje har noko til felles med kollegaene dine…?» «Dersom eg oppfattar deg rett, fortel du at du opplever å ikkje meistre arbeidsoppgåvene dine…?»
- Vis at du står støtt og tar imot det lærlingen kjem med utan å bli overvelda.
- Dersom lærlingen er stille og svarer mykje «veit ikkje» kan lukka spørsmål hjelpe. I staden for å spørje: «Kvifor er det vanskeleg for deg å kome på jobb» kan du bruke informasjonen du har til å spørje meir konkret: «Er det vanskeleg å stå opp om morgonen? Blir du fort sliten av fysisk arbeid? Trivst du i lunsjen? Opplever du at du meistrar arbeidsoppgåvene dine?
Dersom lærlingen avkreftar bekymringa di
- Ha respekt for ei eventuell avvising, men gi uttrykk for at du framleis er bekymra, om det er tilfellet.
- Avslutt samtalen med at du vil ta kontakt igjen dersom du framleis er bekymra.
- Sei at du håpar lærlingen tar kontakt dersom det er behov.
- Avtal ny kort samtale og ta ein statussjekk med bedrifta i førekant av samtalen
Dersom lærlingen bekreftar bekymringa
- Respekter det lærlingen fortel - ikkje bagatelliser eller latterleggjer.
- Avklar vegen vidare
- Dersom lærlingen har opna seg for deg, spør kva hen ønskjer du skal gjere med informasjonen. Kva forventar lærlingen kjem til å skje?
- Avklar kven lærlingen gir deg lov til å snakke med i etterkant.
- Bli einig med lærlingen om både kortsiktige og langsiktige tiltak.
- Dersom det er fare for liv og helse, må du informere lærlingen om at du har ei plikt til å handle. Dersom du er usikker, kan du drøfte saka anonymt med RLT.
- Dersom lærlingen ikkje samtykker til at du deler informasjon, har du alltid høve til å drøfte anonymt med RLT eller andre instansar.
- Gjer ei ny avtale med lærlingen.
I etterkant
- Gjer deg kjent med rutinane i bedrifta di, og kven du kan vende deg til for å få støtte.
- Ved behov (samarbeidsorgan, rådgjevar i RLT, fastlege, ambulant akutt-team, bedriftshelseteneste).
Drøft anonymt om du er usikker på om plikta di til å handle er utløyst.
Kanskje er det fleire av ungdommane i bedrifta som treng ekstra rettleiing eller hjelp til å organisere og planlegge det skriftlege arbeidet i læretida? Lærebedrifta kan få bistand av RLT med dette arbeidet.
Tiltak tilpassa grupper i risiko eller med felles utfordringar, kan bli gjennomført ved at ein set inn ekstra innsats dersom ei lærebedrift har fleire lærlingar med same behov.
Det er viktig at instruktøren sjekkar ut om lærlingen får hjelp for vanskane sine dersom bedrifta oppdagar eller mistenkjer at ein lærling strevar psykisk i eit slikt omfang at det kan vere snakk om ei psykisk liding.
Dersom lærlingen ikkje har fått hjelp eller behandling, kan bedrifta eller samarbeidsorganet hjelpe lærlingen med å opprette kontakt med rett instans.
Det kan også vere nødvendig med tiltak retta mot lærlingar i risiko for utvikling av psykiske vanskar, som:
- Hjelp til å kome i gang.
- Sette delmål.
- Hjelp til å sortere og prioritere kva som er viktig i arbeidskvardagen.
- Tilgang på eige rom for å kvile/ bli skjerma/ha pausar.
- Avtale om planlagd munnleg aktivitet, til dømes ein samtale.
- Skriveverktøy for hjelp med dokumentering av læremål.