Rettleiar for psykisk helse hos lærlingar

Psykiske lidingar kostar det norske samfunnet mellom 60 til 70 milliardar kroner kvart år. Satsing på førebyggande og helsefremjande arbeid knytt til lærlingar er difor ei viktig investering.

 Som instruktør for ein lærling har du ei viktig og meiningsfull oppgåve. Du er lærlingen sin næraste støttespelar og kan utgjere ein stor skilnad om lærlingen lukkast eller ikkje.  

På denne sida finn du informasjon og verktøy for å fremje psykisk helse, fremje meistring hos dei som strevar psykisk og for å kunne førebyggja fråfall grunna psykiske vanskar. 

Innhald:

Psykisk helse
Å skape ein god relasjon mellom lærling og instruktør
Rutinar for oppfølging av lærlingar
Låg sjølvkjensle

 

Psykisk helse

Alle har ei psykisk helse. Tryggleik, indre motivasjon og kreativitet er viktige byggjesteinar i god psykisk helse. I korte trekk handlar psykisk helse om korleis ein trivst med seg sjølv og andre, og trua på at ein kan meistre dei utfordringane som livet gir.

God psykisk helse er viktig i opplæringa og i livet som arbeidstakar ettersom tryggleik, trivsel og meistringstru gjer det lettare å lære, gir betre mental kapasitet og betre yteevne.

I ungdomstida skal mange utfordringar handterast, kanskje for første gong.

God psykisk helse er ikkje det same som å gå gjennom livet utan å møte utfordringar eller kjenne på negative kjensler. Det å bli lei seg, sint, redd eller kjenne seg einsam i periodar, er normale reaksjonar vi opplever i løpet av livet.

Kjenslene våre kan, på sitt beste, fungere som eit kompass som peikar i retning av kva vi har behov for der og då, og slik hjelper dei oss med å orientere oss i verda.

På ein arbeidsplass er det ofte nødvendig å regulere kjenslene, tankane og åtferda vår for å passe inn, høyre til eller for å gjere jobben vi blir sett til.

Omgrep knytt til psykisk helse er ein del av daglegtalen. Det er difor viktig å vite kva som er normale reaksjonar, og kva som gir grunn til ekstra bekymring.

 Professor i helsepsykologi, Arne Holte har definert sju faktorar som fremjar psykisk helse, Dei sju psykiske helserettigheitene. Desse behova gjeld for alle av oss, uavhengig av vanskar, alder og livssituasjon.

  1. IDENTITET OG SJØLVRESPEKT - Kjensla av å vere noko, vere verdt noko
  2. MEINING I LIVET - Kjensla av å vere del av noko større enn seg sjølv, og at nokon treng deg
  3. MEISTRING - Kjensla av at du dug til noko/får til noko
  4. TILHØYRSLE - Kjensla av å høyre til noko og høyre heime ein stad
  5. TRYGGLEIK - Kunne kjenne, tenkje og utfolde seg utan å vere redd
  6. SOSIAL STØTTE - Nokon som kjenner deg, bryr seg om deg og vil passe på dersom det trengs
  7. SOSIALT NETTVERK - Nokon å dele tankar og kjensler med, og vere ein del av eit fellesskap


Arbeid som helsefremjande faktor og arbeidsmiljø

Arbeid og helse heng tett saman. Er arbeidsmiljøet tilfredsstillande, kan arbeidet i seg sjølv vere positivt for helsa. For dei aller fleste er arbeid ei viktig kjelde til økonomisk tryggleik, personleg vekst, betre helse, og eit sosialt liv.

Arbeidsmiljøet er sentralt for å fremje trivsel, helse, læring og arbeidsevne. Lærlingar er under opplæring samtidig som dei er arbeidstakarar.

For lærlingar gjeld same lover og reglar som for andre arbeidstakarar. I tillegg har dei rettar og plikter i opplæringslova. Lærlingane har difor eit forsterka lovpålagt vern mot dårleg fysisk og psykisk arbeidsmiljø.

Lærlingane skal beskyttast mot diskriminering på grunnlag av til dømes seksuell orientering, alder, hudfarge og livssyn. Dei har rett til eit forsvarleg arbeidsmiljø, som kontinuerleg skal utviklast og forbetrast.

Det skal leggjast til rette for at lærlingen skal kunne utvikle seg fagleg og personleg gjennom arbeidet. Bedrifta skal jobbe førebyggjande og lærlingen skal beskyttast mot vald, truslar og uheldige fysiske og psykiske belastningar. Instruktør og bedrift må jobbe for at lærlingen ikkje kjem til skade, eller blir utsett for krenkande ord eller handlingar.

Alle kan påverke arbeidsmiljøet, og har høve til å bidra positivt til ein god arbeidsdag. Som instruktør kan du vere eit bindeledd mellom lærlingen og leiar. Det er ofte lettare for lærlingen å ta opp noko med deg enn med leiar. Du kan bidra til ein open og god dialog mellom lærlingen, medarbeidarane og leiar, der det er takhøgde for å ta opp problem og kome med innspel. Du kan også vere viktig for å skape ein kultur for deling av kunnskap, informasjon, tips og råd. God sosial støtte frå deg som instruktør, andre kollegaer og leiar, vil gjere lærlingen betre i stand til å takle utfordringar, og vere ein viktig buffer mot stress, overbelastning og sjukdom.

Som instruktør er du ein viktig rollemodell. Snakk fint om tilsette og jobben dei gjer. Det å snakke med folk, ikkje om folk, bidreg til ei kjensle av fellesskap som er eit viktig kjenneteikn på eit godt arbeidsmiljø.

Pausar og uformelle situasjonar kan vere vanskelege for lærlingen. Samtidig er pausane gode høve til å bli betre kjent. Hjelp lærlingen med å delta i pausar. Alle på arbeidsplassen har ansvar for å vise interesse for lærlingen. Om nødvendig, hjelp lærlingen inn i samtalen. Humor og latter skapar ei god og avslappa atmosfære, og gir ei god ramme for kommunikasjon og positive relasjonar.

For fleire tips til korleis du kan jobbe strukturert med å skape eit godt arbeidsmiljø som fremjar psykisk helse, sjå verktøykassa.

Å skape ein god relasjon mellom lærling og instruktør

Ein god relasjon kan vere avgjerande for å tidleg kunne identifisere vanskar og å følgje opp. Kontakten mellom instruktør og lærling bør etablerast tidleg, og overgangsperioden frå skule til bedrift krev tett oppfølging. Lærlingen vil møte utfordringar som skil seg frå skulekvardagen.

Regelmessige samtalar mellom instruktør og lærling bidreg til å etablere ein trygg og god relasjon, som gjer det mogleg for instruktøren å fange opp behov for støtte og hjelp, eller oppdage tidlege teikn på at lærlingen strevar. Det kan også gjere det lettare for lærlingen å ta opp noko som er vanskeleg.

Samtalen bør ha eit tydeleg innhald, ei klar målsetjing og ein tydeleg struktur.

For tips til gjennomføring av ein samtale med ein lærling på ein god måte, sjå «Den vanskelege samtalen».

Samarbeid med andre aktørar

Godt samarbeid om overgangar mellom skule og bedrift kan vere avgjerande for at lærlingen lukkast. For å få til eit heilskapleg og integrert opplæringsløp, er nært samarbeid mellom skule og bedrift viktig.

Kompetanse og kunnskap både hos lærar og instruktør bør utfylle kvarandre.

Eit nært samarbeid med interne aktørar som rådgjevarar ved Rettleiingstenesta (RLT) og opplæring i bedrift (OIB) og kan også bidra til ei heilskapleg tilrettelegging og oppfølging av lærlingen.

For lærlingar som har utfordringar, er samarbeid særleg viktig. Lærlingar som strevar, har ofte behov for støttespelarar rundt seg og som dreg i same retning.

 Føresette eller andre viktige vaksne kan også spele ei rolle ungdomen sitt liv. Det å etablere godt samarbeid med heimen kan vere ein styrke for lærlingar som strevar. Ein bør difor kartlegge kva samarbeid som kan vere til hjelp, og motivere lærlingen til å samtykke til samarbeid.

Under finn de gode rutinar for oppfølging av lærlingar gjennom læreløpet.

Rutinar for oppfølging av lærlingar

Gode rutinar i oppstartsfasen:

  • Førebu å ta i mot lærling i god tid, slik at bedrifta har tid til å legge til rette for ein god start.
  • Bli kjend med lærlingen ved å hente inn opplysningar om interessefelt og skulerfaring/arbeidserfaring/erfaring frå praksisopphald. Viktig informasjon kan handle om kva som har fungert og ikkje. Spør om tidlegare erfaringar og om korleis dei lærer best.
  • Kartlegg om føresette eller andre har vore viktige støttespelarar for lærlingen tidlegare i opplæringsløpet. Det kan vere lurt å få samtykke frå lærlingen for å kontakte føresette i oppstartsfasen, og for eventuelt vidare dialog i læretida. Det kan også vere nødvendig å innhente samtykke seinare i læretida, dersom vanskar eller utfordringar skulle oppstå.
  • Set av tid til oppstartsmøte for lærling og instruktør, gi informasjon slik at oppstarten og lærlingtida blir føreseieleg for lærlingen. Avklar mellom anna forventningar, rammer, reglar, oppfølging, arbeidsplanar, tid for arbeid med dokumentering av mål.
  • Avtal allereie ved oppstart faste møtetidspunkt for lærling og instruktør, gjerne same dag og tid kvar veke.
  • Ha ein god struktur på arbeidsdagen.
  • Ha avklarte og faste oppgåver for lærlingen.
  • Start arbeidsdagen med å gå gjennom det som skal skje utover dagen. På dei fleste arbeidsplassar kan arbeidsdagen vere vanskeleg å føreseie, og arbeidsoppgåver kan uventa dukke opp. Prøv likevel å vere tydeleg ovanfor lærlingen om kva målet for arbeidsdagen er, og kva som blir venta av lærlingen.
  • Marker overgangar mellom ulike aktivitetar; kva er avslutta og kva skjer etterpå. Når rutinane blir gjentatt, aukar det sjansen for at dei blir automatiserte.

Gode beskjedar:

  • Som instruktør bør du passe på at lærlingen følgjer med før beskjedar blir gitt.
  • Ver tydeleg og venleg når du gir beskjedar og gjenta dersom du ser at det er behov.
  • Still opne spørsmål (spørsmål som gir moglegheit til å fortelje med eigne ord) framfor ja/nei-spørsmål, dette for å sikre at lærlingen har fått med seg innhaldet i beskjeden.
  • Bruk gjerne visuelle hjelpemiddel som støtte til det verbale. Døme: Å gjere oppgåvene sjølv under rettleiing av instruktør samtidig med munnlege tilbakemeldingar.
  • Positiv merksemd.
  • Gi kommentarar som viser at du ser det positive som lærlingen gjer/prøver å gjere, til dømes når lærlingen følgjer opp beskjedar. Dette gir ei oppleving av meistring, som igjen kan auke lærelysta. Det vil også styrke relasjonen og skape tryggleik for lærlingen (forsterka ønskt åtferd) og styrke relasjonen mellom instruktøren og lærlingen.

Relasjonskompetanse – den viktigaste byggjesteinen i vidaregåande opplæring er trygge menneskelege relasjonar.

Under finn du tips til korleis få fram lærlingen sitt potensiale og fremje motivasjon:

  • Møt lærlingen på ein imøtekommande og respektfull måte
  • Ha merksemd på å byggje opp ein trygg og god relasjon (Bruk gjerne samtale basert på Jan Spurkeland sine 5 Fèr: Familie, fortid, framtid, fag, fritid)
  • Gjennomfør samtale om forventingar. Kva forventar lærling og kva forventar lærebedrift.
  • Unngå å bruke orda "alltid",  "aldri", "men" og "kvifor". Desse orda har ein tendens til å vekkje destruktive konfliktar og fremjar ikkje motivasjon i ei så stor grad som du ønskjer.
  • Bruk «eg» forma (då snakkar du berre om det du meiner/opplev), og ikkje «ein» eller «me» eller «alle dei andre meinar…».
  • Prøv å vere ein aktiv lyttar og rett merksemda på lærlingane sine gode eigenskapar, det du set pris på. Utdjup og forklar kva, slik at du unngår rom for tolking. «Eg set pris på at du er sjølvstendig» framfor «godt jobba».
  • Still opne spørsmål. «Korleis har du det", framfor "har du det bra"?.
  • MI (motiverande intervju) --> Ein tilrådd samtalemetode for å motivere til åtferdsendring. 
  • Ha merksemd på endringssnakk. «Eg opplever det som krevjande å .. , men ønskjer så gjerne å læra meg å ….» Gode spørsmål er då, «kva kan eg gjera for at du skal nå målet ditt om å klare..»
  • Repeter det lærlingen fortel for å forsikra deg om at du har forstått bodskapen. «Har eg forstått deg rett»

Låg sjølvkjensle

I ungdomsåra skjer ei stor kroppsleg og mental utvikling. Når hjernen til tenåringen utviklar seg, fører dette til at ungdommen blir i stand til å sjå seg sjølv frå andre sitt perspektiv, og samanlikne seg i større grad med andre.

Forsking viser at sjølvkjensla ofte er på sitt lågaste i ungdomstida, og ungdom med låg sjølvkjensle er særleg sårbare i møte med krav om å vere vellukka. Korleis møter vi lærlingar som er midt i denne prosessen?

Sjølvtillit og sjølvkjensle blir ofte brukt om kvarandre. Sjølvtillit kan skildrast som korleis ein dømmer seg sjølv ut frå det ein får til, medan sjølvkjensle handlar om kor godt ein har det med seg sjølv, uavhengig av kva ein er flink til. Medan sjølvkjensla gjeld heile personen, gjeld sjølvtilliten ulike område i livet. Ein lærling kan til dømes vere trygg på eigne evne til å kome overeins med og bli likt av kollegaer, men ha dårleg sjølvtillit i enkelte arbeidsoppgåver.

Ei sunn sjølvkjensle gir eit godt grunnlag for god psykisk helse. Ungdommar med låg sjølvkjensle har større risiko for å utvikle angst og depresjon seinare i livet. Denne gruppa har også dårlegare deltaking i arbeidslivet som vaksne.

Eit trygt, aksepterande og raust arbeidsmiljø legg til rette for ei god sjølvkjensle. Dette vil også bidra til betre læringsresultat. Det er difor viktig at du som arbeider med lærlingar, veit noko om kva som fremjar god sjølvkjensle hos ungdom.

Korleis kan låg sjølvkjensle kome til uttrykk hos lærlingar?

  • Gruar seg ofte for vurderingssituasjonar, og trur at eigenverdien heng saman med prestasjonen.
  • Har ofte lita tru på eigne evner, og har ei oppfatning om å ikkje prestere godt nok.
  • Taklar motgang, nederlag og kritikk dårleg.
  • Samanliknar seg i stor grad med andre.
  • Tørr ikkje vere seg sjølv, men oppfører seg slik lærlingen trur andre forventar.
  • Verkar usikker, og strevar med å ta både mindre og større val av frykt for å gjere feil.
  • Er avhengig av å få ei stadfesting frå andre på at det ein gjer er rett.
  • Unngår arbeidsoppgåver som lærlingen ikkje er trygg på.
  • Seier ikkje frå om eigne behov, ber ikkje om hjelp, og/eller strever med å seie nei.
  • Er kritisk, lite fleksibel og krev mykje av seg sjølv.
  • Likar ikkje merksemd, og held seg i bakgrunnen.
  • Bortforklarar, strevar med å ta til seg positive tilbakemeldingar og ser ikkje det ein får til.

Kva kan du som jobbar med lærlingar gjere?

  • Vis engasjement og interesse for lærlingen, og det lærlingen meistrar i arbeidskvardagen. Det gir lærlingane ei kjensle av å vere verdifulle.
  • Vere medviten om at du er ein viktig person i lærlingen sitt liv, og ha ei positiv og imøtekommande haldning ovanfor lærlingane.
  • Vere varm, raus, aksepterande og anerkjennande.
  • Sjå lærlingen. Eit smil, ein klapp på skuldra eller gode ord på tomannshand kan vere viktig.
  • Ikkje bagatelliser det lærlingen opplever som vanskeleg. Dei treng støtte og forståing.
  • Ikkje ta bort alt av arbeidsoppgåver som lærlingen opplever som utfordrande. Dersom vi ønskjer at lærlingane skal meistre utfordringar, kan vi ikkje fjerne/løyse alt som er vanskeleg.
  • Lytt til det lærlingen fortel, utan å kome med løysingar. Du kan vere ein viktig støttespelar og hjelpe lærlingen med å kome med eigne løysingar.
  • Snakk med lærlingen om kor viktig det er å ha ei «tabbekvote», ikkje berre for seg sjølv, men også for andre. Alle gjer feil eller dummar seg ut iblant – det er ein del av å vere menneske. Her kan du gå fram med eit godt døme – fortel om ei tabbe du har gjort då du var lærling eller seinare, og vis at du også kan gjere feil på jobb, utan at det betyr all verda.
  • Hugs at dei positive tilbakemeldingane er med på å byggje opp låg sjølvkjensle og trua lærlingen har på seg sjølv.

Innhald:

Fråfall / utenforskap
Mobbing og utestenging
Korleis kan mobbing kome til utrykk hos lærlingar?
Motivasjon

 

Fråfall/ utanforskap

Arbeid er ei kjelde til sosiale nettverk, meining i livet og bygging av identitet og sjølvrespekt, og kan difor vere ein av dei viktigaste berebjelkane i dei fleste menneske sitt liv.

Arbeidsplassen vil vere ein meiningsfull arena for lærlingar som slit med einsemd, eller er usikker på seg sjølv.

Forsking viser at dei fleste menneske med psykiske utfordringar ønskjer å vere i jobb, sjølv om dei har det vanskeleg.

Det kan òg vere utfordrande å vere i arbeid. Dårlege og ustrukturerte arbeidsmiljø, med lite sosial støtte og rettleiing kan føre til eit langvarig høgt stressnivå. Vanskar med å balansere arbeid og fritid, kan føre til utbrentheit og auka risiko for å utvikle psykiske plager. Ungdom generelt, og særleg dei som slit med psykiske utfordringar, er sårbare og reagerer kraftigare på usunne arbeidstilhøve.

Mobbing og utestenging

Mobbing og krenking handlar ofte om utestenging i dagens ungdomsmiljø. Utestenging kan skje ved aktiv ekskludering frå deltaking i aktivitetar, sosiale medium, baksnakking, ryktespreiing og negativt kroppsspråk.

Mobbinga kan starte i det små, og utvikle seg til ungdommen blir avvist av dei fleste rundt seg.

Det er lett å forveksle mobbing med konfliktar. Få tak i den enkelte si oppleving. Dersom den eine parten opplever situasjonen som vanskeleg, medan den andre ikkje er prega av det som går føre seg, er det mykje som tyder på at det er ei form for krenking eller mobbing.

Mobbing på nett og i sosiale medium førekjem stadig oftare. Ein av tre ungdommar som blir utsette for dette, seier ikkje ifrå. Årsaka kan vere at ein er redd for ikkje å bli tatt på alvor, eller at ein opplever skam.

Lærlingundersøkinga viser at dei som har opplevd og/eller sett mobbing og seksuell trakassering på jobb og har sagt ifrå, opplever at det ikkje skjer endring. Andre gonger tenkjer ungdommen at det er deira eigen feil, sidan dei postar innlegg eller bilete i sosiale medium.

Digital mobbing går føre seg via kommentarar og meldingar døgnet rundt, og følgjer ungdommen både på jobb og heime. Det er viktig at ungdommane opplever at vi som er vaksne, bryr oss om kva som skjer i deira digitale liv og tar dei på alvor.

Korleis kan mobbing kome til uttrykk hos lærlingar?

  • Den som blir utsett for mobbing/utestenging kan få auka fråvære, bli meir nedstemt, og/eller trekkje seg tilbake frå kollegaer og brukarar/kundar.
  • Negativt kroppsspråk mellom dei involverte, t.d. stygge blikk («blikking»).
  • Utøvarane av utestenginga/mobbinga har tilsynelatande ikkje medkjensle for den som blir utsett for utestenging/mobbing.

Kva kan du som jobbar med lærlingar gjere?

  • Jobb aktivt med å etablere trygge relasjonar og eit godt arbeidsmiljø.
  • Ved mistanke om mobbing og/eller utestenging, prat med den du trur blir utsett. Prøv å skape ein trygg samtale der du formidlar at du ser at relasjonane er ugreie.
  • Gjer kollegaer og leiar merksame på situasjonen.
  • Ver særleg merksam i situasjonar der lærlingen kan bli utsett for mobbing, til dømes ved samarbeid mellom kollegaer, pausar/ete-tid, sosiale samlingar og ustrukturerte arbeidssituasjonar.
  • Gi framovermeldingar om opplæringssituasjonar, for å førebyggje misforståingar og misnøye. Lærlingar er opptekne av å få opplæring i heile læreplanen. Dersom lærlingen opplever arbeidskvardagen for ustrukturert, kan lærlingen sitt engasjement og initiativ for å sikre seg gjennomgang av all opplæring innan læretidsslutt, kunne bli oppfatta som kritikk.
  • Oppmuntre den som blir utsett for mobbing til å sjå og søke etter positive relasjonar.
  • Ver medviten om at lærlingen kan bli utsett for utestenging heile døgnet gjennom sosiale medium. Snakk med lærlingen om strategiar for å skjerme seg.
  • Ver nysgjerrig på ungdommen sitt digitale liv.
  • Ta kontakt med samarbeidsorgan, Rettleiingstenesta ved OIB, eller bedriftshelsetenesta dersom du treng støtte.
  • Oppfordre lærlingen til å kontakte elev- og lærlingombodet ved behov for støtte.

Motivasjon

Motivasjon er drivkrafta som får deg til å starte med noko, og å halde fram til du får gjennomført det du held på med. Motivasjon kan kome utanfrå eller innanfrå. Døme på ytre motivasjon er lønn og positive tilbakemeldingar, eller frykt for negative konsekvensar. Indre motivasjon kan skildrast som den naturlege motivasjonen vi kjenner på når vi gjer noko vi faktisk har lyst til å drive med. Vi er aktive, handlande, engasjerte og har pågangsmot.

Forsking viser at den som opplever indre motivasjon, presterer betre og har det betre med seg sjølv. Det er ikkje berre opp til lærlingen sjølv å skape indre motivasjon. Indre motivasjon kjem mellom anna når lærlingen opplever å få vere med på å bestemme og velje korleis oppgåva skal løysast, når lærlingen opplever å bidra i eit større fellesskap og når oppgåva er passeleg utfordrande. Kva som er ei passeleg utfordring heng saman med ferdigheiter, trua på eiga meistring, sjølvkjensle og sjølvtillit.

Ein lærling kan til dømes ha stor tru på eiga meistring sjølv om vedkommande har låge ferdigheitar, medan fagleg dyktige lærlingar kan verke umotiverte og mangle sjølvtillit og meistringstru.

Ungdom som har erfaringar med å ikkje meistre, kan utvikle «låg motivasjon» som ein forsvarsmekanisme. Frykten for å mislukkast er så stor at dei beskyttar seg frå nederlaget ved ikkje å prøve, eller å late som det ikkje betyr noko.

Vi kjenner alle på varierande motivasjon i møte med ulike oppgåver. Ettersom ungdomshjernen framleis er i utvikling, kan det vere ekstra krevjande å halde drivkrafta oppe i møte med oppgåver som blir opplevd som kjedelege eller meiningslause. Særleg krevjande kan dette vere for lærlingar med nevrologiske utviklingsforstyrringar som autisme eller ADHD. Dei vil kunne trenge ekstra støtte, forklaringar og oppdeling av oppgåver for å halde drivkrafta oppe.

Korleis kan lite motivasjon kome til uttrykk hos lærlingar?

Når bedrifter/ samarbeidsorgan skildrar at ein ungdom har lite motivasjon, blir det ofte nemnt at lærlingen trekkjer seg bort frå fellesskapet og har lite energi. Når lærlingen kan verke likegyldig og unngår oppgåver, produserer lite eller kjem for seint og har fråvær, er det lett å seie at lærlingen har «vondt i viljen».

Vi må ta utgangspunkt i at alle unge menneske har eit ønskje om å meistre utdanning og arbeidsliv, og at det finst årsaker bak det som ser ut som manglande vilje og motivasjon. Vi må også hugse at enkelte er naturleg sjenerte, introverte og vil difor ikkje vere like entusiastiske som vi tenkjer er typisk for ein motivert lærling.

Kva kan du som jobbar med lærlingar gjere?

For å skape motivasjon og drivkraft trengst det handling. Dersom du saman med lærlingen utforskar kva som ligg bak den tilsynelatande manglande drivkrafta, kan du hjelpe lærlingen med å meistre, og gjennom det skape glede og motivasjon.

Dette kan du gjere:

  • Gjennomfør samtale med lærlingen. Bruk «Den vanskelege samtalen» når du tar opp bekymringa di.
  • Kva handlar motivasjonsmangelen om, er det forhold utanfor jobb som påverkar? (kjærast, familietilhøve, fritid, helse)
  • Pregar manglande energi og motivasjon fleire område i livet, eller ligg motivasjonen til lærlingen ein annan stad? (anna type jobb, eller anna arbeidsstad?)
  • Ta utgangspunkt i motivasjonselementa og snakk med lærlingen.
  • Kartlegg både ferdigheiter og tru på eiga meistring. Er oppgåvene passeleg utfordrande? Kjenner lærlingen på tilhøyrsle sosialt?
  • Å dele oppgåver opp i mindre deler, og å setje realistiske delmål kan auke trua på meistring.
  • Sjølvbestemming/autonomi. Opplever lærlingen å kunne påverke sin eigen arbeidskvardag/si eiga framtid? Det kan verke lite logisk, men det å gi lærlingen eit større ansvar kan i nokre tilfelle auke motivasjon. Ser lærlingen meining og tilhøyrsle gjennom jobben?
  • Hjelp lærlingen til å sjå at oppgåvene lærlingen gjer, går inn i ein større heilskap som er viktig for bedrifta, og for eventuelle personlege mål og framtidsplanar som lærlingen har.
  • Bruk element frå metoden «Motiverande intervju» som du finn på Helsedirektoratet si nettside - spør etter lærlingen sine mål og draumar og synleggjer kva som skal til for å kome dit. 
  • Bli einige om nokre mål/arbeidsoppgåver og del gjerne opp i realistiske delmål. Dette vil kunne auke trua på meistring.
  • Følg opp med regelmessige samtalar og evalueringar.
  • Vis at du har positive forventingar til, og trua på at lærlingen kan meistre.

Innhald:

Turbulens og sjølvstendiggjering
Hjernens utvikling i ungdomssåra
Kva gjer du dersom du er bekymra for ein lærling
Den vanskelege samtalen

Turbulens og sjølvstendiggjering

Ungdomstida fører med seg mange utviklingsmessige utfordringar. Ungdommen blir i større grad opptatt av jamaldrande. Det å vere med jamaldrande er viktig både i forhold til å lausrive seg frå foreldra, og å utvikle sosiale ferdigheiter som ein treng som vaksen.

Korleis ein ser ut og kva ein meistrar får ei sterkare betydning. Spørsmål som «kven er eg?» og «kven skal eg bli?», «kva er meininga med livet, og kva skal mi framtid vere?» dukkar opp.

Sjølv om ungdommane kan lære mykje, er nysgjerrig, og ønskjer å skape noko nytt, har dei samtidig eit stort behov for rettleiing, anerkjenning og støtte. Avgrensa erfaringsgrunnlag og umoden hjerne aukar risikoen for å handle impulsivt og kome i farlege situasjonar.

Kunnskap om hjernen si utvikling og utfordringar ein kan møte på i ungdomstida, er viktig for å kunne støtte og hjelpe ungdommar til å utfalde seg innanfor trygge rammer, og ta gode val.

Hjernen si utvikling i ungdomsåra

Dei første leveåra utviklar hjernen seg i høg fart. Denne utviklinga held fram i eit lågare tempo gjennom ungdomsåra og inn i dei første vaksenåra.

I ungdomstida skjer det eit stort «oppryddingsarbeid» i hjernen. Det som er unyttig blir kasta ut, og det vi har bruk for blir tatt vare på. Endringane i ungdomshjernen opnar for mange moglegheiter, men gjer også ungdommen sårbar.

Forskarar trur at det store potensiale for læring som ungdomar har, skuldast at hjernen held fram med å utvikle seg gjennom ungdomsåra. Ein er meir mottakeleg for positive erfaringar, men samtidig blir ungdommen også meir sårbar for skeivutvikling. Dette kan forklare kvifor mange psykiske lidingar dukkar opp i ungdomsåra.

Identitet

Identitet handlar i stor grad om kven ein er, og kven ein høyrer saman med, og er viktig for utvikling av personlegheit og sjølvbilete.

Å høyre til og vere ein del av eit fellesskap med andre, handlar ofte om yrkesval, kjønn, legning, interesser og kven vi er med på fritida.

Kjønnsidentitet er knytt til kroppen, men er òg sosialt og kulturelt bestemt ut frå kva forventingar som er knytt til dei ulike kjønna. 

Yrkesidentitet blir skapt når vi identifiserer oss med kollegane våre, og når tilbakemeldingar på arbeidet vårt påverkar sjølvbilete og sjølvkjensle.

Som lærling er det å kjenne seg akseptert og inkludert i arbeidsmiljøet, få gode og konstruktive tilbakemeldingar på arbeidet og oppleve meistring i arbeidskvardagen, viktig for å utvikle ein god og trygg yrkesidentitet.

Ungdomen må finne ut kven han er, og kva han står for. For å ha det godt må ungdomen akseptere seg sjølv.

Både omgjevnadane og ungdomen sjølv forventar at ungdomen skal lausrive seg og ta stadig større ansvar for eige liv. I denne tida har ungdomen behov for å eksperimentere og utforske. Positive tilbakemeldingar og ros frå omgjevnadane, gir grunnlag for ei positiv identitetsutvikling. Det er viktig at oppgåver og ansvar aukar i takt med modning og utvikling.

Dersom krav og forventningar stemmer dårleg med utviklingsnivået og biletet den unge har av seg sjølv, kan det føre til rolleforvirring og identitetsproblem.

For tips til ein modell for å forstå ungdom som strever emosjonelt, sjå verktøykassa.

Kva gjer du dersom du er bekymra for ein lærling?

Som instruktør kjem du tett på lærlingane og observerer og kan høyre noko som kan gjere deg bekymra. Dette kan til dømes vere høgt fråvær, endra åtferd, manglande motivasjon og energi, eller at lærlingen ikkje har noko å leve for.

Som instruktør ser du ungdommen i det daglege, og du er ofte ein av dei første som ser at ungdommen strevar med si psykiske helse.

Psykiske lidingar kan vere enklare å behandle dersom dei blir oppdaga tidleg, og tiltak sett inn i kvardagen til lærlingen er ofte dei mest nyttige.

Her er det samla tips og råd om kva du kan gjere dersom du er bekymra for ein lærling. Ta ein samtale med ungdommen raskast mogleg. Drøft saka med næraste leiar eller samarbeidsorganet, og vurder kva tiltak som skal bli sett i gang. Avklar om det er nødvendig å søke råd hos Rettleiingstenesta.

Innhald:

Søvn
Kropp og mat
Bekymringsfullt fråvære
Einsemd
Den stille lærlingen

 

Søvn

Utviklinga og “ryddearbeidet” som skjer i hjernen i ungdomstida, gjer at ungdom har eit auka søvnbehov. Mykje av utviklinga og oppryddinga i ungdomshjernen skjer når ungdommen søv djupt. Ungdommar søv djupare og har mindre draumesøvn og lett søvn, samanlikna med barn og vaksne.

At ungdom forskyv døgnrytmen, sovnar seinare på kvelden og vaknar seinare om morgonen, er ofte heilt normalt. For mange ungdommar er dei seine kveldstimane ideelle for kontakt med andre ungdommar, eller rett og slett for å ha tid for seg sjølv. Dette medfører ofte mykje skjermtid, noko vi veit gir dårlegare søvnkvalitet og kortare søvn.

Dårleg søvnkvalitet og for lite søvn hos ungdom kan gi konsekvensar for hukommelse og læring, og påverke psykiske helse negativt. Det kan gi auka risiko for depressive symptom, kognitive vanskar, og dårlegare resultat på skulen eller i opplæringsløpet i bedrift.

Sjå verktøykassa for tips du kan gi ungdomen for betre søvn.

Kropp og mat

Medan nokon knapt ofrar spegelbiletet sitt ein tanke, tenkjer andre mykje på korleis dei ser ut. Eit avslappa og naturleg forhold til mat heng saman med eit godt forhold til eigen kropp.

Generelt sett blir det anbefalt at ungdomar ikkje slankar seg, men heller legg vekt på å ete jamleg, drikke nok vatn og å avgrense usunn mat.

Kroppane våre er laga for å vere i aktivitet, og det å vere i bevegelse er bra for å regulere stress, søvn og konsentrasjon.

Som instruktør kan du vere ein god rollemodell og motvekt til dømes til sosiale media, når det kjem til merksemda på mat, kropp og utsjånad. Det er lov å bry seg; spørje og undre seg om vanar knytt til mat, søvn, rusbruk og fritida generelt. Ver og medviten om korleis du sjølv snakkar om kropp, mat og utsjånad ovanfor lærlingen.

Bekymringsfullt fråvære

Langvarig fråvære kan ha store konsekvensar for lærlingen si utvikling fagleg, sosialt og emosjonelt, og i verste fall føre til fråfall og utanforskap.

Kva gjer vi når ein lærling er mykje borte, kanskje utan å gi beskjed? Ein lærling er tilsett på lik linje med kollegaene sine, og har dei same rettar og pliktar som ein ordinær arbeidstakar. Dette inneber mellom anna å følgje reglane for fråvære som gjeld i lærebedrifta og i arbeidslivet generelt.

Lærlingar som strevar sosialt og/eller emosjonelt, er i risiko for å utvikle bekymringsfullt fråvære. Bekymringsfullt fråvære kan òg oppstå hos lærlingar som ikkje er emosjonelt sårbare, men der faktorar som mobbing, utestenging, eller at noko kjennest uttrygt og lite føreseieleg, er underliggande for problematikken. I andre tilfelle er fråværet relatert til forhold heime eller andre faktorar utanom arbeidet.

«Dytt og dra»-modellen er eit døme på korleis ein kan sjå på skulefråvære og skape ei felles forståing for dei som har bekymringsfullt fråvære frå skulen. Denne forståingsmodellen kan vere ein nyttig modell i møte med lærlingar som har høgt og/eller langvarig fråvære. Modellen legg til grunn at skulefråvære kan sjåast som «eit løysningsforsøk frå barnet side, og som konsekvens av to sjølvforsterkande kreftar: noko som dytter barnet vekk frå skulen og noko som trekker barnet mot heimen eller noko anna» . 

«Dytt»-faktorar som er nemnt i denne samanheng, er når fråværet skuldast: 

  • Ein flukt frå skremmande situasjonar på skulen, som t.d. å oppleve mobbing, evaluerande situasjonar mm. Det presiserast at barnet dermed ikkje vegrar seg for skulen i seg sjølv men for konkrete situasjonar i skulekvardagen.
  • Ei flukt frå truande kjensler som oppstår på skulen. Døme her kan vere nederlagskjensle, usikkerheit og stressoppleving som følgje av manglande meistring og einsemd- og utenforskapskjensle.

«Dra»-faktorar gjer seg gjeldande når barnet blir trekt mot noko anna enn skulen:

  • Når barnet får dekt viktige behov gjennom å bli heime. Eit døme her vil vere barn som får dekka behov for tilhøyrsle og meistring gjennom online-nettspel.
  • Når fråværet er eit resultat av at ein søkjer å løyse andre sine problem. Dette gjeld for barn og ungdom som er fråverande grunna ansvar for å løyse problem i heimesituasjonen. Vald, rusmisbruk eller sjukdom hos føresette vil skape bekymringar for familien og dermed truge eiga tryggleikskjensle hos ungdomen. Følgjeleg kan det bli vanskeleg å møte opp på skule og jobb.

Korleis kan bekymringsfullt fråvær kome til uttrykk hos lærlingar?

I ein tidleg fase kan bekymringsfullt fråvære kome til uttrykk ved at lærlingen unngår enkelte arbeidsoppgåver, situasjonar eller aktivitetar, før det utviklar seg til eit meir omfattande fråvære.

Fråværet aukar ofte ved overgangar som frå skule til praksis, frå ein praksisstad til ein annan, og etter feriar eller langvarig sjukdom.

Små overgangssituasjonar i løpet av ein arbeidsdag, som frå ei arbeidsoppgåve til ei anna, kan og vere vanskelege for desse lærlingane.

Kva kan du som jobbar med lærlingar gjere?

  • Sjå etter mønster i fråværet. Har lærlingen mykje fråvære knytt til enkelte arbeidsoppgåver/situasjonar eller spesielle tidspunkt på dagen/i veka?
  • Ta tidleg initiativ til ein samtale med lærlingen ved mistanke om utvikling av bekymringsfullt fråvære (den vanskelege samtalen). Du kan og be lærlingen om samtykke til å snakke med føresette, dersom du tenkjer at det er hensiktsmessig.
  • Sjekk at det ikkje er mobbing og/eller utestenging. Ver merksam på at lærlingen ofte ikkje vil fortelje om dette, og at det kan vere spesielt vanskeleg å oppdage dersom mobbinga skjer på nett.
  • Signaliser at lærlingen er ønskt på jobb, ved å regelmessig sende SMS eller ringe. Det er fint om og andre kollegaer og/eller leiar tar kontakt.
  • Ha regelmessige samtalar med lærlingen om dagen eller veka som har gått, og gjennomgang av neste dag/veke.
  • Avtal ein «trygg stad», til dømes eit pauserom eller liknande , som lærlingen kan trekke seg tilbake til ved behov, som eit alternativ til å reise heim.
  • Hjelp lærlingen med å inngå i, og halde liv i, gode relasjonar på arbeidsplassen.
  • Trygg lærlingen i overgangssituasjonar. Oppstarten kan bli førebudd til dømes gjennom at lærlingen får besøke arbeidsplassen, ny instruktør og kollegaer, at det blir etablert kontakt mellom arbeidsplass og heimen i god til før oppstart, dersom det er aktuelt. Det bør bli avtalt tidspunkt for samarbeidsmøte allereie ved oppstart.
  • Dersom lærlingen ikkje kjem på arbeid utan å varsle: Ta kontakt med lærlingen. Finn ut om det er sjukdom eller om det er noko anna. Vis interesse, og ver litt «på». Det er vanskelegare å kome tilbake til arbeid dess lengre fråværet har vart.
  • Ta kontakt med samarbeidsorgan eller Rettleiingstenesta dersom tiltaka ikkje fungerer innan kort tid.

I verktøykassa finn du ei liste over tiltak som kan vere forebyggande i forhold til utvikling av bekymringsfullt fråvær hos lærlingar og lærekandidatar

Einsemd

Einsemd er ein risikofaktor for utvikling av psykiske helseplager hos ungdom. I tillegg viser forsking at sosial isolasjon og einsemd på arbeidsplassen heng saman med ei rekkje fysiske helseplager som hjarte- og karsjukdom, stress, søvnvanskar, angst og depresjon.

Undersøkingar om livskvalitet og psykisk helse under koronaepidemien viste også at einsemd har auka blant unge i denne perioden. Sjølv om einsemda har auka og blitt forsterka gjennom pandemien, kjende over halvparten av ungdommane seg einsame før koronautbrotet også.

Einsemd er ikkje det same som å vere åleine. Fleire ungdommar fortel at dei også kjenner seg einsame når dei er saman med andre. Sjølv om dei er omgitt av venner og folk dei kjenner i sosiale situasjonar, kan kjensla av einsemd vere til stades. Denne einsemda handlar for fleire om «det å stå utanfor». Ungdommen kan vere fysisk til stades i ei gruppe, men likevel ikkje kjenne seg som ein del av fellesskapet.

Førebygging av einsemd kan hindre fråfall. Det å prioritere eit godt sosialt miljø på arbeidsplassen, der lærlingen er inkludert i fellesskapet, blir sett og kjenner seg verdsett og nyttig, er faktorar som bidrar til at lærlingen fullfører utdanningsløpet.

Korleis kan einsemd kome til uttrykk hos lærlingen?

  • Meir stille.
  • Lita interesse for å ta initiativ til samtalar og sosiale aktivitetar.
  • Låg sjølvtillit, pratar eller tenkjer nedsettande om seg sjølv.
  • Redusert energi og meir trøytt.
  • Trekker seg tilbake sosialt og unngår kollegaer.
  • Deltar ikkje i sosiale aktivitetar eller samtalar.
  • Blir ståande utanfor fellesskapet.
  • Kjensle av å vere uinteressant eller ubetydeleg.

Kva kan du som jobbar med lærlingar gjere?

  • Ta initiativ til samtale med lærlingen dersom du har mistanke om sosial isolasjon/einsemd.
  • Jobb aktivt med å etablere trygge relasjonar.
  • Gjer kollegaer og leiar merksame på situasjonen.
  • Styrk, støtt og oppmuntre lærlingen til å delta aktivt i sosiale situasjonar, til dømes ved samtalar med kollegaer, i pausar, sosiale samlingar og ustrukturerte arbeidssituasjonar.
  • Oppmuntre til aktivitetar på fritida.
  • Ver nysgjerrig på lærlingen sitt tilvære; søvn, ernæring, vener, fritidsaktivitetar, trivsel og interesser.


Den stille lærlingen

I nokre tilfelle kan arbeidsplassen oppleve ein lærling som er stille og passiv. Det kan vere ulike årsaker til dette. Enkelte er naturleg sjenerte, introverte, strever med at dei er nedstemte eller engstelege, eller har låg sjølvkjensle. Det kan ligge ei skeivutvikling i psykisk helse bak utfordringa, som kan skuldast mobbing, omsorgssvikt, traumeproblematikk, manglande sosial kompetanse eller ein ekspressiv språkvanske.

Uansett årsak kan det vere utfordrande å vurdere denne lærlingen fagleg, samtidig som det skapar bekymring om lærlingen har det bra.

Det kan vere krevjande å etablere ein relasjon til desse lærlingane, og eventuelt kome i posisjon til å hjelpe. For kollegaene kan det vere vanskeleg å få kontakt, og resultatet kan bli sosialt utanforskap.

Alle menneske har eit behov for å bli sett og høyrt, og det kan oppstå ein dobbeltheit; det å ikkje bli sett er vanskeleg, mens det å få merksemd er heilt forferdeleg. Det er viktig å fange opp desse lærlingane tidleg, og setje inn tiltak som synleggjer alt det dei kan og meistrar.

Korleis oppfattar vi den stille lærlingen?

  • Lærlingen er sosialt trekt tilbake og tar lite initiativ til sosial samhandling med andre, inkludert kollegaer.
  • Lærlingen er utfordrande å få i tale.
  • Lærlingen kan verke passiv, og tar lite initiativ.
  • Lærlingen unngår situasjonar og arbeidssituasjonar som medfører merksemd på seg sjølv.

Kva kan du som jobbar med lærlingar gjere?

  • Forsøk å avklare kva som kan vere årsaka til at lærlingen er stille. Ta initiativ til ein samtale med lærlingen, føresette og eventuelt tidlegare lærar i vidaregåande. Årsaka vil vere avgjerande for kva tiltak det er best å setje i verk.
  • Det at du som instruktør har «sett» denne lærlingen er det viktigaste av alt. Hald fram med å sjå lærlingen, og gi respons der det er naturleg. Respekter at lærlingen ikkje ønskjer å vere midtpunkt.

Innhald:

Rusmiddel
Korleis kan rus og problem med avhengnad kome til uttrykk hos lærlingar?
Kva kan du som jobbar med lærlingar gjere?

Utprøving av ulike rusmiddel er noko som ofte skjer i ungdomstida. I dei fleste tilfelle er dette ein del av ei ufarleg sosial samling blant ungdommar. Men i nokre tilfelle kan ungdommen sitt rusbruk føre til bekymring. 

I lærebedrifta kan denne bekymringa ofte starte med ei vag kjensle av at noko er gale. Det kan til dømes vere at lærlingen byrjar kome for seint på jobb kvar måndag, verkar trøtt og ustelt, byrjar få fråvær midt i veka eller verkar uroleg og rastlaus i arbeidstida. Her vil du som instruktør ha ei viktig rolle, ved tidleg å ta opp desse bekymringane med lærlingen.

For å ta denne samtalen på eit tidleg tidspunkt, vil det vere viktig å vite kva som kjenneteiknar rusrelaterte problem. Det er også viktig å vite korleis ein snakkar med lærlingen om dette på ein konstruktiv måte.

Eit godt rus- og avhengnadsførebyggande arbeid i lærebedrifta kan hindre ei negativ utvikling av rusrelaterte problem, som kan ha konsekvensar i forhold til helse, miljø og tryggleik i bedrifta, eller medføre at lærekontrakten blir heva. Inkluder lærlingen i dette arbeidet frå start av, og la lærlingen få kome med eigne innspel til korleis ein kan vere ein aktiv deltakar i dette arbeidet.

Ein del ungdom kan også ha problem med avhengnad knytt til dataspel. For dei fleste er «gaming» ein hobby som er lærerik, og som gir sosial tilhøyrsle og glede. For nokre gamarar kan spelinga skape vanskar både for ein sjølv og for dei rundt ein. Dersom spelinga går utover korleis ungdommen fungerer, er spelinga blitt problematisk. Ein lærling som er gamingavhengig, kan til dømes bli sitjande oppe om natta for å spele, noko som kan føre til at lærlingen ikkje klarer å stå opp i tide for å rekke jobb, eller er trøtt og fråverande gjennom arbeidsdagen.

Rusmiddel

Rusmiddel er ulike stoff, som til dømes alkohol og narkotika, som gir ei ruskjensle når vi får det i oss.

Rus kan bli opplevd som ei kjensle av velbehag, det å kjenne seg oppstemt eller lukkeleg. Effekten av rusmiddel kan bli delt inn i tre hovudgrupper; dei kan vere dempande, stimulerande og framkalle hallusinogen. Fleire rusmiddel kan ha ei blanding av desse effektane samtidig.

Både rusmiddel, enkelte medikament og andre kjemiske stoff, som til dømes nikotin, kan skape avhengigheit. Dei vanlegaste rusmidla og andre avhengnadsskapande stoff er nikotin, alkohol, narkotiske stoff som t.d. kokain, amfetamin / metaamfetamin, cannabis, heroin og legemiddel som ein også kan få rus av (roande middel, sovemiddel og smertestillande middel). I tillegg til at dei kan gi avhengigheit, påverkar rusmiddel kroppen på mange måtar.

Les meir om dei ulike rusmidla på nettsida ungrus.no

Korleis kan rus og problem med avhengnad kome til uttrykk hos lærlingar?

  • Ein auke av bekymringsfullt fråvære. Lærlingen byrjar kome for seint på jobb, forsvinn i løpet av arbeidsdagen eller har fråværsdagar midt i veka som vanskeleg lèt seg forklare med sjukdom.
  • Endring av åtferd. Eit døme kan vere at lærlingen går frå å vere glad og imøtekommande til å vere trøytt, ustelt og tilbaketrekt. Eit anna døme kan vere at lærlingen går frå å vere litt stille og sjenert til å snakke mykje og ha ein rask og springande tale.
  • Ei endring i utføring av jobben. Lærlingen går frå å utføre arbeidsoppgåver på ein tilfredsstillande måte til å vise svekka vurderingsevne, innlæringsevne og dømmekraft. Kan og kome til uttrykk ved svekka koordinasjon og balanse og dårlegare hukommelse. Ei svekka orientering for tid og stad kan også finne stad.
  • Lærlingen verkar uroleg, rastlaus og har svekka kritisk sans. Det blir observert ei tydeleg endring i lysreaksjon og storleik på pupillar.
  • Lærlingen verkar trøytt og uoppmerksam.
  • Lærlingen gir uttrykk for få interesser, aktivitetar eller sosialt liv utanfor gaming.

Kva kan du som jobbar med lærlingar gjere?

  • Reager på endringar som fører til negative følgjer for arbeidssituasjonen. Ikkje forvent at lærlingen innrømmer noko, eller at du skal identifisere eit problem, men formidle bekymringa di og vis at du bryr deg.
  • Gjennomføre ein samtale med lærlingen. Her kan den vanskelege samtalen vere eit godt utgangspunkt.
  • Ver konkret om kvifor du er bekymra når de snakkar saman. Hald deg til fakta og eigne observasjonar utan å tolke kva som ligg bak. Bruk eg-form når du snakkar og ikkje «vi».
  • Lytt aktivt til lærlingen og still opne spørsmål.
  • Samtalen kan føre til ulike reaksjonar og setje i gong kjensler hos lærlingen. Dersom dette skjer, bør du fortsetje å ha merksemd på omsorg og bekymring, heller enn påstandar og skuldingar. Dersom det låser seg, avslutt samtalen. Avtal ein ny samtale.
  • Vurder om du kan kontakte andre ressurspersonar i mellomtida for råd, til dømes Akan kompetansesenter/Akankontakt i bedrifta, Blå kors, fastlege eller psykiatrisk ungdomsteam (PUT). Kontaktinformasjon finn du i oversikt over hjelpeinstansar.

Å vere trist er ein naturleg reaksjon på negative eller uheldige opplevingar. Ein kan vere trist i mange dagar eller over fleire veker.

Når lærlingen har vore trist over tid og dette går utover lærlingen sin funksjon i dagleglivet, kan vi kalle tilstanden for ein depresjon.

Ein depresjon fører til betydeleg endring i humør, og vil påverke alle aspekt av livet og korleis ein fungerer i det daglege. Det er som om eit grått teppe har lagt seg over tankesett, motivasjon og initiativ. Dette gir òg fysiske utslag, der både søvn, appetitt og energinivå kan bli endra. Ungdom som er deprimerte, kjenner ofte på håpløyse og skuldkjensle.

Korleis kan ein sjå at ein lærling er trist eller deprimert?

  • Har nedsett stemningsleie.
  • Har redusert energi, er meir trøtt.
  • Søvnvanskar er vanleg, og vil kunne føre til fråvær.
  • Grublar og har pessimistiske tankar.
  • Kan vise mindre interesse og engasjement enn tidlegare.
  • Kan verke umotivert og usikker på yrkesvalet.
  • Trekkjer seg tilbake sosialt.
  • Blir lettare irritert.

Kva kan du som jobbar med lærlingar gjere?

  • Snakk med lærlingen og prøve å finne ut korleis situasjonen blir opplevd.
  • Prøv å kartlegge lærlingen sitt nettverk, og om lærlingen har nokon å snakke med.
  • Ein viktig oppretthaldande faktor ved depresjon er grubling. Ein trur ein kan tenkje seg ut av problema og det som er vanskeleg. Som instruktør kan du anerkjenne og lytte til lærlingen, samtidig som du prøver å bryte dette mønsteret.
  • Det er viktig å halde kroppen i gong, og stimulere til aktivitet, sjølv om det er tungt. For nokon hjelper samtalar, for andre kjekke aktivitetar.
  • Det viktigaste lærebedrifta kan gjere er å vise støtte, oppmuntring og om mogleg fire på krava i ein periode. Det kan vere nyttig å fortelje lærlingen om samanhengen mellom depresjon og funksjon i arbeidskvardagen.
  • Dersom lærlingen ikkje klarer å møte ein kortare eller lengre periode, kan ein søke om forskyving av læretidsslutt.

I verktøykassa kan du finne råd om kva du kan foreta deg dersom det kjem fram at ein lærling har sjølvmordstankar.

Innhald:

Korleis kan angst kome til utrykk hos lærlingar?
Kva kan du som jobbar med lærlingar gjere?

Angst saman med depresjon, er den psykiske lidinga som førekjem hyppigast blant ungdom og unge vaksne.

Angst er ei kjensle som gjer at kropp og hovud førebur seg på ei utfordring eller ein trussel. Å vere litt engsteleg kan føre til at ein yter sitt beste i mange situasjonar. Ei angstliding blir kjenneteikna av overdriven frykt og bekymring som gir ubehag og påverkar livskvalitet og korleis ein fungerer i kvardagen.

Det finst fleire typar angstlidingar. Nokre er forbundne med spesielle situasjonar eller objekt. Døme på ein slike situasjonar kan vere å ta ordet på eit møte eller å halde ein presentasjon. Døme på objekt kan vere edderkoppar eller slangar. Andre former for angst er kjenneteikna av vedvarande bekymringar, eller plutselege panikkanfall.

Ungdommar med angst har ofte overdrivne mange bekymringar, t.d. om arbeidsoppgåver eller skriftlege oppgåver er godt nok gjort, og kan grue seg uforholdsmessig mykje til vurderingssituasjonar.

Engstelege lærlingar har ofte låg sjølvkjensle og negative forventingar til eiga meistring. Samtidig har unge med angst behov for å bli utfordra innanfor trygge rammer. Det er difor spesielt viktig at desse lærlingane opplever eit positivt og støttande arbeidsmiljø med gode relasjonar både fagleg og sosialt, der det er lov å gjere feil. For engstelege lærlingar er det viktig å ha ein tillitsfull relasjon til instruktøren for å kunne utfordre eigne grenser.

Korleis kan angst kome til uttrykk hos lærlingar?

  • Fysiske symptom som hjartebank, magesmerter, kvalme, blir raud i ansiktet, skjelving m.m.
  • Søvnproblem som går utover korleis lærlingen er på arbeidsplassen.
  • Unngår vurderingssituasjonar, visse sosiale situasjonar og arbeidsoppgåver.
  • Kan lett bli irritabel og sint.
  • Trekkjer seg unna kollegaer.
  • Tar lite eige initiativ.
  • Går ofte ut av situasjonar, oppheld seg lenge på do osv.
  • Prøver å gjere seg «usynleg» og er stille saman med andre.
  • Viser element av det vi kallar «tryggingsåtferd», som å setje seg nærast utgangen osv.
  • Har stort behov for kontroll og at alt er føreseieleg.
  • Verkar ukonsentrert og uroleg.

Kva kan du som jobbar med lærlingar gjere?

  • Dersom du observerer eller veit at ein lærling er mykje bekymra/ engsteleg, kan du innleie ein samtalen med lærlingen med å seie «Eg ser/forstår at du har det vanskeleg – er det noko som plagar deg no, eller er det noko vi kan snakke om etter arbeidstid?”
  • Prøv å kartlegge korleis angsten artar seg for lærlingen, slik at det blir lettare å setje inn tiltak.
  • Prøv å normalisere gjennom å snakke om angst som ei normal kjensle, og korleis mange lærlingar har det slik i enkelte arbeidssituasjonar.
  • Utfordre negative instruksjonar av typen «dette får eg ikkje til», «dette klarer eg aldri», «dette er ikkje bra nok» osv. med å presentere meir realistiske og konstruktive måtar å tenkje på.
  • Hjelp lærlingen ved å gi hyppige konstruktive tilbakemeldingar og positive forventningar.
  • Gi god informasjon om når og korleis evalueringar blir gjennomførte. Det kan dempe frykt.
  • Planlegg prøvar/fagprøven godt.
  • Rettleie til profesjonell hjelp dersom du/de observerer betydeleg funksjonstap på praksisplassen.

I verktøykassa kan du finne tips til korleis du kan hjelpe ein lærling som opplever eit angstanfall.

Sjølvskading blir definert som skade ein person har påført seg sjølv med vilje, utan intensjon om å døy.

Det er tre gonger så mange jenter som gutar som driv med sjølvskading. Døme på dette kan vere kutting, kloring, å slå seg sjølv, brenning, eller å ta overdose av medisin.

Den som sjølvskadar kan bruke ein eller mange metodar, frå overflatiske småskadar til livstruande skadar. Det er difor ofte vanskeleg å skilje mellom sjølvskading og sjølvmordsforsøk.

På den eine sida kan sjølvskading dreie seg om å meistre overveldande kjensler, som til dømes angst eller at ein er trist. På den andre sida kan sjølvskading ha ein mellommenneskeleg funksjon, som behov for meir støtte rundt seg eller unngå urimelege eller uønskte krav.

Nokre gonger oppstår det situasjonar der det verkar som sjølvskading smittar. Det å høyre om og sjå andre som sjølvskadar kan påverke ungdommar som ønskjer å utforske dette, særleg dersom sjølvskading blir omtala på ein romantiserande måte, og som ei løysing heller enn eit problem. Det er fleire nettstader med sjølvskadeinstruksjon.

Korleis kan sjølvskading kome til uttrykk hos lærlingar?

  • Lærlingen kjem på jobb med uforklarlege sår og rifter, brennemerke, blåmerke og/eller arr.
  • Lærlingen verkar ukonsentrert og uroleg.
  • Lærlingen trekkjer seg tilbake sosialt.
  • Lærebedrifta kan høyre om risikoåtferd utanom arbeid, til dømes høgt forbruk av alkohol eller farleg åtferd i trafikken.

Kva kan du som jobbar med lærlingar gjere?

  • Spør dersom du mistenkjer at ein ungdom sjølvskadar. Hjelp lærlingen til å setje ord på det som er vanskeleg, og ta dei på alvor.
  • Nære relasjonar til føresette, jamaldrande og anna familie, prega av god kommunikasjon, der lærlingen får god hjelp og støtte til å løyse problem, ventilere frustrasjonar og handtere konfliktar, er viktig. Dette vil gi ungdommane sunne meistringsstrategiar når livet er vanskeleg.
  • Snakk med lærlingen for å redusere skuldkjensle, og gi håp om at ein kan få hjelp. Mange ungdommar vil ha ei avvisande haldning til både kontakt og det å ta imot hjelp. Det er viktig å vise at ein toler å bli avvist, prøver på nytt, og held fram å vise at ein ser og bryr seg om lærlingen. Dette vil forsterke relasjonen og gjere at ein lettare kjem i posisjon til å hjelpe.
  • Ungdom som sjølvskadar, skal alltid ha hjelp. Spør om lærlingen er i kontakt med behandlingsapparatet (spesialisthelseteneste eller kommunen sitt helse- og omsorgstilbod). Du kan og ta kontakt med Rettleiingstenesta for bistand.

Innhald:

Korleis kan problematikken kome til uttrykk hos lærlingar?
Kva kan du som jobbar med lærlingar gjere?
Nettsider med meir informasjon

ADHD er ei nevrobiologisk utviklingsforstyrring, kjenneteikna av vanskar med merksemd og konsentrasjon. Med ADHD kan ein vere impulsiv, og/eller ha eit forstyrra aktivitetsnivå.

Ungdom med ADHD har klare symptom over tid som påverkar lærlingen både i bedrifta og heime. Ofte har desse ungdommane tilleggsvanskar, gjerne andre nevroutviklingsforstyrringar eller andre former for lærevanskar. Dei kan òg vere særleg vare for ytre stimuli som synsinntrykk, lydar og berøring.
 
Dei fleste friske ungdommar er urolege eller har vanskar med å konsentrere seg nokre gonger. Det betyr ikkje at dei har konsentrasjonsvanskar eller ADHD.

Det er viktig å vere klar over at symptoma for ADHD også kan vere traumatiske opplevingar eller at lærlingen på annan måte er utsett for noko som påverkar konsentrasjonen. Symptoma endrar seg ofte med alder, eller minkar i vaksen alder.

Mange med ADHD er ofte svært kreative og tør gjerne å tenkje “ut av boksen” eller prøve noko nytt, der andre vegrar seg.

Korleis kan problematikken kome til uttrykk hos lærlingar?

  • Høgt aktivitetsnivå, impulsivitet, uro i hender og føter, må fikle med noko.
  • Klarer ofte ikkje å halde merksemd på detaljar eller det som skjer rundt seg.
  • Gjer uforsiktige feil.
  • Det kan verke som om lærlingen dagdrøymer.
  • Ser ofte ut til å ikkje høyre etter når dei blir snakka til.
  • Har vanskar med å få med seg beskjedar.
  • Har ofte vanskar med å organisere oppgåver eller aktivitetar.
  • Vanskar med å kome i gong med oppgåver, halde merksemda og fullføre til rett tid.
  • Kan ha vanskar med å få med seg rett utstyr til rett tid.
  • Kan ha tilleggsvanskar i form av lærevanskar som lese-, skrive- ,eller matematikkvanskar.
  • Nokon kan ha vanskar med å jobbe raskt og effektivt.
  • Nokon kan ha vanskar med å vente på tur, og avbryt andre i samtalar eller aktivitetar.
  • Nokon kan vere svært snakkesalige, og snakkar raskt.
  • Let seg lett distrahere av ytre stimuli som lydar, eller andre ting som skjer rundt lærlingen.

Kva kan du som jobbar med lærlingar gjere?

  • Gi støtte til unge med ADHD slik at dei kan regulere indre og ytre impulsar og klare å halde oppe konsentrasjon og merksemd.
  • Ha ein god struktur med faste rutinar, og ei føreseieleg organisering av kvardagen.
  • Lag ein tydeleg plan for arbeidsdagen og arbeidsveka. Hjelp lærlingen med dette i starten, målet må vere at lærlingen etter kvart blir meir sjølvstendig og kan skape eigne strategiar for å organisere arbeidsdagen. Dette vil og gjere lærlingen tryggare i møte med uventa hendingar som gjerne oppstår i løpet av ein arbeidsdag.
  • Unngå store mengder med munnleg informasjon på ein gong, og ta ein ekstra sjekk for å sikre at lærlingen har fått med seg beskjeden og/eller forstått arbeidsoppgåva. Gi ein og ein beskjed om gangen.
  • Avtal gjerne med lærlingen om bruk av hjelpemiddel for å betre konsentrasjonen, til dømes støyreduserande øyreproppar, dersom dette eignar seg med tanke på arbeidsoppgåva.
  • Sett av fast tid til å dokumentere mål i dokumentasjonsverktøy, skrive logg og få rettleiing frå instruktør.
  • Bruk ulike verktøy i skrivearbeidet dersom lærlingen strevar med å dokumentere mål. Ta kontakt med rådgjevar RLT eller sjå https://skrivesenteret.no/ videregaende-skole/ for tips til verktøy.
  • Faste oppgåver, rutinar, gode vaner og automatisering av handlingsrekker kan vere positivt i arbeidskvardagen for ungdommar med denne utfordringa.

Nettsider med meir informasjon:

Ulukker, dødsfall og valdtekt er døme på hendingar som kan bli opplevd som traumatiske.

Psykiske traumereaksjonar kjem av overveldande, intense og uforståelege opplevingar som hjernen ikkje klarer å bearbeide på vanleg måte. Dersom reaksjonane er kraftige, varer over tid og går utover funksjonsnivået, kan det vere snakk om posttraumatisk stressliding, PTSD. Mindre alvorlege opplevingar kan også føre til at barn og unge utviklar symptom på PTSD. Dei normale reaksjonane menneske får i møte med noko skremmande går då ikkje over, og kroppen held fram med å oppføre seg som om den er i fare. Når slikt traumatisk stress skjer over tid, som ved omsorgssvikt, mobbing, krig og flukt eller gjentatte overgrep, kan barn og unge få utviklingstraume.

Mange negative erfaringar kombinert med manglande gode erfaringar kan gi diffuse symptom og vanskar med å regulere kjensler og åtferd.

Det kan vere lett å kjenne avmakt ovanfor ungdom med «tung bagasje». Forsking viser at for unge som har opplevd store belastningar, er det å få gjentatt erfaringar med trygge vaksne svært viktig.

Å kjenne seg ivaretatt av instruktørar og kollegaer i læretida kan ha stor betydning for lærlingen sitt vidare arbeids- og vaksenliv.

Korleis kan traumereaksjonar kome til uttrykk hos lærlingar?

  • Lærlingen endrar åtferd eller byrjar prestere dårlegare enn før, utan at det kan forklarast.
  • Lærlingen blir trigga/aktiverer kjensler og åtferda som kan opplevast overdriven og uforståeleg.
  • Lærlingen unngår det som minner om det vonde som har skjedd.

Menneske med traumereaksjonar kan:

  • ha vanskar med å få tillit til instruktørar og kollegaer.
  • vere skvetten og på vakt.
  • vere stressa og ha spenningar i kroppen.
  • ha vanskelege kjensler som tristheit, redsle eller sinne.
  • vere meir sårbare.
  • bli fortare trøytte og slitne i løpet av dagen.
  • ha konsentrasjonsvanskar.

Kva kan du som jobbar med lærlingar gjere?

  • Hjelpe til med å identifisere det som triggar (lukter, lydar, situasjonar) negative emosjonelle reaksjonar hos lærlingen.
  • Legge til rette for at lærlingen kan øve på det som er vanskeleg (i samarbeid med behandlar, dersom lærlingen går til behandling).
  • Informere andre på arbeidsplassen som møter lærlingen (etter samtykke). Det er meir føreseieleg og trygt for lærlingen.
  • Avtale med lærlingen kva vedkommande kan gjere når noko blir vanskeleg, til dømes å gå til ein bestemt stad, få ein kort samtale, høyre på musikk, sitje litt på mobilen eller liknande.
  • Ikkje ta for gitt at lærlingen reagerer på ein vanleg måte i stressande situasjonar, men hjelp til med ytre regulering og støtte.

I verktøykassa kan du finne tips om korleis du kan snakke med ein lærling etter vanskelege hendingar.

Innhald:

Korleis kan problem med mat/eting kome til uttrykk hos lærlingar?
Kva kan du som jobbar med lærlingar gjere?

Det er ein glidande overgang mellom det å vere opptatt av ernæring og helse, og ha eit problematisk forhold til kropp og mat.

Når tankar, kjensler og handlingar om kropp, utsjånad og kosthald går utover livskvalitet og korleis ein fungerer i kvardagen, snakkar vi om ei eteforstyrring.

Vi kan dele eteforstyrringar inn i tre kategoriar:

  • Anoreksi er lågt inntak av mat, gjerne i tillegg til overdriven fysisk aktivitet og påfølgjande stort vekttap.
  • Bulimi er overeting med påfølgjande tiltak for å hindre vektauke som til dømes å kaste opp.
  • Overetingsliding handlar om ukontrollert matinntak anten i form av stort kaloriinntak på kort tid, eller kontinuerleg småeting, utan å kvitte seg med maten i etterkant slik som ved bulimi.

Eteforstyrringane bulimi og anoreksi blir gjerne utvikla i ungdomsalder.

Internett og sosiale media bidreg til auka merksemd på kropp og kroppspress, og eit aukande tal ungdom søker hjelp for eteforstyrringar.

Mange med eteforstyrringar har lågt sjølvbilete og negative tankar om seg sjølv. Eteforstyrringar er ofte ein måte å handtere vanskelege kjensler på, og kan gi ei oppleving av meistring og kontroll. Angst og depresjon kan vere årsak til eller kome som konsekvens av eteforstyrringa.

Ungdom med eteforstyrring vil i dei fleste tilfelle ha behov for behandling.

Korleis kan problem med mat/eting kome til uttrykk hos lærlingar?

Fysiske teikn:

  • Vektendring.
  • Hovudpine, magesmerter, svimmelheit, frys lett.
  • Konsentrasjonsvanskar og er trøytt.

Humør og åtferd:

  • Overdriven trening, eller unngår fysisk aktivitet.
  • Rigide daglege rutinar.
  • Sosial tilbaketrekking og manglande interesser.

Teikn knytt til mat:

  • Overdrive opptatt av mat.
  • Et lite eller overdrive mykje, eventuelt med påfølgande oppkast.
  • Ønskjer å ete for seg sjølv, eller et sakte.
  • Stadig fleire matvarer blir «forbode».
  • Et mykje pastillar, eller drikk store mengder kalorifattig drikke.

Kva kan du som jobbar med lærlingar gjere?

  • Legge til rette for opne samtalar med lærlingar om korleis sosiale media kan påverke kroppsbilete negativt.
  • Ha det hyggeleg saman i lunsjen.
  • Snakk med lærlingen og/eller eventuelt føresette dersom du observerer eller får kjennskap til ting som gjer deg uroleg for at lærlingen kan streve med ei eteforstyrring.
  • Avklar om lærlingen får profesjonell hjelp, og om det er noko samarbeidsorganet eller opplæringsbedrifta treng å vite for å støtte.
  • Dersom lærlingen ikkje får hjelp, kan bedriftshelsetenesta/ helsesjukepleiar/helsestasjon for ungdom gjerne vere første hjelpeinstans.

Det kan og vere nødvendig å informere eventuelle andre lærlingar og kollegaer om situasjonen dersom tilstanden er alvorleg.