Fullføringsmidlar

Fullføringsreforma har som mål at ungdom og vaksne vert kvalifisert til å møte krava i vidare utdanning og arbeidsliv, og at dei kan utvikle kompetansen sin heile livet.

Vestland fylkeskommune ynskjer å auke gjennomføringa, både for ungdom og vaksne som er i eit læreforhold og dei som ventar på læreplass. 

Midlane skal gi søkjarar som står utan læreplass mogelegheit til å teikne lærekontrakt. 

Lærlingar og lærekandidatar som står i fare for å ikkje fullføre vidaregåande opplæring, skal kunne få støtte til å oppnå fagutdanninga si eller delar av ei fagutdanning.

Kva tiltak kan bedrifta søkje midlar til?

  • Utprøving i bedrift
  • Ekstra personalressurs
  • Tiltak som styrkar opplæringa der det er behov for det for å nå læreplanmåla
  • Utvida opplæringstid
  • Overtaking av opplæringsansvar for lærling/lærekandidatar frå andre lærebedrifter
  • Kombinasjon av fleire av desse tiltaka

Kva tildeling kan bedrifta rekne med å få?

  • Inntil 50 000 kr, ved søknad om midlar til utprøving i bedrift.
  • Inntil 75 000 kr, ved søknad om ekstra personalressurs.
  • Inntil 50 000 kr, ved søknad om utvida opplæringstid eller andre tiltak for å nå læreplanmåla.

Der godkjende lærebedrifter overtek opplæringsansvaret frå andre lærebedrifter vil tildelte midlar fylgja kandidaten.

Kva krav stiller fylkeskommunen for tildeling?

  • Plan for oppfylgingstiltak og informasjon om korleis midlane er tenkt nytta skal fylgja søknaden. Det må kome fram kva beløp bedrifta søker om og tidsperioden tiltaka er planlagt gjennomført.
  • Lærebedrifta skal rapportere status til fylkeskommunen innan 3 månader etter perioden det er søkt midlar for. Manglande rapportering kan føre til at fylkeskommunen krev midlane tilbakebetalt.
  • Berre unntaksvis kan bedrifta søkja midlar fleire gonger for same kandidat. Ny søknad føreset i tillegg at det er levert rapport frå fyrste tildeling.
  • Kandidaten må samtykke til at det blir søkt om midlar. 

Det er ikkje eit vilkår at bedrifta har inngått lære-/opplæringskontrakt med kandidaten. 

Fylkeskommunen ønskjer at bedrifta tek kontakt med rettleiingstenesta for dialog før søknaden sendast inn. 

Kven søkjer om midlane?

Det er lærebedrifta som sendar inn søknad.

Når lærekontrakten er med eit opplæringskontor, er det opplæringskontoret som sendar inn søknad, da er det ein tilsett ved opplæringskontoret som skal stå som kontaktperson.

Gjeld søknaden kandidat for utprøving i bedrift er det bedrifta som skal ha kandidaten i utprøving som søkjer. 

Kva frist har bedrifta for søknad?

Ingen. 
Føresetnaden for tildeling er at det er tilgjengelege midlar i ramma. 

Korleis utbetalast midlane ut?

Lærebedrifta sender inn ein elektronisk faktura til Vestland fylkeskommune, når bedrifta har motteke brev om at dei får tildelt midlar.

Dersom det er eit opplæringskontoret som søkjer om midlar er det opplæringskontoret som sendar inn elektronisk faktura og overfører pengane til medlemsbedrifta.