Allereie godkjend lærebedrift

Som lærebedrift er du med på å sikre rekrutteringa av fagarbeidarar i fylket.

Lærebedriftene, samarbeidsorgana (opplæringskontor) og fylket har kvar sine funksjonar, samtidig som dei utfyller kvarandre.

Lærebedriftene er ansvarlege for opplæringa i læretida.

Lærebedrifter som vel å knyte seg til eit samarbeidsorgan for lærebedrifter (opplæringskontor), kan avtale at samarbeidsorganet inngår lærekontrakt og mottar tilskot på vegne av lærebedrifta. 

Eit samarbeidsorgan kan også etter avtale bistå lærebedrifter og fylkeskommune med andre oppgåver, mellom anna å bistå lærebedrifter med gjennomføring av opplæring. 

Fylkesadministrasjonen administrerer lærlingordninga.

Det er innført endring i rutine angåande innmelding til teoriundervisning for lærling med kontrakt etter full opplæring i bedrift.

Alle lærebedrifter og samarbeidsorgan som tar inn lærling med full opplæring i bedrift må bestille teoriundervisning via eige skjema.

Kva fag lærlingen manglar, vil komme fram under tilleggsvilkår på lærekontrakten og under kolonne: Manglande teori i vigobedrift.

Viktig at bestilling av teoriundervisning sendes inn via skjema snarast mogleg. 

På Vigo bedrift kan du som lærebedrift få oversikt over lærlingar, faglege leiarar og oppdaterte satsar for lærlingtilskot.

Rettleiing til bruk av Vigo bedrift

Faglege leiarar må, før dei kan delta på del 2 av obligatorisk opplæring (dagskurs/webinar), ha gjennomført del 1 som er e-læringskurset 

Registrer deg for å ta kurset

Meir om e-læringskurset

Dagskurset/webinaret er del 2 i den obligatoriske opplæringa for faglege leiarar i bedrifter. Kurset må gjennomførast innan eitt år etter godkjenning.

Instruktørar, leiarar i lærebedrifter og lærarar i yrkesfag er også velkomne til å ta e-læringskurset og å melde seg på dagskurset/webinaret.

Målet med kurset er å gjere dei fagansvarlege i lærebedriftene tryggare i rolla som rettleiarar for lærlingar og lærekandidatar.

Del 2 av opplæringa, dagkurs/webinar blir halde av rettleiingstenestene i Vestland fylkeskommune.

Finn kommunen/bydelen der bedrifta di har adresse og trykk på tilhøyrande lenke for å melde deg på del 2. Du vil då bli sendt vidare til påmeldingssida for rettleiingstenesta di.

Har du spørsmål finn du kontaktinformasjon på påmeldingssida.

Kommune/bydel
Til påmeldingssida
Stryn, Stad, Gloppen, Bremanger, Kinn, Sunnfjord, Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund Rettleiingstenesta Vestland Nord
Høyanger, Vik, Sogndal, Luster, Årdal, Lærdal, Aurland, Voss Herad, Vaksdal og Eidfjord Rettleiingstenesta Indre Vestland
Alver, Arna bydel, Austrheim, Fedje, Gulen, Kvam, Masfjorden, Modalen, Osterøy, Samnanger og Åsane bydel Rettleiingstenesta Bergen Nord
Bergenhus, Askøy, Laksevåg, Fyllingsdalen, Øygarden og Årstad Rettleiingstenesta Bergen sentrum-Vest
Fana bydel, Ytrebygda bydel, Bjørnefjorden og Austevoll Rettleiingstenesta Bergen sør
Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio, Tysnes og Ullensvang Rettleiingstenesta Vestland Sør

Lærebedrifta får tilskot frå fylkeskommunen som skal dekke utgifter til opplæring av lærlingen. Beløpet er avhengig av kva type lærling du tar inn.

Les meir om ulike typer tilskot her (Utdanningsdirektoratet)  

Utfyllande informasjon om satsane (Utdanningsdirektoratet)

Ønskjer du ei oppfrisking av korleis elevane jobbar i skulen? Kunne du tenke deg å knytte kontakt med lærarar og dele kunnskap og kompetanse? Då kan hospitering vere det du treng. Vi tilbyr gratis hospitering i skulen for instruktørar og faglege leiarar.

Kva er hospitering?

Opplæringa av fagarbeidarar gjennom lærlingordninga skjer dels i skule og dels i lærebedrifta. Samarbeidet mellom skulen og arbeidslivet er difor avgjerande når ein skal utdanne gode fagarbeidarar. Hospiteringa går over fem dagar samanhengande eller som fem einskilde dagar gjennom skuleåret.

Mål for hospitering:

  • auke kompetansen din i rolla som rettleiar
  • styrke samarbeid skule- arbeidsliv
  • sjå opplæringa i eit 4. årig løp

Stønad til hospitering

Bedrifter kan søkje om å få dekka tapt arbeidsforteneste (til dømes med kr. 15.000 for hospitering i fem dagar) når ein arbeidstakar hospiterer i skule.

Slik søker du om hospitering

Du kan sjølv kontakte skulen der du ønskjer å hospitere. Samarbeidsorgana kan også vere gode samarbeidspartnarar.

Det er leiaren på arbeidsplassen som sender søknad til fylkeskommunen, så ta kontakt med leiaren din dersom du ønskjer å hospitere.

Ved teikning av lærekontrakt:

  • Sjekk om kandidaten ligg som søkjar i Vigo bedrift. Dette gjeld innafor søknadsperioden som startar 1.mars kvart år. Fylkeskommunen opprettar kontrakt.
  • Om ikkje kandidaten ligg som søkjar, kan bedrifta i nokre høve opprette kontrakt sjølv i Vigo bedrift. Ta kontakt med fylkeskommunen om dette ikkje går.
  • Ta kontakt med fylkeskommunen for å avklare kva rett kandidaten har og om all teori er på plass.
  • Alle kontraktar skal signerast digitalt, og ein finn igjen godkjente kontraktar i Vigo bedrift.
  • Bedrifta skal sende kontrakten til fylkeskommunen innan to månader etter oppstart av læretid.
  • Kontrakten gjeld frå den tida opplæringa startar, sjølv om godkjenninga kjem seinare
  • Dato for inngått arbeidsavtale skal vere påført kontrakten.

Fylkeskommunen har ansvar for å dekke utgifter som lærebedrifta har til gjennomføring av ny prøve, dersom kandidaten ikkje består på første forsøk.

Det er berre utgifter til gjennomføring av prøva som dekkast, dette omfattar blant anna leige av prøvestasjon, og utstyr for gjennomføring av prøva.

Fakturainformasjon:

  • Organisasjonsnummer
  • Bankkontonummer
  • Ressursnummer 26503
  • Namn på kandidat og fag
  • Detaljerte kostnadsspesifikasjonar på utgiftene som skal dekkast, for eksempel kopi av faktura for innkjøpt utstyr eller leige av prøvestasjon.

Faktura skal sendast som e-faktura.

E-fakturaadresse: 0192:821311632, aksesspunkt: Visma

Her finn du informasjon om korleis du skal sende faktura til Vestland fylkeskommune: Sende faktura til Vestland - Vestland fylkeskommune