Lærling som ikkje har bestått fag- eller sveineprøva.

Har du som lærling ikkje bestått fag- eller sveineprøven? Då har du rett til meir opplæring.

Retten til meir opplæring gjeld dersom lærekontrakten din er gått ut og du ikkje har bestått fag- eller sveineprøven. Du har også rett til meir opplæring dersom du ikkje har bestått eksamenar som er nødvendige for å kunne gå opp til fag- eller sveineprøven.

Du kan få meir opplæring ved å forlenge lærekontrakten med lærebedrifta di. I nokre tilfelle kan du også få meir opplæring i ei anna lærebedrift, eller som opplæring i skule.

Kor mykje meir opplæring kan eg få?

Kor lenge du kan få meir opplæring, varierer etter behov. For nokre lærlingar er det prøvesituasjonen som har vore utfordrande, medan det for andre handlar om å byggje opp meir kompetanse i faget.

Kva må eg gjere for å få meir opplæring?

Snakk med lærebedrifta di om at du ønskjer meir opplæring. Mange lærebedrifter vel å forlenge lærekontrakten slik at lærlingen kan få meir opplæring i der. Det er viktig å vite at bedrifta ikkje har har plikt til å forlenge lærekontrakten din.

Viss du og bedrifta er einige om å forlenge kontrakten, skal bedrifta fylle ut skjemaet i den grøne boksen på denne sida.

Viss bedrifta di ikkje ønskjer å forlenge kontrakten, kan du melde frå til oss at du ønskjer meir opplæring ved å sende inn skjemaet i den grønne boksen på denne sida.  Ein rådgjevar frå rettleiingstenesta i Vestland vil ta kontakt med deg  for å finne ut korleis meir opplæringa kan organiserast på best mogleg måte.

Må eg ta i mot meir opplæring for å gå opp til ny prøve?

Nei. Du vel sjølv om du vil bruke retten din til meir opplæring. Alle lærlingar som ikkje består fag- eller sveineprøven, har rett på ein ny prøve. Det er lærebedrifta di som skal melde deg opp til ny fagprøve.

Kor mange gonger kan eg ta fag- eller sveineprøve som lærling?

Alle lærlingar som ikkje består fag- eller sveineprøven, har rett på ein ny prøve. Dersom du tek imot meir opplæring, gjeld ikkje avgrensinga om berre ein ny prøve.

Dersom du ikkje har bestått fag- elle sveineprøven, kan du klage. Klagefristen er tre veker.

Du kan klage

  • på karakteren
  • på formelle feil ved gjennomføringa av prøven

Klager på karakter blir behandla av ei sentral klagenemnd som er oppnemnd av Utdanningsdirektoratet.
Klager på formelle feil blir behandla av klagenemnda i fylkeskommune

Skjema for å klage på fag-/sveineprøve eller kompetanseprøve

Saksbehandlingstida for klager på fag-/sveineprøve er 3 til 6 månader. Du må vente til klagen din er avgjort før du kan gå opp til ny fag- eller sveineprøve. 

Du kan få meir opplæring medan du ventar på at klagen blir avgjort.

Gi lærlingen meir opplæring

Nokre lærlingar treng litt meir tid for å nå måla i lærefaget. Dersom lærlingen din ikkje har bestått fag- eller sveineprøven, og sjølv ønskjer meir opplæring, kan de som lærebedrift velje å forlenge lærekontrakten.

Å gi meir opplæring kan vere ei god investering – både for lærlingen og for bedrifta. De får moglegheit til å utvikle ein trygg og kompetent fagarbeidar, og de vil få tilskot for perioden med meir opplæring.

Forlenging av lærekontrakten er frivillig for bedrifta. Dersom de og lærlingen blir einige, fyller de ut skjemaet som ligg på denne sida.

Når bedrifta ikkje kan gi meir opplæring

Dersom de ikkje kan gi lærlingen meir opplæring, kan de likevel sende inn skjemaet. Då gir de beskjed om situasjonen, slik at fylkeskommunen kan følgje opp lærlingen vidare og finne ei god løysing.