Lurt å tenke på før samtalen
For å vere mest mogleg førebudd på rettleiingstimen, kan det vere lurt å tenke gjennom nokre spørsmål på førehand.
- Kva er den viktigaste grunnen til at du vil ha karriererettleiing?
- Kva ønsker du spesielt å få hjelp til?
- Korleis ser ønska dine for framtida ut?
- Kva for andre moglegheiter har du tenkt på?
- Kva trur du skal til for at du skal kunne oppnå det du ønsker?
- Kva er dei største utfordringane dine i med omsyn til framtidig jobbsituasjon slik du ser det?
- Korleis vil du beskrive deg sjølv som person?
- Kva opplever du er viktig for at du skal trivast på ein arbeidsplass?
- Kva likar du godt å gjere når du jobbar og/eller når du har fri?
- Når har du følt trivsel og meistring i skule- eller yrkessamanheng?