Få gratis intervjutrening for jobbintervju

Intervjutrening er ei strukturert øving der du gjennomfører eit simulert jobbintervju i ein trygg og støttande setting.

Gjennom Karriere Vestland kan du få hjelp til å trene deg på å gjennomføre eit jobbintervju. 

Kvar økt varer i 60 minutt og består av tre delar:

  • Innleiing (15 minutt): Vi avklarar forventningar, set rammer for økta, og diskuterer kva du ønskjer å få ut av treninga.
  • Simulert intervju (30 minutt): Vi gjennomfører eit realistisk intervju basert på ein utarbeidd mal, slik at du får praktisk erfaring.
  • Tilbakemelding (15 minutt): Vi gir konstruktiv tilbakemelding, framhevar det som gjekk bra, og gir tips til forbetringar. Vi dekkjer også viktige aspekt ved digitale intervju.

Kvifor bør du gå på intervjutrening?

  • Personleg tilpassa: Vi tilpassar treninga etter dine behov og mål.
  • Praktisk erfaring: Du får øve på å presentere deg sjølv, din faglege bakgrunn, relevant erfaring, og motivasjon for stillinga.
  • Konstruktiv tilbakemelding: Vi gir deg konkrete tilbakemeldingar som hjelper deg å forbetre intervjuteknikkane dine.

For deg som ikkje har norsk som morsmål

Vi tek omsyn til kulturelle forskjellar og forklarar korleis intervju vanlegvis går føre seg i Noreg. Vi snakkar også om reglar i arbeidslivet og kva arbeidsgjevarar ser etter.