Oppfølgingstenesta (OT)
Oppfølgingstenesta (OT) er ein del av Rettleiingstenesta i Vestland fylkeskommune. Vi arbeider for at ungdom som står utanfor vidaregåande opplæring, skal få rettleiing om opplæring, arbeid, aktivitet eller andre kompetansehevande tiltak.
Vi tilbyr karriererettleiing og rettleiing om sosiale og personlege tilhøve.
Er du mellom 15 og 24 år og ikkje har fullført vidaregåande opplæring kan vi hjelpe deg.
OT tar kontakt med ungdom i målgruppa
Oppfølgingstenesta (OT) er eit lovpålagd tilbod (jmf. §9-4 i opplæringslova) og vi skal sørge for at dei som har rett til opplæring ( §5-1 i opplæringslova) og ikkje er i opplæring eller arbeid, får tilbod om vidaregåande opplæring, andre kompetansefremjande tiltak eller arbeid.
Det er utarbeida eit nasjonalt verktøy, VIGO-OT, som fangar opp ungdom som avsluttar eller ikkje startar vidaregåande opplæring. Vi bruker dette systemet til journalføring og oppfølging av ungdom i målgruppa. Vi sender ut brev og SMS for å få kontakt, men ringer også rundt til ungdom der dette er nødvendig.
Vestland fylkeskommune har ca. 18 årsverk som arbeidar med å følgje opp og hjelpe ungdom som fell utafor den vidaregåande opplæringa. Tilbodet er fordelt i heile fylket.
Oppfølging og rettleiing
Ungdom som tilhøyrar målgruppa får tilbod om oppfølgings- og rettleiingssamtalar. I samtalar med ungdom og føresette undersøkjer vi kva som er årsak til bortval av vidaregåande opplæring og andre relevante forhold. Samtalane fokuserer på ungdomane sine moglegheiter og korleis dei kan finne vegen tilbake til opplæring eller arbeid.
I samtalen skal ressursane til ungdomen kartleggast, og det skal gjerast nødvendige avklaringar. I tillegg skal det settast mål for vegen vidare. Ved behov kan også samtalen gjennomførast ilag med samarbeidspartar.
All ungdom i målgruppa skal få tilbod om karriererettleiing og rettleiing om sosiale og personlege forhold.
Målet er at dei som får oppfølging skal bli betre rusta til å meistre eige liv, sjå moglegheiter og kunne ta dei rette vala når det gjeld utdanning og arbeid. I oppfølginga skal det vere fokus på tiltak og aktivitet for den einskilde ungdomen.
OT-tilbod
Vestland fylkeskommune har nokre tiltak som er retta mot ungdommar i målgruppa til OT:
Hyssingen produksjonsskule
Hyssingen produksjonskule ligger i Bergen og har fokus på arbeidsfellesskap og meistring. På Hyssingen får ungdomane arbeidslivsdanning gjennom å styrke fagleg utdanning, personlege eigenskapar og sosial kompetanse. Her fokuserer vi på arbeidsfellesskapet og meistring.
Hyssingen er eit dagtilbod til ungdom med behov for å finne retning og utnytte sitt eige potensiale i eit inkluderande miljø, der opphaldet på Hyssingen blir etter beste evne lagt til rette for den enkelte sine behov og framtidsplanar.
Dette tilbodet kan berre brukast av elevar som bur i nærområdet eller i pendlaravstand.
Les meir om tilbodet til Hyssingen produksjonsskule.
Produksjonsskulen i Hardanger
Hardanger produksjonsskule er eit døgntilbod med internat for ungdommellom 16 og 21 år som står utanfor ordinær opplæring eller arbeid.
Målet er å tilbakeføre dei til anten skule, lære eller arbeid i løpet av inntil eit år ved produksjonsskulen. Ungdomane kan velje mellom fire ulike verkstadar ved Hardanger produksjonsskule.
Les meir om tilbodet til Hardanger produksjonsskule.
Kurs ved hjelp av fullføringsmidlar
Ungdom i målgruppa kan søke om korte kompetansehevande kurs. Dette kan mellom anna vere truckførarkurs, stillaskurs eller liknande.
Kjøp av OT-tiltak kan brukast dersom ungdomen ikkje kan nyttiggjere seg av fylkeskommunale tilbod.
Kurs eller kompetansehevingstiltak skal vere i samsvar med ungdomen sin oppfølgingsplan og ha relevans for framtidig arbeid, skulegang eller læretid.
Nettskulen
Nettskulen har eit tilbod som er laga for ungdom som av ulike grunnar ikkje kan møte fysisk til undervisning, men som ønskjer å fullføre nokre fag. Tilbodet er ikkje avgrensa til dei med somatisk sjukdom.
Undervisninga skjer berre på nett og tilbodet er derfor tilgjengeleg for ungdom uavhengig av kvar dei bur i fylket.
Opplæringa skal ta omsyn til helse og andre personlege tilhøve som kan gjere det utfordrande å delta i opplæring i sanntid.
Nettskulen tilbyr i hovudsak studieførebuande fag på VG1-nivå; engelsk, naturfag, samfunnskunnskap, geografi, norsk vg1 og matematikk 1P. Fleire av desse faga vil også passe for dei som etter kvart vil fullføre etter 23/5-regelen.
Avklaringssamtale og overføringsmøter
Dersom det av ulike årsaker er uro rundt elevar skal det gjennomførast ein avklaringssamtale.
Målet er å førebyggje avbrot i opplæringa og byggje relasjon mellom elev, OT og skule. Ein ønskjer ein konstruktiv arena der ungdom kan få møte og legge fram opplevingane og erfaringane sine.
OT vil bidra ved å sjå på ulike alternativ og moglegheiter som finst for ungdommen. Det skal vere avklaringssamtale dersom eleven avbryt vidaregåande opplæring.
Det er skulen som er ansvarleg for å arrangere og kalle inn til møtet. Deltakarar er elev, skulen v/rådgjevar, kontaktlærar eller andre og OT-rådgjevar. Dersom eleven er under 18 år skal også føresette kallast inn. Skulen vurderer om eksterne partar bør delta på møtet.
OT-rådgjevar kan ved særskilde høve delta på overføringsmøter for å trygge ungdommen i overgangen til vidaregåande opplæring.
Koordinering av tenester og hjelpetiltak
OT skal sikre tverretatleg samarbeid mellom kommunale, fylkeskommunale og statlege instansar som har ansvar for målgruppa. OT skal formidle og samordne dei ulike tilboda til ungdommen.
OT-rådgjevaren skal hjelpe til å samordne dei aktuelle tenestene for ungdom i målgruppa. Dette kan vere NAV, skule, bedrift, vaksenopplæring, karriere Vestland og samarbeidsorgan m.fl.