For deg som har barn i skule

Kva gjer du som er foreldre til eit barn som ikkje trivs på skule? Det må ikkje vere mobbing for at du skal melde i frå. Viss barnet ditt ikkje har det bra, har ho eller han rett på hjelp frå dei vaksne på skulen.

Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring. Skulen skal ha nulltoleranse mot krenking som mobbing, vald, diskriminering og trakassering.

Det må ikkje vere mobbing for at du skal melde i frå. Viss barnet ditt ikkje har det bra, har ho eller han rett på hjelp frå dei vaksne på skulen.

Du finn meir informasjon om dette på www.nullmobbing.no/skole Det er også derfrå mykje av informasjonen på denne sida er henta frå.

Eg kjenner barn og unge sine rettar og kan fortelje deg korleis du skal gå fram om barnet ditt eller eit anna barn ikkje har det bra på skulen eller om klassemiljøet er utrygt.

Eg:

  • svarer på spørsmål om klassemiljø og mobbing
  • svarer på spørsmål om ditt barn sine rettar til eit trygt og godt skulemiljø
  • tar i mot informasjon om ditt barn sine opplevingar
  • gir råd og rettleiing i saker
  • informerer om framgangsmåte ved melding til skulen eller til statsforvaltaren
  • kan hjelpe deg med å melde saken til skule eller statsforvaltaren
  • kan ta kontakt med rektor på skulen for å diskutere saken om de ønskjer det
  • kan i nokre saker stille i møter saman med dykk for å få svar på spørsmål de har
  • gir dykk informasjon om kvar de kan vende dykk om vi ikkje kan hjelpe dykk

All hjelp frå meg er gratis - eg har teieplikt. Du kan vere anonym når du tar kontakt med meg.

Det er ikkje alltid barn fortel om det som skjer på skulen. Spørsmål du kan stille deg:

  • Viser barnet glede over å vere på skulen?
  • Kva fortel barnet heime om skulen?
  • Verkar det som om barnet ditt har vener på skulen?
  • Verkar det som om barnet ditt kjenner seg trygg på skulen?
  • Fortel barnet om leik eller morosame opplevingar?
  • Er dei vaksne på skulen opptekne av korleis barnet ditt har det på skulen?
  • Endringar i åtferd

Det er viktig at du melder frå til skulen dersom du oppdagar at ditt eller andre sitt barn ikkje har det bra.

Du kan melde frå munnleg eller skriftleg. Det kan vere lurt å melde frå skriftleg. Du kan bruke brevmal som du finn nedst på denne sida.

Om eit barn på skulen opplev å bli mobba eller utestengd, må skulen følgje opp dette.

  • Skulen skal ta eleven og deg som føresett på alvor! Det er eleven si oppleving av korleis han/ho har det som betyr noko.
  • Alle tilsette i skulen har plikt til å hjelpe eleven(e).
  • Den du fortel det til skal varsle rektor.
  • Skulen skal undersøkje saka.
  • Skulen skal halde eleven/føresette oppdaterte undervegs om kva dei gjer og kva dei planlegg å gjere. Det er vanleg å bli invitert til eitt eller fleire møte.
  • Etter grundig undersøking skal skulen lage ein aktivitetsplan. Elev og føresette skal få medverke i utforminga planen. Planen skal innehalde dei tiltaka de og skulen meiner vil sørgje for at eleven får det bra på skulen.
  • Skulen skal sette i gong eigna tiltak for at eleven skal få det betre på skulen. Det kan til dømes vere oppfølging av dei som plagar barnet eller opplegg for å betre klassemiljøet.
  • Tiltaka skal bli evaluert. Om tiltaka ikkje hjelper, må skulen sette i gong nye tiltak.

Hugs at skulen skal følgje med på om alle har det bra. Alle som jobbar på skulen skal gripe inn om dei ser eller mistenkjer at nokon blir plaga eller krenka.

Planen skal innehalde:

  • Kva problem ein skal løyse
  • Kva skulen har planlagt
  • Når tiltaka skal gjennomførast
  • Kven som er ansvarleg
  • Når tiltaka skal evaluerast
  • Det må også stå noko om evaluering og korleis skulen skal følgje opp

Dei må også vise korleis dei vurderer kva som er eleven sitt beste. Det bør kome fram korleis barnet har blitt høyrt.

Du kan gi skrifteleg melding til:

  • Rektor ved skulen. Vis til retten til eit trygt og godt skulemiljø etter kapittel   12, § 12-2 i opplæringslova. (Lenger nede på sida finn du forslag til mal du kan bruke)
  • Opplæring-/utdanningsavdelinga i din kommune (for barne- og ungdomsskulen) /fylkeskommune (for vidaregåande) eller styret om du går på privatskule.
  • Har du allereie gitt melding og skulen har fått tid å jobbe med saka (minst ei veke) kan du melde frå til Statsforvaltaren i Vestland.
  • Om du ønskjer rettleiing eller vil drøfte saka, kan du kontakte mobbeombodet.

Nettsider

Her er nokre nettsider som kan vere til hjelp/nokon å snakke med:

Malar du kan bruke:

Guten min vil ikkje på skulen. Kva bør eg gjere?

Ta kontakt med skulen så fort som mogleg. Ufrivillig skulefråvær kan t.d skuldast manglande tilrettelegging eller utrygt skulemiljø. Elevar har rett på tilrettelegging av undervisning og på eit trygt skulemiljø, jf. opplæringslova   kapittel 11 og 12. Statped har god informasjon om tiltak ved skulefråvær for elevar med nevroutviklingsforstyrringar. Du kan også ta kontakt med oss i mobbeombodet om du ynskjer det.

Eg har gitt beskjed til barnehagen/skulen om at barnet mitt ikkje har det bra der. Kva kan eg forvente?  

Både barnehage og skule har ei aktivitetsplikt som seier at ved mistanke om eller kjennskap til at eit barn ikkje har det trygt og godt, så skal den tilsette følgje ekstra godt med, skal gripe inn der den kan og styrar/rektor skal bli varsla. Barnehagen/skulen skal så undersøke og setje inn eigna tiltak.

Her kan du lese meir om aktivitetsplikta i barnehage og skule:

§ 42 Plikt til å sikre at barnehagebarna har et trygt og godt psykososialt barnehagemiljø (aktivitetsplikt)

Mobbing: Informasjon til barn, unge og foreldre om mobbing og rettigheter. 

Når bør eg sende klage til Statsforvaltar?

Viss skulen ikkje gjer noko, ikkje gjer nok eller det skulen gjer ikkje verkar, så kan det vere aktuelt å klage til Statsforvaltar. Rektor må kjenne til korleis du og/eller barnet ditt opplever skulemiljøet. Rektor har fem arbeidsdagar til å komme med tiltak for korleis skulen skal gjere skulemiljøet trygt att. Om du etter desse fem dagane ikkje er trygg på at tiltaka er eigna, eller du ikkje høyrer noko frå skulen, kan du melde frå til Statsforvaltar. Det same gjeld om du føler at du ikkje blir tatt på alvor av skulen. Les meir her

Har barnet mitt rett på heimeundervisning?

Når eleven har langvarig fråvær på grunn av sjukdom, kan kommunen/fylkeskommunen ha plikt til å gi opplæring ein annan stad enn på skolen, for eksempel i elevens heim. Når det blir gitt heimeundervisning på grunn av sjukdom, skal det gjerast enkeltvedtak om spesialundervisning på bakgrunn av sakkunnig vurdering.

Les meir her

Barnet mitt får ikkje god nok tilrettelegging på skulen. Kan mobbeombodet hjelpe oss?

Kontakt skule eller PPT. Her kan du lese meir om tilpassa opplæring i skulen. 

Har skulen lov til å flytte barnet mitt til ein annan klasse pga. mobbing?

Frivillig og tvungen klassebyte kan vere eigna tiltak i skulemiljøsaker. Tvungen klassebyte er eit inngripande tiltak som kan vere aktuelt etter at andre mindre inngripande tiltak er prøvd ut.

Les meir om tiltak her.

Har eg rett til å bytte skule grunna mobbing og utrygt klassemiljø?

Dersom du ynskjer å bytte skule, må du ta kontakt med kommunen som er skuleeigar for dei offentlege grunnskulane. Dersom det er snakk om privatskule, må du ta kontakt med skulen. Du kan lese meir om skulebytte her: 

Barnet mitt er redd for læraren sin. Kva gjer eg? Ta kontakt med skulen så fort som mogleg, med lærar eller ein i leiinga. Alle elevar har rett til å ha det trygt og godt på skulen. Trygg relasjon mellom elev og lærar er ein viktig faktor, som også skulen er oppteken av. Det er skulen sitt ansvar å bygge og ta vare på relasjonar mellom elev og tilsett.

Du kan også ta kontakt med oss i mobbeombodet om du ynskjer det.