Ungdommer sitt på ved eit rekkverke med historiske bygg i bakgrunna.
Foto: Jorid Kristin Skiple/Voss gymnas.

Frankrike

Parlez-vous français? Un peu? Vil du bli kjent med fransk kultur og lære verdas vakraste språk? Eitt år i Normandie gir deg fransk i kvardagen – på skulen, heime og på fritida.

Årstal
2026

Bli med på informasjonsmøte!

Torsdag 30. oktober kl. 18.00 inviterer vi til eit digitalt informasjonsmøte om utveksling i Frankrike. På møte vil du få informasjon om sjølve ordninga, søknad og kostnadar.

Gå til møtet her

Du går på ein av dei fire samarbeidsskulane (lycée) i Caen, Argentan eller Coutances. Her bur du på internat i vekedagane og hos vertsfamilie i helgene – perfekt for språk, vennskap og kultur.

Regionen har ei rik historie, frå Vilhelm Erobraren til D-dagsstrender, og kjente attraksjonar som Mont Saint-Michel og Honfleur. Frå Normandie er Paris berre ein kort togtur unna.

Ser dette spennande ut?

Finn ut meir om korleis du bur, kva fag du kan ta og korleis du søker ved å klikke på lenka. Det er Voss gymnas som koordinerer dette tilbodet.

Les meir her

Lurar du på noko?

Ta kontakt med Jorid Kristin Skiple, internasjonal koordinator på Voss gymnas.

Du søkjer på vigo.no.

Du finn skjemaet (og meir informasjon om tilbodet) på nettsida til dei ulike skulane.

Vi har fire koordinatorskular som har ansvar for kvart sitt land. Dei fire skulane er Voss gymnas (Frankrike), Askøy vgs. (Tyskland), Nordahl Grieg vgs. (Wales) og Kvam vgs. (USA).

Koordinatorskulane står for kontakten med samarbeidsskulane i utlandet og oppfølginga gjennom skuleåret. 

Elevane som er i utlandet er heile tida registrert som elev ved koordinatorskulen og har derfor dei same rettane som elevar som blir i Noreg.

Samarbeidsskulane har også kontaktlærar som har den daglege oppfølginga av elevane, og som dei kan snakke med dersom dei får problem.

Utveksling gir same rettar som andre utdanningsordningar, mellom anna rett til bortebuar – og reisestipend frå Statens Lånekasse. Dette dekker i hovudsak dei fleste utgiftene til kost, losji og heimreiser.

Dei som søker seg til Cardiff, Wales, må rekne med å dekke ein del av bukostnadane og utgifter til visum, ekstra helseforsikring og språktest (visum, forsikring og språktest er krav i samband med Brexit).

Du kan lese meir om dette på Lånekassen si nettside.

Koordinatorskulen hjelper deg med å velje fag som gjer at skuleåret blir godkjent.

I tillegg vil koordinatorskulen gi deg undervisning i norsk. Dette vil anten vere som fjernundervisning eller i form av undervisningsdagar når du kjem tilbake etter skuleåret er slutt.

Du søker deg vidare til Vg3 på vanleg måte før 1. mars på vigo.no.

Du vil som hovudregel få plass ved same skule som du gjekk Vg1, dersom du sjølv ønsker det. Elevar som tar Vg2 heime i Vestland vil ha førerett til inntak ved same skule i Vg3. Det kan derfor hende at det vil bli for mange søkarar i høve til plassar på nokre få skular i bergensområdet.