PC frå Dell
For å kontakte support:
Telefon: +47 671 17 516 (opent heile døgnet) eller du kan gå inn på www.dell.no/support
Der kan du også chatte med Dell sin supportavdeling (kvardagar kl. 8-16).
Hugs at du ved alle henvendingar må ha serienummeret ditt klart. Det finn du under maskina. Det står TAG: XXXXXX eller ST: XXXXXX og inneheld både tal og bokstavar, i alt 7 teikn.
Garanti som følgjer med
Alle kundar med ProSupport Plus blir prioritert hos Dell si supportavdeling.
Begge modellane frå Dell kjem med garantien Pro Support Plus (PSP) som gjeld i tre år. Med denne avtalen får du Dell sin beste support, som inkluderer hjelp med både hardware og software-utfordringar og feil. Supporten er tilgjengeleg døgnet rundt, alle dagar i året.
Skulle noko bli øydelagt på PC-en din, er det viktig at du melder inn feilen med ein gong. Den som melder inn feilen må vere i nærleiken av PC-en, slik at support kan få svar på viktige spørsmål, gjere testar og komme med rett diagnose.
Når ein har funne ut kva feilen er og kva del som eventuelt må byttast, vil ein teknikar komme til avtalt stad, første virkedag, for å utføre reparasjon. Avtalt stad vil normalt vere på skulen din.
Uhellsforsikring
Er du uheldig og til dømes mistar PC-en i golvet slik at skjermen sprekk, eller søler du vatn i maskina, er du med PSP dekka av ei ulykkesforsikring. Denne kan du bruke inntil ein (1) gong per år.
Ved væskesøl ønskjer Dell å ta inn maskina for skikkeleg rens og skifte alle nødvendige delar. Dette kan ta nokre dagar.
Om harddisken ryk og det er nødvendig å bytte denne, vil du som kunde kunne behalde den gamle harddisken.
SupportAssist
PSP kan også automatisk gi deg som brukar informasjon om at noko er gale med harddisken, vifta, minnebrikken eller batteriet. SupportAssist er ei gratis programvare som følgjer med maskina og gir deg informasjon når noko er gale. Denne må installerast og aktiverast.
Dersom du får beskjed av SupportAssist-agenten om at noko er feil, kan du ta kontakt med support og oppgi feilkoden eller fortelle kva SupportAssist agenten har meldt inn. På den måten kan TechSupport lettare forstå feilmeldinga og gi deg raskare hjelp.
PSP er ei global supportteneste, og kan hjelpe deg i store delar av verda. Sjølv om dei fleste reparasjonane skjer på skulen, kan du altså få hjelp om du er på reise i ferien eller utanlands i ein lengre periode.
Kontakt
Treng du hjelp, ta kontakt med Komplett Bedrift på tlf. +47 33 00 51 30 (9–16) eller e-post elevpc@komplettbedrift.no