Mac frå Apple
Apple produktet ditt har 36 mnd garanti og du melder garantisaker ved å kontakte Apple direkte:
Telefon: +47 815 00 158
Sørg for å ha følgjande informasjon tilgjengeleg før du kontaktar Apple:
- Serienummer, produkttype og modell det gjeld. Dette finn du på ordren din under "Min side"
- Beskriving av kva som er feil
Dersom produktet ditt er defekt når du mottar det, må feil meldast direkte til Apple support. Be om å få referansenummer.
Deretter blir det registrert retur via "Min side". Skriv inn referansenummeret i returregistreringa, saman med ein detaljert beskriving av kva som er feil. Dette må du gjere med ein gong du oppdagar feilen og innan14 dagar frå salsdato.
Trygghetsavtale
Vi tilbyr eit alternativ til deg som ønskjer å vere på den skråsikre sida og som har behov for uhellsforsikring på den nye Apple MacBook Air-maskina di. Forsikringa dekkjer nesten alle typer skader, som til dømes væskesøl, støtskader, sprekker og liknande.
Forsikringa gjeld heile døgnet over heile verda, både heime, på reise og under flytting.
Du betalar ingen eigenandel dersom maskina blir skada og du får eit nytt tilsvarande produkt dersom skaden ikkje kan reparerast.
Kjøp av forsikring kan berre skje ved kjøp av ein MacBook Air.
Har du kjøpt Kollektiv Trygghetsavtale og skal melde skade?
Dette må du gjere:
- Meld skaden via denne lenka: Meld skade online
- Fyll ut skademeldingsskjemaet med alle opplysningar og trykk på knappen «Send inn skjema» i botn av skjemaet.
- Du får raskt svar på e-post om det er ei forsikringsskade med rett til erstatning eller ikkje.
- Er det ei skade med rett til erstatning får du ein fraktlapp tilsendt på e-post.
- Pakk inn maskina forsvarleg, print ut fraktlapp og lim på pakken før du sender.
- Dersom maskina kan reparerast vil dette ta nokre dagar før du får den tilbake.
Dersom maskina ikkje kan reparerast vil du få tilsendt ei ny maskin, tilsvarande modell.
Kontakt
Treng du hjelp, ta kontakt på tlf +47 330 05 100 (9-16) eller e-post: elevpc@komplettbedrift.no