SF - Praktisk (P) eksamen
Vestland fylkeskommen sine retningslinjer heng saman med reglane i del V Eksamen i kapittel 9 Individuell vurdering i opplæringsforskrifta.
Før eksamen
Skulen skal gi eleven melding om kva fag eleven er trekt ut i 48 timar før eksamen startar. Laurdag, søndag eller høgtidsdagar skal ikkje telje med i dei 48 timane.
Skulen offentleggjer trekket 48 timar før, og gjer dette tilgjengeleg for elevane gjennom Visma in School. Elevane har ansvar for å skaffe seg den informasjonen dei treng og eventuelt lærestoff/ lærebøker.
Praktisk eksamen har 48 timer førebuing for programfag frå utdanningsprogram for Kunst, design og arkitektur og 24 timar for utdanningsprogram for Medium og kommunikasjon.
Førebuingsdagane er obligatoriske skuledagar. Det betyr at eleven skal ha tilgang til skulen sine lokale, kunne samarbeide med andre og ha tilgang til rettleiing frå ein faglærar. I fag med 48 timar førebuingstid har eleven rett til tilgang på faglærar på ein av dei to førebuingsdagane.
Elevane trekker eller får utlevert eit tema/ei problemstilling. I tillegg kan dei få ei kort forklaring til temaet/problemstillinga, eventuelle tekstar eller kjelder til bruk i førebuingsarbeidet. Dei kan også få utlevert moment som kjenneteiknar eit godt eksamenssvar. Førebuinga skal gjere eleven i stand til å løyse oppgåva på eksamensdagen. Temaet/problemstillinga/oppgåva må vere slik at eleven får høve til å vise både breidde- og djupnekompetanse i faget.
Alle hjelpemiddel er tillatne i førebuingstida
Under eksamen
Sensorane skal lage rammer som gir eleven høve til å vise kompetanse i så stor del av faget som mogleg. Sensorane skal leite etter kompetansen eleven har, ikkje etter det eleven ikkje kan.
Tidsramma for praktisk eksamen er minimum 1 time og inntil 5 timar per elev. Tidsramma er tida eleven står i vurderingssituasjonen.
Sensorane skal vurdere og obeservere elevane heile tida medan dei er i vurderingssituasjonen.
Eksamensforma er praktisk, og eksamen må gjennomførast med vurderingssituasjonar der eleven i stor grad får høve til å vise sin kompetanse i praksis.
Alle hjelpemiddel utan kommunikasjon er tillate på praktisk eksamen. Med kommunikasjon meiner ein her direkte dialog med fysiske personar utanfor eksamenslokalet.
Så langt det er praktisk mogleg skal sensorane ha ein dialog med kandidatane under eksamen.
Sensur
Det skal alltid vere to sensorar, ein av dei skal vere ekstern.
Faglærer skal vere sensor dersom skuleeigar ønsker det.
Gjennom god dialog skal sensorane planlegge den praktiske gjennomføringa av eksamen. Sensor 1 har ansvar for å opprette kontakt med Sensor 2. Sensor 2 har ansvar for å skaffe seg tilstrekkeleg informasjon før eksamen.
Karakteren skal settast på individuelt grunnlag. Når sensorane har diskutert seg fram til karakter, skal eleven få vite karakteren med ein gong.
Dersom sensorene ikke er enige om vurderinga av ein elev, avgjer den eksterne sensoren. Tid nytta til å kome fram til karakter, er ikkje å rekne som del av eksamenstida til eleven.
Det er kompetansen som synest på eksamensdagen som skal vurderast og førebuingsdelen er ikkje ein del av vurderingsgrunnlaget.
Karakteren skal setjast på grunnlag av heile eksaminasjonen og gi uttrykk for kompetansen til eleven slik han kjem fram på eksamensdagen.
Eleven har rett munnleg på grunngjeving.
Etter eksamen
Eleven har rett til å klage på formelle feil som har hatt noko å seie for eksamensresultatet. Til praktisk eksamen er det ikkje høve til å klage på karakteren. Ved spørsmål om klage, har skulen ansvar for å rettleie eleven.
Dersom eleven får medhald i ein klage, blir eksamenskarakteren annullert. Eleven kan velje om ho eller han vil gå opp til ny praktisk eksamen, med ny sensor. Viss eksamenen er trekkfag i vidaregåande, skal faget trekkast på nytt.