YF - Tverrfagleg praktisk (P) eksamen
Vestland fylkeskommen sine retningslinjer heng saman med reglane i del V Eksamen i kapittel 9 Individuell vurdering i opplæringsforskrifta.
Før eksamen
For obligatorisk tverrfagleg praktisk eksamen vert eksamensdatoar tilgjengeleg for elevane på same dag som eksamenstrekket for skriftleg eksamen blir kunngjort. Eksamensdato vert kunngjort i Visma in School.
Praktisk eksamen har 48 timer førebuing. Laurdag, søndag eller høgtidsdagar skal ikkje telje med i dei 48 timane.
Skulen vel korleis dei vil organisere obligatoriske førebuingsdagar. Eleven får utlevert førebuingsdelen på første førebuingsdag. Eleven har rett til ein førebuingsdag med ein faglærar og tilgang til spesialrom og anna relevant utstyr.
Førebuingsdag med faglærar:
Faglærar skal vere tilgjengeleg for eventuelle spørsmål. Skulen skal legge til rette for bruk av spesialrom og relevant utstyr denne dagen.
Førebuingsdag utan faglærar:
Elevane har rett på tilgang på skulen sine lokalar. Skulen avgjer utifrå kapasitet og liknande om elevane skal ha tilgang til spesialrom/utstyr denne dagen.
Faglærar på førebuingsdagen treng ikkje å vere sensor 1.
Alle hjelpemiddel er tillatne i førebuingstida.
Under eksamen
Sensorane skal lage rammer som gir eleven høve til å vise kompetanse i så stor del av faget som mogleg. Sensorane skal leite etter kompetansen eleven har, ikkje etter det eleven ikkje kan.
Tidsrammene for praktisk eksamen er minimum 1 time og inntil 5 timar per kandidat. Tidsramma er tida eleven står i vurderingssituasjonen. Tidsramma på eksamen skal stå spesifisert i eksamensoppgåva.
Sensorane skal vurdere og obeservere elevane heile tida medan dei er i vurderingssituasjonen.
Eksamensforma er praktisk, og eksamen må gjennomførast med vurderingssituasjonar der eleven i stor grad får høve til å vise kompetansen sin i praksis.
Alle hjelpemiddel utan kommunikasjon er tillatne på praktisk eksamen. Med kommunikasjon meiner ein her direkte dialog med fysiske personar utanfor eksamenslokalet.
Så langt det er praktisk mogleg skal sensorane ha ein dialog med kandidatane under eksamen.
Det kan vere aktuelt med meir «munnlege» eller "skriftlege" vurderingssituasjonar, men desse bør normalt knytast opp mot praktiske vurderingssituasjonar. Ein eventuell fagsamtale skal ta utgangspunkt i den praktiske vurderingssituasjonen og normalt ikkje utgjere meir enn enn 1/4 av den totale eksamenstida.
Vurderingssituasjonen kan vere gruppevis eller individuell. Eksamenstida er den samla tida for individuell vurdering av kvar enkelt elev. Til dømes kan gruppevis eller individuell planlegging vere ein vurderingssituasjon, dersom planlegging er ein del av læreplanmåla i faget.
Rammene for kvart fag skal spesifiserast i førebuings- og eksamensdelen av oppgåva.
Faglærar bør på førebuingsdagen drøfte med elevane kva hjelpemiddel som er tenlege/ikkje tenlege å bruke under eksamen.
Sensur
Det skal alltid vere to sensorar, der den eine er ekstern.
Faglærer skal vere sensor dersom skuleeigar ønsker det.
Gjennom god dialog skal sensorane planlegge den praktiske gjennomføringa av eksamen. Sensor 1 har ansvar for å opprette kontakt med Sensor 2. Sensor 2 har ansvar for å skaffe seg tilstrekkeleg informasjon før eksamen.
Karakteren skal settast på individuelt grunnlag. Når sensorane har diskutert seg fram til karakter, skal eleven umiddelbart få vite karakteren.
Dersom sensorene ikke er einige i vurderinga av ein elev, avgjer den eksterne sensoren. Tid nytta til å koma fram til karakter, er ikkje å rekne som ein del av eksamenstida til kandidaten.
Det er kompetansen som synast på eksamensdagen som skal vurderast og førebuingsdelen er ikkje ein del av vurderingsgrunnlaget.
Karakteren skal setjast på grunnlag av heile eksaminasjonen, og gi uttrykk for kompetansen til eleven slik den kjem fram på eksamensdagen. Førebuingsdelen er ikkje ein del av vurderingsgrunnlaget.
Eleven har rett munnleg på grunngjeving.
Etter eksamen
Eleven har rett til å klage på formelle feil som har hatt noko å seie for eksamensresultatet. Til tverrfagleg-praktisk eksamen er det ikkje høve til å klage på karakteren. Ved spørsmål om klage, har skulen ansvar for å rettleie eleven.
Dersom eleven får medhald i ein klage, blir eksamenskarakteren annullert. Eleven kan velje om ho eller han vil gå opp til ny tverrfagleg-praktisk eksamen, med ny sensor.