Munnleg (M) eksamen
Vestland fylkeskommen sine retningslinjer heng saman med reglane i del V Eksamen i kapittel 9 Individuell vurdering i opplæringsforskrifta.
Før eksamen
Skulen skal gi elevane melding om kva fag dei er trekte ut i 48 timar før eksamen startar. Heilagdagar eller høgtidsdagar skal ikkje telje med i dei 48 timane.
Skulen offentleggjer trekket 48 timar før, og gjer dette tilgjengeleg for elevane gjennom Visma in School. Elevane har ansvar for å skaffe seg informasjonen dei treng og eventuelt lærestoff/ lærebøker.
Eksamen skal ikkje vere på måndagar eller første dag etter offentlege heilagdagar eller høgtidsdagar.
Munnleg eksamen har 24 timar førebuing. Førebuingsdagen er ein obligatorisk skuledag. Det betyr at elevane skal ha tilgang til skulen sine lokale, kunne samarbeide med andre og ha tilgang til rettleiing frå ein faglærar.
Elevane trekker eller får utlevert eit tema/ei problemstilling. I tillegg kan dei få ei kort forklaring til temaet/problemstillinga, eventuelle tekstar eller kjelder til bruk i førebuingsarbeidet. Dei kan også få utlevert moment som kjenneteiknar eit godt eksamenssvar. Temaet/problemstillinga/oppgåva må vere slik at eleven får høve til å vise både breidde- og djupnekompetanse i faget.
Med utgangspunkt i teamet kan eleven førebu ein presentasjon eller eit anna type framlegg. Dette kan til dømes vere ein eigenprodusert filmsnutt, faglege refleksjon rundt ein eller fleire tekstar, podkast eller liknande. Eleven kan også velje at eksamen startar med fagsamtale om temaet.
Alle hjelpemiddel er tillatne i førebuingstida
Lyttemateriell i engelsk og framandspråk
Dersom sensorane ønskjer å bruke lyttemateriell må dette vere inkludert i tida som blir brukt til å vurdere eleven.
Under eksamen
Eksamen kan vare inntil 30 minutt for kvar elev.
Eksamen kan starte med det eleven har gjort i førebuingstida. Eleven vel sjølv korleis dette arbeidet skal presenterast. Dette kan ta inntil 1/3 av den totale eksamenstida.
Sensorane skal stille spørsmål som gir eleven høve til å vise kompetanse i så stor del av faget som mogleg. Sensorane skal leite etter kompetansen eleven har, ikkje etter det eleven ikkje kan.
Alle hjelpemiddel utan kommunikasjon er tillate på munnleg eksamen.
Under sjølve eksamen kan kandidaten ta med seg notat, uavhengig av format, frå førebuingsdelen. Også bilete, grafar, lovverk og anna som kandidaten har vald ut for å vise kompetansen, kan reknast som notat.
Direkte opplesing frå notat, momentliste eller lysbilete-presentasjon er lite egna til å vise kompetanse i faget.
Sensur
Det skal alltid vere to sensorar, den eine skal vere ekstern.
Faglærer skal vere sensor dersom skuleigar ønsker det.
Gjennom god dialog skal sensorane planlegge den praktiske gjennomføringa av eksamen. Sensor 1 har ansvar for å opprette kontakt med Sensor 2. Sensor 2 har ansvar for å skaffe seg tilstrekkeleg informasjon før eksamen.
Karakteren skal settast på individuelt grunnlag. Når sensorane har diskutert seg fram til karakter, skal eleven få vite karakteren med ein gong.
Dersom sensorene ikkje er einige i vurderinga av ein elev, avgjer den eksterne sensoren. Tid som er nytta til å kome fram til karakter, kjem i tillegg eksamenstida.
Det er kompetansen som synest på eksamensdagen som skal vurderast og førebuingsdelen er ikkje ein del av vurderingsgrunnlaget.
Karakteren skal setjast på grunnlag av heile eksaminasjonen, og gi uttrykk for kompetansen til eleven slik den kjem fram på eksamensdagen.
Eleven har rett munnleg på grunngjeving.
Etter eksamen
Eleven har rett til å klage på formelle feil som har hatt noko å seie for eksamensresultatet. Til munnleg eksamen er det ikkje høve til å klage på karakteren. Ved spørsmål om klage, har skulen ansvar for å rettleie eleven.
Dersom eleven får medhald i ein klage, blir eksamenskarakteren annullert. Eleven kan velje om ho eller han vil gå opp til ny munnleg eksamen, med ny sensor. Viss eksamenen er trekkfag i vidaregåande, skal faget trekkast på nytt.