Tillegg for Idrettsfag
Tillegg i lokale retningslinjer for felles programfag i idrettsfag.
Aktivitetslære 2 og 3
Generelt:
- Kandidaten trekk oppgåve/tema 24 timar før eksamensstart.
- Vurderingssituasjon: inntil 30 minutt praktisk del og inntil 15 minutt munnleg eksaminasjon knytt til praktiske del, oppgåve gitt på førehand og andre kompetansemål.
Om oppgåva:
Kandidaten trekk mellom anten:
1) ei oppgåve som skal fokusere på dugleik og målretta trening i to idrettar frå kjerneelement idrettar.
eller
2) ei oppgåve som skal fokusere på dugleik og målretta trening i ein idrett frå kjerneelement idrettar, samt ei oppgåve frå eit av dei andre kjerneelementa.
Treningsleiing 2
Generelt:
- Kandidaten trekk oppgåve/tema 24 timar før eksamensstart.
- Vurderingssituasjon: inntil 30 minutt praktisk del og inntil 15 minuttar munnleg eksaminasjon knytt til praktiske del, oppgåve gitt på førehand og andre kompetansemål.
Om oppgåva:
- Eleven skal legge fram skriftleg plan for gjennomføring av den praktiske gjennomføringa i to eksemplar.
- Elevane trekk mellom oppgåver som er knytt opp mot anten:
1) planlegge, leie og vurdere trening som fører til utvikling av dugleik i ein vald idrettsaktivitet*,
eller
2) planlegge, leie og vurdere aktivitetar for grupper og enkeltpersonar med ulike føresetnader i ein vald idrettsaktivitet*
*vald idrettsaktivietet = aktivitet i eit gjennomførbart miljø, definert av sensor 1.
Toppidrett 1, 2 og 3
Generelt:
- Kandidaten trekk oppgåve/tema 24 timar før eksamensstart.
- Vurderingssituasjon: inntil 30 minutt praktisk del og inntil 15 minuttar munnleg eksaminasjon knytt til praktiske del og andre kompetansemål.
Om oppgåva:
Kandidaten skal vise praktisk dugleik i spesialidretten sin. Trekt oppgåve skal knyttast til kompetansemål.
Breiddeidrett 1, 2 og 3
Generelt:
- Kandidaten trekk oppgåve/tema 24 timar før eksamensstart.
- Vurderingssituasjon: inntil 30 minutt praktisk del og inntil 15 minuttar munnleg eksaminasjon knytt til praktiske del og andre kompetansemål.
Om oppgåva:
Elevane trekk mellom fleire ulike aktivitetar for å vise dugleik i meir enn ein aktivitet, samt dugleik i kompetansemål knytt til basistrening.